1500 m med toppnamn
Alberto Mamba på gjestevisitt frå Mosambik, vann eit sterkt 1500 m-felt føre Marius Vedvik frå Gular IL og Jacob Boutera også frå Gular IL. Alle tre under 3.50. Ny pers for Marius Vedvik på distansen!

Dei beste:
1. Alberto Mamba, Mosambik         3.44.88
2. Marius Ø. Vedvik, Gular IL      3.46.89
3. Jacob Boutera, Gular IL         3.49.43
4. Mats Hauge, Gular IL            3.52.18
5. Lars Lunde, Stord IL            3.54.18
6. Hans-Magnus Haukøy, Gneist IL   3.57.29



Flotte løp av Kristine Lande Dommersnes og Pernilla Eugenie Epland
Kristine Lande Dommersnes, Haugesund IL er særs lovande - og uredd. Ho gjekk ut i eit voldsomt tempo på 1500 m og dro i frå Pernilla Eugenie Epland. Men Pernilla har oppnådd voldsomt med rutine på få år som toppløpar, og ga seg "sjølvsagt" ikkje. Pernilla sette sjølv banerekorden i 2017 med 4.33; no svarte ho opp Kristine, og senka rekorden i regnveret til 4.29.04  Kristine fekk tida 4.36.25 på andreplass. Og på tredjeplass kom Bertine-Helene Færø 4.44.04.

Tredje raskast var Maryna Novik, IF Klypetussen i klasse 35 - 39 år med tida 4.40.61. 

Stort felt på 3000 m for menn
Alt frå pur unge til eldre veteranar i same felt, kan vera utfordrande. Ikkje minst for dei beste løparane som må springa i bane to når dei passerer løparar med éi, eller to runder. Men Kondis høyrde ingen som klaga... Det var ein veldig fin atmosfære på dette stemnet.

1. Philip Massacand, Gneist IL        9.07.14
2. Milion Gebremedhin, Gneist IL      9.09.28
3. Bjørn R. Lundberg, Norna-Salhus    9.14.10


Klasse vetaran 40 - 44:
Sigbjørn Reigstad, Osterøy IL         9.50.06

Det var mange andre flotte resultat både blant dei yngre og godt vaksne på to strålande dagar i Strandebarm.

Lenke til alle resultat finn du her

Liten stad - flotte anlegg
Strandebarm ligg i Kvam herad med ca. 8500 innbyggjarar. Heradsenter er Norheimsund. 
Strandebarm er ein heller liten del av heradet.  Strandebarm stadion ligg nydeleg til ved Hardangerfjorden, ca ein og ein halv times køyretur frå Bergen, og like langt frå Odda. Firmaa Frank Mohn og Linga Laks er dei store bidragsytarane til at ein så liten plass kan få seg så enormt flotte fasilitetar!
Men ein skal heller ikkje gløyma ein enorm dugnadsinnsats! 

Spesiell info om Strandebarm: 
* Forfattaren Hans E. Kinck budde her frå 10-årsalderen, då faren var distriktslege her. 
* Strandebarmar: For båtentusiastar er den solide, flotte robåt-typen "strandebarmar" godt kjend. 

Sverre Sørnes ein av mange eldsjelar i Strandebarm IL
Sverre Sørnes er for mange litt eldre Kondis-lesarar kjend som tidlegare norgesrekordhaldar på 3000 m hinder for IL Gular. 8.26 på 3000 m hinder! Så kom Knut Kvalheim og var eitt sekund betre, og så starta Jim Svenøy sin internasjonale karriere på same distanse. 

Sørnes og Mikko Ala Leppilampi
Men best hugser mange Sverre Sørnes då han i Europacupen i 1971 var hakk i hæl med finnen Mikko Ala Leppilampi til siste vanngrav, finnen datt i vanngrava, og Sørnes som var tett på, sette piggskoa i baken på Mikko.... Det biletet Scanpix tok av grinet til finnen er ein klassikar.
Som ein Gular-leiar bemerka "godt det ikkje var grusbane og 16 mm piggar...

Laurdag 16. var det mange flotte løp på 800 m. Då var ikkje kondis.no tilstades, men me legg merke til 13 år gamle Selma Eldevik, Varegg IL med 2.34.39, og 14 åringen Marie Mostraum, Osterøy IL med fenomenale 2.20.95!

Klubbveninnene frå Haugesund IL, Kristine Lande Dommersnes og Vilde Våge Henriksen hadde eit durabeleg oppgjer på 800 m med solide tider på hhv 2.13.73 og 2.13.77. Veldig lovande av dei to ungjentene. 
Fem deltakarar, tre frå Haugesund IL. 

Blant mennene var det Alberto Mamba som suste gjennom 800 m på 1.49.00; ikkje heilt daglegdags kost.
Her var det heile 15 deltakarar! 7 frå ein av dei beste friidrettsklubbane i Noreg, Gular IL. Dei vann m.a. Holmenkollstafetten også i 2018.

Litt nede på 800m- lista finn me veteranen Johannes Alne, som i fjor -  i godt vaksen alder - smått sensasjonelt, sprang under 2 minutt. No var han ikkje langt bak med 2.01.93!
IMG_0097.JPGUtan frivillige stoppar Frivilleg-Noreg! I Strandebarm har dei mange, mange flotte dugnadsfolk.

IMG_0118.JPG
Tre raskaste på 1500 m kvinner senior: f.v. Kristine Lande Dommersnes, Pernilla Eugenie Epland og Bertine-Helene Færø.

IMG_0121.JPG
Kjekt å få vera med på fyrsteplass - som dei gjer også internasjonalt. Eit fint trekk.

IMG_0086.JPG
Me tek også med ein vaksen debutant - polakken Jacek Marian Armatynski. Han viste at det går an å stilla opp vel vitande at ein er langt unna topp-resultat. Det skal litt mot til å stilla opp i eit banestemne då.
13.48.97 på 3000 m i sitt fyrste baneløp. 

IMG_0227.JPG
Mat - god og rimeleg - er ein av mange faktorar for å skapa god atmosfære på eit friidretts-stemne.