Antonio Toninelli, Italia i mål som vinnar på fjelltoppen Hochfelln 1674 moh. etter å ha sprunge opp den 8,9 km lange særs varierte motbakkeløypa med 1074 m stigning på tida 42:58 (Løyperekorden på 40:35 er frå 2002 og tilhøyrer Jonathan Wyatt, New Zealand som bl. a. er 7 x verdsmeistar i Mountain Running) Foto: Anne Jenny Dvergsdal som har teke alle foto som ikkje er påført fotograf)
Antonio Toninelli, Italia i mål som vinnar på fjelltoppen Hochfelln 1674 moh. etter å ha sprunge opp den 8,9 km lange særs varierte motbakkeløypa med 1074 m stigning på tida 42:58 (Løyperekorden på 40:35 er frå 2002 og tilhøyrer Jonathan Wyatt, New Zealand som bl. a. er 7 x verdsmeistar i Mountain Running) Foto: Anne Jenny Dvergsdal som har teke alle foto som ikkje er påført fotograf)

Rapport frå WMRA World Cup i Mountain Running i Tyskland

24. september deltok Kondis' utsendte i motbakkeløp-klassikeren Hochfelln Berglauf i Tyskland som vart arrangert for 44. gong og det gav meirsmak. I morgon deltek to norske toppløparar for fyrste gong i finaleløpet i World Cup i mountainrunning.

Publisert Sist oppdatert

Flott utsyn i alle retningar frå målområdet. Bygningen i midten er toppstasjonen for gondolbana Hochfellnbahn som deltakarane tok ned igjen til startområdet og premieutdeling i landsbyen Bergen im Chiemgau.

WMRA World Mountain Running Association har etterlyst norsk deltaking i World Cupen i mountainrunning, men NFIF har kun støtta deltaking i EM og VM i Mountain Running og kun den greina som heiter Mountain Running Uphill dvs motbakkeløp som blir arrangert anna kvart år. Norge deltek heller ikkje i EM og VM i Mountain Running Up and Down som blir arrangert anna kvart år.

Når det gjeld dei løpa som inngår i World Cup så er dette åpne løp som alle kan delta i, tilsvarande då La Sportiva Skåla Opp i Loen arrangerte World Cup ( Grand Prix) i 2009. I år reiser for fyrste gong to norske toppløparar på eige initiativ og for eiga rekning til finaleløpet i World Cup som er Smarna Gora International Mountain Race i Slovenia. Det er årets norske komet Karoline Holsen Kyte, Førde IL (nr 4 i EM motbakkeløp i år og m.a vinnar av Skåla Opp) og Johan Bugge, Eidsvåg IL ( Europameistar i motbakkeløp 2015). Meir om dette på slutten av artikkelen.

No skal vi ha fokus på Hochfelln Berglauf, det nest siste av dei 7 løpa i årets World Cup.

640_Nr1 Dame_Andrea Mayr_Foto Anne Jenny Dvergsdal.jpg

Andrea Mayr, Østerrike vann Hochfelln Berglauf for 8. gong suvernt på 47:32,8, kun 4,6 sek. bak sin eigen løyperekord frå 2008. Andrea er både EM- og VM-vinnar i mountain running

640_Nr2AntonPalzer.Foto Anne Jenny Dvergsdal.jpg

Anton Palzer, Tyskland nr. 2

640_Nr2 Dame_Foto_Christian Prestegård.jpg

Sarah Kistner, Tyskland junior-verdsmeistar i mountainrunning 2016 kan juble for 2. plass bak suverene Andrea Mayr.

