Vignett-kondiskommentaren.jpgDet var ikkje akkurat det eg venta – at ein som halta rundt på krykkjer, skulle stråle av glede. Men jau, og eg fekk veta korfor. 

– No har eg operert også den andre hofta, og det er så fint. No har eg ikkje ordentleg vondt lenger. Det er berre muskulaturen og såra som er ømme og som må gro. Så går det seg til. Tenk så heldig eg er som bur i Noreg, og som kan få sett inn kunstige hofter når dei eg sjølv har, sviktar. 

Frå gammal tid
Han visste kva han snakka om, for det var fleire år sia han hadde operert den andre hofta, som òg hadde vori veldig vond før inngrepet.

– Vi skal ikkje så veldig lang tid tilbake – eller flytte oss så langt geografisk – før eg hadde måtta klart meg med dei utslitne og vonde hoftene resten av livet, reflekterte han, før han la til:   

– Eg har sett bilete frå gammal tid der eldre folk kreker seg krokut rundt på krykkjer. For mange av dei var det nok hoftene som hadde svikta, men den gongen var det ikkje berre å dra til sjukehuset og få nye. 

Derfor var det altså at han var så glad sjølv om han gjekk på krykkjer. Han var på veg til eit liv med mykje mindre smerte. I staden for å deppe over at hans eigne hofter hadde svikta, var han takknemleg for å bu i eit land og ei tid der det var hjelp å få. 

Opptreningsperiode
Sjølv har eg i løpet av dei siste fem åra i to periodar gått rundt på krykkjer. Eg har ikkje bytta ut hælane, men fått fjerna beinutvekst og reinska opp rundt festet til akillessena slik at eg kan springe vidare. 

Opptreningsperioden etter den siste operasjonen har vori lang, og sjølv snart tre år etter inngrepet er ikkje høgre hælen som han ein gong var – på 1990-talet. Kvar gong eg spring, seier den ifrå så mykje at eg blir minna på at det ikkje er sjølvsagt at eg kan springe.

Men unngår eg å overdrive, kan eg springe mesta kvar dag. Utan krykkjer og utan at det gjer meir vondt enn at eg fint kan leva med det. Eg veit ikkje om det synest – når folk møter meg i løypa eller i døra – men eg er glad. For å ha fått hjelp, for at eg enda ein gong kan springe hausten i møte. 

Ti minutt etter praten med mannen med krykkjene var eg i gang med rehab-øvingane for hælane mine – og ein del andre lekamsdelar – nede i styrkerommet på Toppidrettsenteret: 3 x 8 x 50 kg tung sakte tåhev. 

Takknemleg for å ha fått ein sjanse til, og for at eit hyggeleg møte i døra minna meg på kor heldig eg er. 



Artikkelen står på trykk i Kondis nr. 7 - 2019
 

 

Runar Gilberg (f. 1965) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton.