
Svensken skreiv si eiga lærebok – og tok både OL- og VM-gull
Somme idrettsutøvarar følgjer læreboka. Andre skriv ho. Den svenske skøyteløparen Nils van der Poel høyrer til i siste kategori, og det har gitt han OL-gull, VM-gull og verdsrekordar.
Sjølvsagt kan ein bli både god og best utan å gjera noko revolusjonerande. Mange som tek OL- og VM-gull har følgd godt utprøvde treningsprogram, og med talent i botn, vilje til å gjennomføre treninga og ein dose individuell tilpassing har det vori godt nok til å bli best i verda. Det er ikkje alltid naudsynt å finne opp krutet på nytt.
Somme gjer det likevel. Dei går utanfor dei opptrampa løypene og finn sin eigen veg. Den svenske skøyteløparen Nils van der Poel er ein slik. Saman med trenar Johan Röjler starta dei med opne sinn og blanke ark da dei i 2019 skulle leggje planane fram mot OL i Beijing i 2022. Dei snakka med trenarar og utøvarar frå ulike idrettar og kjente seg ikkje bundne til å sjå på kva dei beste skøyteløparane gjorde.
Før det hadde Nils van der Poel rukki å bli både juniorverdsmeister og å leggje opp som skøyteløpar to gonger. Han visste at dersom han skulle halde ut og komma i storform til OL, måtte treninga vera motiverande og driven av glede. Vel, berre fryd og gammen var det nok ikkje, for ikkje lenge etter at OL-gullet på både 5000 og 10 000 m var sikra, så bestemte 25-åringen seg for å leggje opp som skøyteløpar for tredje – og ifølgje han sjølv – siste gong. Så står det att å sjå om det at han òg tok VM-gullet i allround-meisterskapen på Hamar no i mars, får han til å halde fram likevel.
Ultrainspirasjon frå Rune Larsson
Ein av dei som vart teken med på råd i treningsplanlegginga var den svenske ultralegenda, Rune Larsson. Om det var hovudgrunnen til at det vart eit klart ultrapreg på treninga, skal ikkje seiast, men i grunntreningsperioden vart det mange og lange turar både på sykkelen og i løpesko.
I eit intervju som Rune Larsson hadde med Nils van der Poel i Runner’s World, får vi veta at mannen som skulle konkurrere i 6 eller 12,5 minutt på isen, fylde treningsdagane med lange sykkel- og springturar. Den lengste springturen var på 170 kilometer, og undervegs åt Nils mellom anna 4,5 kilo graut. I 2021 hadde han to sykkelturar som vara i 24 timar.
Men dei fleste dagane låg treningsmengda på 6-7 timar. Til gjengjeld la Nils inn to kviledagar etter fem dagar med trening. Dette var ein modell som òg den svenske langrennsløparen Pär Elofsson testa ut med hell for ca. 20 år sia.
På ein måte trena Nils van der Poel stikk i strid med tesen om at du må øve på det du skal bli god til. Berre ein liten del av treninga skjedde på skøyter.
– Skøyter er høgintensivt. Vi meiner det er vanskeleg å byggje eit grunnlag for uthaldet på is, for du brukar same muskelgruppe og gjer dei same bevegelsane enten om du går fort eller sakte, sa van der Poel i eit intervju med NRK.
– Vår vurdering er at vi kan trene meir ved å stå av frå istrening og heller byggje uthald ved å springe eller sykle på låg intensitet, la han til.

Trening på skøyter utgjer ein veldig liten del av den samla treningsmengda til Nils van der Poel. (Plakat: ISU - Speed Skating)
Lange terskeløkter
Etter grunntreningsperioden om sommaren hadde van der Poel ein ti veker lang periode med terskeltrening. Gradvis bygde han seg opp til å ha 8 timar på terskel i veka. Øktene føregjekk stort sett på sykkelen, og vanlege økter var 4 x 30 min og 6 x 15 min. Intensiteten låg på i underkant av 4 mmol/l, noko som er høgt samanlikna med det som er vanleg blant norske mellom- og langdistanseløparar.
Først tre veker før første konkurranse i verdscupen byrja Nils den spesifikke treningsperioden med skøytetrening. Men da han først fann fram skøytene, så gjorde han treninga veldig konkurranselik. Det handla om å gå så mange rundar i konkurransefart som mogleg, og når han var på isen, varierte han mellom berre to økter: ei som gjekk i verdsrekordfart på 5000 m og ei i verdsrekordfart på 10 000 m. I sitt eige treningsmanifest seier hovudpersonen det slik:
«Tanken er at den som går flest 30,0-rundar på skøyter dei siste tre månadene før konkurransen, vil vinne 10 000 meteren.»
Det viste seg å halde stikk under OL. Verdsrekord fekk han på kjøpet, trass i at forholda ikkje var rekordraske.