640_Nr 3 Mann Alex Baldaccini_Foto Anne Jenny Dvergsdal.jpg

Alex Baldaccini, Italia nr 3

640_Nr 3 Dame_Michelle Maier_foto Anne Jenny Dvergsdal.jpg

Michelle Maier, TysklandNr 3

640_Topp10Damer.jpg

Topp 10 damer:

640_Topp6Damer.red.FotoChrPr.jpg.jpg

6 beste damer. Foto Christian Prestegård

Fullstendig resultatliste

640_Topp20Menn.jpg

Topp 20 menn:

640_topp10menn.red.FotoChrPr.jpg (2).jpg

10 beste menn. Foto Christian Prestegård

640_Helmut Reitmeier_Foto Anne Jenny Dvergsdal.jpg

Helmut Reitmeir (73 år) Tyskland, vann 70-års-klassa på 1:11:43. Helmut har delteke 14 gonger i Hochfelln Berglauf og har 10 klassesigrar. Pers 50:46 frå 1989. Helmut han har tre VM-gull I motbakkeløp for veteraner. Han har delteke to gonger i Skåla Opp i Loen med ein 1. plass og 2. plass i si klasse. Helmut har imponerande 8 klassesigrar i Jungfrau Marathon.

640_Christian i bratt innspurt. Foto Anne Jenny Dvergsdal.jpg

Innspurten var rett opp! Her er det bratt og sleipt, men med gode fjelløpssko fekk eg nok fråspark til å kunne legg inn ein sluttspurt på denne flotte "studieturen" opp gjennom den klassiske Hochfelln Berglauf-løypa.

640_Ulltepper til alle_Foto Anne Jenny Dvergsdal.jpg.jpg

Ulltepper til alle etter målpassering og etterkvart vart det reine toga-partyet

640_Stort_Kakebord.jpg

Makan til velsmakande kakebord etter eit løp har eg aldri opplevd. Her ser de forklaringa på at eg gjekk opp i vekt etter løpet.

640_JonathanWyatt_FotoAJD.jpg

Jonathan Wyatt som no er 45 år har vunne Hochfelln Berglauf 8 gonger og har løyperekorden i denne klassikaren frå 2002 med 40:34,9. I år kom Jonathan i mål omlag 7 min bak sin eigen løyperekord som nr 14. I år vart Jonathan vald til ny president i WMRA (World Mountain Running Association) på WMRA-kongressen i Premana i Italia 29. juli. Få om ingen kjenner sporten Mountain Running bedre enn Jonathan.

Mange med meg vil nok hevde at Jonathan er den beste fjelløparen i historia med sine 7 VM-gull i mountain running. Han har utallige løyperekordar verda rundt og har vore i verdstoppen samanhengande i nesten 2 ti-år.

HER kan dulese kva Wyatt skriv om HochFelln Berglauf på websida WMRA.CH . Meir info på www.hochfellnberglauf.de

640_Tomo_Chr_Jonathan_FotoAJD.jpg

Triveleg å treffe igjen både Tomo Sarf (til venstre) og den nyvalde WMRA Presidenten Jonathan Wyatt. Tomo er generalsekretær i WMRA og i morgon er han også arrangør av finaleløpet i World World Cup Mountain Running som er Smarna Gora International Mountain Race i Slovenia.

Oversikt over dei 7 løpa i WORLD CUP Mountain Running 2017:

1. 28 Mai: 12th Bolognano-Velo Int. Mountain Race Arco (Italia)

2. 4 Juni: 33rd Int. Muttersberglauf Bludenz (Østerrike)

3. 11 Juni: 37th La Montée du Grand Ballon Willer sur Thur (Frankrike)

4. 30 Juli: 33th World MR Championships (uphill & down-hill) Premana (Italia)

5. 27 Aug: 29th Memorial Partigiani Stellina Susa (Italia)

6. 24 Sept: 44th Hochfelln-Berglauf Bergen im Chiemgau (Tyskland)

7. 7 Okt: 38th Smarna Gora Int. Mountain Race Ljubljana (Slovenia)

Les kva WMRA-President Wyatt skriv om Smarna Gora Int. Mountain Race og dei to norske deltakarane Karoline Holsen Kyte og Johan Bugge på sida tilWMRA

Karoline og Johan er ikkje med i finaleløpet for å få ei plassering i verdscupen. Då måtte dei ha delteke i minst eit løp før finalen. Dei er med for å få ein ny erfaring med løp som både har bratte motbakkar og lange unnabakkar, og ikkje minst for å bidra til at fleire frå Noreg i framtida vil bli med i World Cup. Det er det Tomo og Jonathan i WMRA håpar vil skje.

Poengstillinga blant dei beste før siste løpet er:

Powered by Labrador CMS