640_Øyvind i mål. Foto Marianne Hoff.jpg

Øyvind Heiberg Sundby er kongen av Raudmelen 972moh. Motbakkeløpet Balestrand Opp er arrangert 4 gonger. Øyvind har delteke i 3 av dei og vunne alle på desse tidene 40:35 (2018), 42:03 (2017) og 41:55 (2016).Tidene er ikkje heilt samanlignbare pga. nokre endringar i løypa både når det gjeld lengde (omlag 300 m lengre i 2016) og store utbedringar/omleggingar i siste delen av løypa med hellelegging og nye steintrapper.   Foto Marianne Hoff.

640_Nr1og2_ØyvindogAsbjørn.Foto Chr Prestegård.jpg

Premiepallen i herreklassa med Øyvind Heiberg Sundby og Asbjørn Slagtern Fjellvåg, Oslostudentenes IK som nr. 1 og 2. Geir Steig, Luster IL på 3. plass kunne ikkje møte på premieutdelinga. Det vart ein klar siger til Øyvind. Ned til treningskameraten Asbjørn Slagtern Fjellvåg på 2. plass var det 2 min og 37 sek, medan Geir Steig på 3. plass var kun 9 sek. bak Asbjørn. Øyvind som m.a. har vunne NM i motbakkeløp to gonger  for 7-8-år sidan har dei siste åra satsa mest på sykling, men har det siste året vist at han har halde motbakkeløpinga godt ved like. Asbjørn på 2. plass har sykling og langrenn hovudidrettar og viser at dei er ein flott kombinasjon med motbakkeløp. I 2017 vann Asbjørn m.a. Birkebeinertrippelen. Foto: Christian Prestegård

Topp 15 menn:640_Topp15menn.jpg

Topp 15 Kvinner:640_Topp15damer.jpg

Sjå fullstendig resultatliste på Balestrandopp.no

640_Nr2og3 dame.FotoChrPrestegård.jpg

Den suverne vinnaren av dameklassa, Stine Mari Taule, Gular, kunne ikkje møte på premieutdelinga, men det gjorde nr. 2 Anne Bekkhus, Vik IL (til venstre) og nr. 3 Stine Voll Aasen, Førde. Vinnartida til Taule på 54:10 er 4 min 46 sek. bak løyperekorden til Anita Håkenstad Evertsen, Øystre Slidre, frå 2015. Foto: Christian Prestegård

Til venstre på bildet ser vi Motbakkebilen til bilforretninga Berge & Co som var premie til ein heldig vinnar som vart trekt ut blant deltakarar i dei tre motbakkeløpa La Sportiva Skåla Opp, Førde Opp og Balestrand Opp. Vinnaren måtte være frå Sogn og Fjordane. Under premieutdelinga på kaia i Balestrand kunne Tom Farsund kunngjere at den heldige vinnaren var 51-åringen Even Inge Nesje frå Stryn Energi som deltok i La Sportiva Skåla Opp. Nesje var påmeldt med det klingande klubbnamnet Stryn Ping Pong Club og er også medlem i Markane IL. Det må presiserast at Nesje ikkje får bilen til odel og eige, men til fri disposisjon i eit år.

960_Anna Tråve_Stemningsbilde frå premieutdelinga.Foto Christian Prestegård.jpgStemningsbilde frå premieutdelinga med Anna Margrethe Tråve, Lærdal IL, i front. Tråve vann klasse K60 og vart nr 7 av alle kvinner. Foto Christian Prestegård

Dessverre har Kondis.no ikkje fått tilgang til løpebilder av dei beste deltakarane ettersom Kondis' utsendte sjølv deltok i konkurranseklassa og kom i mål etter at dei beste var i mål. Det nærmaste eg kjem er eit foto som vinnaren Øyvind Heiberg Sundby tok av meg og far sin løpsleiaren Trond Sundby i steintrappene like før mål. Trond som bur like ved starten på BalestrandOpp-løypa tek sine daglege treningsturar i løypa og er ikkje lett å springe i frå...

960_TrondogChr_Før mål. Foto Øyvind Heiberg Sundby.jpg

Både fotoet ovanfor og nedanfor frå mål får også illustrere at værforholda med regn og sludd ikkje la nokon dempar på stemninga. Sjølv fekk eg ei flott løpsoppleving spesielt over dei omfattande utbedringane av løypa med hellelegging og steintrapper som har vore gjort etter at eg var gjennom løypa i 2014. Etter store nedbørsmengder den siste tida ville det vore en særs tøff tur over myrane dersom dei ikkje hadde vore hellelagde på dugnad med 17 tonn heller. Det same kan seiast om dei bratte bakkane mot toppen der Sherpaer har bygd imponerande steintrapper som på bildet. 

960_Håvard_Trond_ogKondis_utsendte.Foto Marianne Hoff.jpg

Etter mål-passering var dei klissblaute deltakarane glade for å kunne gå inn i den nye varme hytta i bakgrunnen for å skifte på seg varmt tørt tøy. Denne dagen var alle glade for at ein må springe med sekk på 2kg med varmt tøy i motbakkeløp. Frå venstre Håvard Fuglesteg, IL Fanaråk, Løpsleiar Trond Sundby og Kondis's utsendte til høgre.. Foto: Marianne Hoff

For mer info om løpet sjå Balestrandopp.no