I staden for å plusse på med roleg skøytetrening, la han inn sykkeløkter på 2,5-3 timar eller springturar på 1,5-2 timar etter skøyteøktene for å halde den aerobe kapasiteten oppe gjennom den spesifikke treningsperioden.
Disponering
Nils van der Poel skil seg ut òg ved at han disponerer løpa betre enn så å seie alle andre. Han kjenner seg sjølv og veit akkurat kva for ein opningsfart han toler. Vanlegvis legg han opp til at han på siste halvdel av 10 000 meteren skal gå 0,1 sekund fortare per runde enn på første halvdel.
Det seier noko om kor finstemt både kropp og vurderingsevne har vorti etter å ha trena så mange rundar i konkurransefart. Medan mange skøyteløparar opnar hardt og prøver å flyte på farten, meiner Nils at teknikken vil tape seg om han blir for sliten for tidleg i løpet.
Han er òg klar på at ei hard opning vil føre til at han tek masse mjølkesyre med seg inn i løpet. I staden tek han heller ut den anaerobe kapasiteten mot slutten ved å køyre ekstra hardt dei siste fire rundane.
Skilnaden i disponeringsevne mellom Nils van der Poel og allround-favoritten Patrick Roest såg vi tydeleg på 10 000 meteren under VM på Hamar. Svensken klokka heilt jamne rundetider før han gradvis skrudde opp farten mot slutten. Nederlandske Roest som hadde 21 sekund å gå på før avslutningsdistansen, gjekk på ein skikkeleg smell. For Roest sin del handla det ganske sikkert i stor grad om å ha ein dårleg dag, men uansett ser det ut til det at van der Poel har øvd så mykje på å disponere løp, at det har gitt han eit sterkt våpen i konkurransane.
Knebøy i to timar
Ein annan ting som skil treninga til van der Poel frå tradisjonell skøytetrening, er at svensken ikkje er å finne i styrkerommet. Til gjengjeld kan han køyre ettbeins knebøy samanhengjande i 2 timar. Ei slik økt består gjerne av 18 nittigradersbøyingar i løpet av 15 sekund på ein fot, før han byttar fot og gjer det same. Så er det på’n igjen på den første foten, og slik kan han halde på i både 1 og 2 timar.
Den norske langdistanseeinaren gjennom mange år, Sverre Lunde Pedersen, omtalar treninga til van Nils va der Poel slik:
– Han er jo ein spesiell type med ein ekstrem skalle, i form av å presse kroppen til det ytste. Han har på ein måte revolusjonert måten å trene langdistanse på, seier Lunde Pedersen til NRK.
Så står det att å sjå om det blir ein «einmannsrevolusjon», eller om andre vil teste ut suksessoppskrifta til den svenske skøytehelten. Kan hende må dei som skal gå fortare enn Nils van der Poel, laga ei annleis lærebok enn det han har gjort.
Manifestet
Men om ein skulle ønske å kopiere, så er alt detaljert tilgjengeleg i det 62 sider lange treningsmanifestet som hovudpersonen har laga. Det blir avslutta på følgjande vis:
«Det vanskelegaste med dette programmet var å komma gjennom det med eit smil om munnen. Da eg fann måtar å nyte det på, vart eg ustoppeleg. Somme gonger, for å komma gjennom fleire timar, var det som trengtest ein iskrem, og somme gonger var det fleire iskremar. Det positive var at iskrem er ganske rimeleg. Så sjølv om andre skøyteløparar hadde millionar av euro rullande inn i karrieren, var eg i stand til å gå fortare på skøyter enn dei andre fordi eg hadde funni ein måte å heve prestasjonen min på ved hjelp av iskrem. For meg handla ikkje utfordringa om å lide, men om å halde ut det vanskelege på ein lett måte.
Eg vonar at det eg har skrivi her vil bidra til at rekordane mine blir slegne. Dersom du skulle engasjere deg i eliteidrett, så ver snill og hugs: Det handlar om å vinne, men det handlar ikkje berre om å vinne. Alle bortsett frå ein er dømd til å tape. Derfor meiner eg at suksess må målast etter måten ein spelar på, og ikkje etter marginen ein vinn med. Det er jakta på stordom, det å spreie kjærleik og inspirere andre til å gjera det same, som framfor alt definerer suksessen til ein idrettsutøvar. Jobben er å leie an ved å leie seg sjølv. Ver modig. Ikkje tren deg i senk, men hald deg heilt på grensa.»

Den originale og iherdige treninga har gitt Nils van der Poel utteljing i form av både OL-gull, VM-gull og verdsrekordar. (Foto: Wikipedia)
Nils van der Poel
Alder: 25 år
Bustad: Trollhättan i Sverige
Idrett: Skøyteløp
Merittar: OL-gull på 5000 m og 10 000 m 2022, VM-gull allround, verdsrekord på 5000 m (6.01,56) og 10 000 m (12.30,74)
Takk for at du er medlem og slik bidrar til at Kondis kan fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene falt bort, og vil du gi oss et ekstrabidrag, vil vi være takknemlige for det.
Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957