Sigurd Ruud Skjeseth (til venstre), Marius Vedvik (midten) og Per Svela kunne alle glede seg over ny 5000 m pers. (Foto: Eirik Røe)
Sigurd Ruud Skjeseth (til venstre), Marius Vedvik (midten) og Per Svela kunne alle glede seg over ny 5000 m pers. (Foto: Eirik Røe)

Storløp og kjempepersar på 5000 m av Vedvik, Svela og Skjeseth

I IFAM-stemnet i Belgia 25. mai kom det eit norsk perseskred på 5000 m. Marius Vedvik sprengte 13.30-grensa for første gong, og Per Svela og Sigurd Ruud Skjeseth følgde fint opp. Henrik Ingebrigtsen og Ferdinand Kvan Edman var i sving på 1500 m, og Luca Thompson sneik seg under 1.50 på 800 m.

Publisert Sist oppdatert

Nesten fire år sia sist han persa på 5000 m tok Marius Vedvik eit jafs på heile 16 sekund da han no sprang på 13.29,46. Tida heldt til ein sjetteplass i A-heatet, og det var berre 3 sekund fram til vinnaren, Abe Gashahun frå Etiopia.

- Eg har hatt tre sesongar på rad utan pers på 5000 m, så det var ekstremt deilig å perse no, fortel Marius Vedvik til Kondis. På spørsmål kva han trur grunnen til framgangen er, svarar han:

- Eg har eit ekstremt bra treningsgrunnlag, og når eg har vore frisk sidan starten av mars, så har det gått en veg. Eg har kjørt opp mot seks intervalløkter i veka, noko som er meir enn tidligare. Men det har vore i kontrollerte former og med intensitetsstyring med laktatapparat. Generelt sett har eg trent ekstremt bra sidan mars, fortel han og legg til:

- Eg var for mykje sjuk i 2018 og starten av 2019, men no er nivået på trening noko heilt anna enn tidligare. Eg har hatt ein god dialog med trenar Arne Risa og god matching på trening med Gular-gjengen. I tillegg har eg lært mykje av samtaler med Henrik, Filip og Jakob på diverse treningsleirar, der spesielt Henrik er ivrig på å gi råd, seier den løpsglade og tolmodige 27-åringen.

Berre 13 andre nordmenn har nokon gong sprunge fortare på 5000 m. Neste løp for Marius blir 1500 m på Jesseheim 6. juni, og så enten 1500 eller 3000 m under Bislett Games.

Men det var ikkje berre Marius som sprang fort i Belgia. Per Svela forbetra persen sin frå 13.40,63 til 13.35,09. Det heldt til ein tolvteplass i det store heatet. Sigurd Ruud Skjeseth vart nummer 21 i same heat med 13.47,66, noko som var pers med dryge 2 sekund.

Vi tek òg med at den svenske junioren Emil Millan de la Olivia, som enno ikkje har fylt 18 år, sprang 5000 m på 14.08,76 i eit anna heat. Det var pers med 31 sekund og berre 7 sekund bak den svenske juniorrekorden på distansen.


5000 m menn, A-heat

1Gashahun AbeETHsen13:26.77
2Essalhi YounessMARsen13:27.32
3Doukkana RabiiFRAsen13:27.34
4Travers JohnIRLsen13:28.86
5Tewelde TesfuERIsen13:29.16
6Vedvik MariusNORsen13:29.46
7Kip Chichir JosphatKENsen13:29.58
8Kiprono Menjo JosphatKENmas13:30.59
9Ahmed Al Amri TariqSAUsen13:32.50
10Blankenship BenUSAsen13:33.07
11Novales Quinterio TarikuESPsen13:33.08
12Svela PerNORsen13:35.09
13Saddedine AlexandreFRAsen13:37.05
14Habz AzeddineFRAsen13:38.00
15Guillorel ArseneFRAsen13:40.20
16Vojta AndreasAUTsen13:40.79
17Niesten StanNEDsen13:40.93
18Adrian BenESPsen13:45.42
19Fuller WilliamGBRsen13:45.88
20Clarke AdamGBRsen13:46.69
21Skjeseth SigurdNORsen13:47.66
22Mahamed MahamedGBRsen13:53.12
23De Kerpel WesleyROBAsen13:55.35
Mbengani EduardPORsenDNF
Debognies SimonOEHsenDNF
Tijtgat LanderEA masDNF

