Det mest spesielle med motbakkeløpet Vidasete Opp i Feios er startarenaen Lunde, - ein høgdegard i Feios som ligg 400 moh. På denne garden der det også er premieutdeling har arrangøren klart å skape ei unik stemning rundt arrangementet. Då eg vart transportert i bil dei 400 høgdemetrane frå Sognefjorden og opp til starten på Lunde, tenkte eg "Kvifor starta dei ikkje løpet nede ved fjorden". Det spørsmålet stilte eg ikkje etter å fått oppleve ei "rocka" stemningsfull premieutdeling leia av speaker Halvor Flatland.
      

640_Joel Dyrhovden_fotoÅseGrindedal.jpgFoto Åse Grindedal. Joel Dyrhovden, Samnanger IL, kan juble på Vidasetehovden 1227moh etter ein klar siger på tida 34:07 over 3 min raskare enn nr. 2. Joel kom direkte frå motbakkeløpet Vetenløpet dagen før, der han vart nr. 2 bak Thorbjørn Th Ludvigsen, som har løyperekorden i Vidasete Opp.    

640_Pallenherrer_FotoChrPR.jpg

Foto Christan Prestegård. Dei tre raskaste i herreklassa: Frå venstre nr. 2 Joar Turvoll, Vik (37:18). I midten vinnaren Joel Dyrhovden, Samnanger (34:07) og til høgre Leif Bjørn Grindedal, Bjørgum IL (37:24), som kjem frå Feios.

640_Therese_MotMål_FotoÅseGrindedal.jpgFoto Åse Grindedal. Therese Sjursen, Bergen Løpeklubb vann Vidasete Opp i år som ho også gjorde i fjor då ho sette ny løyperekord på 40:28. I år vart vinnartida 41:23, dvs 55 sekundar bak løyperekorden. Etter løpet var det mange som kommenterte at nedbøren hadde gjort løypa sleip, medan det i fjor var turt og varmt.

Også løyperekoden i herreklassa vart sett i fjor på 31:42 av Thorbjørn Thorsen Ludvigsen, Bergen Løpeklubb (2015). Dvs at Joel Dyrhovden i år var 2 min og 25 sek bak rekordtida til Thorbjørn.
 

640_PremieutdelingPall_damer_FotoArrangør.jpg.jpgDei tre raskaste damene: Frå venstre nr. 2 Anita Håkenstad Evertsen, Øystre Slidre IL (42:22). I midten vinnaren Therese Sjursen, Bergen Løpeklubb (41:23) og til høgre Marit Vala, Rustad IL (43:26). Det var stor skilnad i alder på pallen mellom 48-åringen Anita og Marit i klasse 18-19 år.

Fullstendig resultatliste
 

640_Anita.FotoÅseGrindedal.jpgFoto Åse Grindedal. Tidlegare europameistar i motbakkeløp (2007) og verdsmeistar i langdistansefjelløp (2008) Anita Håkenstad Evertsen, som no er blitt 48 år, held framleis høgt nivå etter mange år med mykje skadar. I Vidasete Opp var ho 59 sekundar bak vinnaren Therese. Det skal bli spennande å følgje Anita i dei to favorittløpa hennar, Fanaråken Opp 6. august og La Sportiva Skåla Opp 13. august. Anita har framleis løyperekorden i begge dei to løpa

640_MaritVala_Damenr3_FotoÅseGrindedal.jpgFoto Åse Grindedal. Nr. 3 i dameklassa Marit Vala. Rustad IL

640_nr2herre.JoarTurvoll.fotoÅseGrindedal.jpgFoto Åse Grindedal. Nr. 2 i herreklassa, Joar Turvoll, Vik, mot mål. Rett bak ser vi Leif Bjørn Grindedal som kom i mål 17 sekundar bak Joar.

640_PerOve_Foto_Walaker.jpgFoto Heidi Døsen. Per Ove Walaker, IL Fanaråk, vann kl. M40-49 år på 38:45 og vart nr. 5 totalt. Per Ove deltok i spissen for heile 8 deltakarar frå IL Fanaråk, klubben som også arrangerer motbakkeløpet Fanaråken Opp som i år blir arrangert 6. august.

640_Team_IL_Fanaråk_FotoChrPrestegård.jpg

Foto Christian Prestegård. Dei tre deltakarane frå IL Fanaråk som kom på pallen i sine respektive aldersklassar; frå venstre Per Ove Walaker (nr. 1 i M40-49), Jan Øyvind Bolstad (nr. 2 i M40-49) og Håvard Fuglesteg (nr. 3 i M30-39)

640_Stemningsbilde_Lunde_FotoChrPR.jpgFoto Christian Prestegård. Stemningsbilde like før premieutdelinga skal ta til

640_StemningPremieutdeling.FotoCHRPR.jpg

Foto Christian Prestegård. Stemningsbilde frå premieutdelinga leia av Halvor Flatland, ein dyktig og engasjert speaker som de ser i brun jakke oppe til venstre i bildet, og nedanfor er han i full sving med å intervjue Joel Dyrhovden.

640_IntervjuJoel_FotoChrPR.jpg

Foto Christian Prestegård. I 2005 deltok Joel Dyrhovden i sitt fyrste motbakkeløp i Fanaråken Opp som 16-åring. Deretter vann han tre strake junior-NM i motbakkeløp og brukte motbakkeløp som trening til si satsing på langrenn. No har Joel lagt langrennskia "på hylla"  for å prioritere motbakkeløp. Då kan vi nok sjå fram til meir Joel-jubel på toppen av mange motbakkeløp/fjelltoppar framover.  

640_BirgerNr1M70_73år.FotoChrPR.jpgFoto Christian Prestegård. Kondis.nos utsendte avrundar denne bildereportasjen med den eldste deltakaren i konkurranseklassa, 73-åringen Birger Normann Hanstveit, Mjøsdalen IL, som vann kl 70år+ på den imponerande tida 54:48. Det høyrer med til historia at Birger dagen før sprang motbakkeløpet Vetenløpet.

For oss som er passert 60 år er Birger Normann Hanstveit inspirasjon til å halde fram med trening også i høg alder, men vi må ta hensyn til skader. Det gjorde ikkje eg då eg stilte opp som medløpande journalist i konkurranseklassa etter å ha vore skada i ein månad med lyskestrekk og utan konkurranse- og kvalitetstrening på fire veker. Det tok ikkje mange minuttane før lyskestrekken fekk seg ein ny smell i den sleipe løypa. Då burde eg ha stogga, men eg måtte jo til topps ettersom eg har sagt at alle, inkludert  kondis.no-journalistar som skal skrive om eit motbakkeløp, må springe/gå igjennom løypa for å forstå kva "det handlar om".

Eg kom meg opp i gå-fart og på slutten høyrde eg heiarop på Birger og trudde at det var han som hadde sett inn ein sluttspurt for å slå meg, men det var ei dame som fekk meg til å spurte dei siste 20 metrane.  Birger kom 24 sekundar bak. Det var berre så vidt eg klarde å kome meg ned att.

Takk til arrangøren ved Åse Grindedal for både bilder og biltransport ned slik at eg rakk premieutdelinga, den vart eit høgdepunkt.  Neste gong eg kjem til Feios skal eg vere skadefri.