Sjetteplass til Henrik Ingebrigtsen på 1500 m

Med 3.40,23 måtte Henrik Ingebrigtsen nøye seg med sjetteplass på 1500 meteren som vart vunnen av tyske Marius Probst på 3.38,98. Ferdinand Kvan Edman vart nummer ni med 3.42,03. Filip Ingebrigtsen var påmeldt på 800 m, men valde å stå over, utan at det ifølgje trenar Gjert og NRK låg nokon dramatikk i det. Det same gjorde Jakob på grunn av sjukdom.

Even Brøndbo Dahl sette pers med godt og vel sekundet da han sprang på 3.47,20 og vart nummer to i E-heatet. Etterpå skreiv han på Strava:

"Følte meg mye sprekere enn onsdag. Tålte farten. Vindstille og perfekt temperatur. Fast og fin bane. Fint felt, men utnytta det ikke optimalt. Var litt for passiv underveis, så hadde igjen krefter og avslutta sterkt. Løp forbi 7 stk (lol) og henta noen sekunder på sisterunden."


1500 m menn, A-heat

1Probst MariusGERsen3:38.98
2Kimeli IsaacOEHsen3:39.38
3El Kaam FouadMARsen3:39.51
4Claus PieterEA sen3:39.75
5Hedeilli TakieddineALGsen3:39.86
6Ingebrigtsen HenrikNORsen3:40.23
7Hendrix RobinOEHsen3:40.73
8Kiprotich BriminKENsen3:40.77
9Ferdinand Kvan EdmanNORsen3:42.02
10Douma RichardNEDsen3:42.14
11Ndiwa Kwemoi CalistersKENsen3:59.70
Schockaert LaurensLATsenDNF
Themba Marida senDNF
Debjani IsmaelCABWsenDNF


1500 m menn, E-heat

1Elkhayari HichamMARsen3:45.96
2Brondbo Dahl EvenNORsen3:47.20
3Guyon BaptisteFRAjun3:47.28
4Lloret Perez ElgarESPsen3:47.36
5Verbaandert TimNEDjun3:47.45
6Marc Tortell MarcGERsen3:47.83
7Joan ChenaisFRAsen3:47.97
8Kodad Mohamed-amineFRAsen3:49.00
9Mhaimer SaidFRAsen3:49.46
10Barrellon Vernay JosselaiFRAsen3:49.56
11Azcue Vigor AyrtonESPsen3:49.65
12Delvoie MaximeCSDYsen3:51.63
13Boylan JackIRLsen3:52.46
14Linares Parareda RamonESPsen3:52.83
15Grimard GuillaumeDCLAsen3:52.84
16Edoardo MelloniITAsen3:54.09
17Feist MaximilianGERsen3:58.10
Joris NicolasWACOsenDNF
Leone LucaITAsenDNF
Decadt HannesMACWsenDNF

Lovande av Luca Thompson

Luca Thompson som starta sesongen med å vinne den 800 m lange Sentrumssprinten på Karl Johan i Oslo på 1.53, sprang no under 1.50 med minst mogleg margin. 1.49,99 heldt til andreplass i eit av dei mange 800 m-heata, og tida er under kravet til U20-EM på 1.50,50. Den gamle persen til den 18 år gamle BUL-løparen var på 1.51,67.


800 m menn

1Monteiro LuisPORsen1:49.41
2Thompson LucaNORjun1:49.99
3Filippi GiovanniITAsen1:50.34
4Chiquart GregoireFRAsen1:50.37
5Spyrou StavrosCYPjun1:51.06
6Baxheinrich SteffenGERsen1:51.48
7Van Laethem GaetanLEBBsen1:52.67
8Mcgrath KevinIRLsen1:52.92
9Petit QuentinFRAsen1:53.43
10Sanctorum MathiasHACsen1:53.75
11Wrzesinski MaximeFRAjun1:53.76
Tilman MaximeWACOsenDNF
Merten FinnGERsenDNF



Alle resultat

Powered by Labrador CMS