Pressemelding frå arrangøren:

Onsdag 9. august klokken 18 er det klart for Austevollsløp nr. 40. For å markera dette lagar me ein skikkeleg friidrettsfest på Austevoll Idrettsanlegg. Me tar to floger i ein smekk, og arrangerer  Austevollsmeisterskap alle klassar med sprintøvingar, hopp og kast først, og fylgjer så opp med Austevollsløpet til slutt.

Det heile startar kl 16.30 med Austevollsmeisterskap. Her startar me opp med Paraidrett 40m og kule, deretter får barnehage og førskulebarn springa 40m. Fylgjer så opp med rekruttklassane 6-9 år, dei får springa 40m, hoppa lengde og kasta liten ball. Deretter er det barn 10-14 år sin tur. Dei får springa 60m, hoppa lengde og kasta liten ball, etter det er det ungdom 15 – 100 år sin tur. For dei har me 100m, lengde og kule. Når dette er unnagjort reknar vi med at alle, heile familien, er klare for Austevollsløpet.

Austevollsløpet har gått på forskjellige plasser i kommunen opp gjennom åra. 1994 var toppåret for Austevollsløpet. Då, som no, var det start og mål på Austevoll Idrettsanlegg. Startar og premieutdelar den gang var ingen ringare enn Gerhard Heiberg, som var OL general i Lillehammer same året.. 242 deltakarar var med på løpet dette året. Målet i år må vel vera å prøva å toppa denne rekorden.

Sjølvsagt vonar me at det vil vera ein del lokale og tilreisande aktive som set full fart, men likevel vil me at dette og skal vera eit arrangement for heile familien. Me oppfordrar og bedriftene i Austevoll og kommunen til å leggja dette inn i sine trim planar. Sjølvsagt inviterer me og alle idrettslaga i kommunen. Sist, men ikkje minst, inviterer friidrettsgruppa alle dei andre gruppene i Austevoll Idrettsklubb til å delta.

I 1994 hadde me og ei kortare løype for barn, som me kalla Mini-Mini Maraton. Dette vil me gjenta i år og. I år får alle opp t.o.m 9 år delta her.  Løypa startar på løpebanen og går ut porten i søre sving, fortset rett fram og går inn på fotballbane 2. Her går løypa vidare på asfalt vegen rundt banen for så å svinga ned til løpebanen igjen. Der fullfører ein resten av runden på løpebanen til mål. Løypa er 870m og oversikteleg slik at publikum kan sjå dei som spring stort sett heile løypa.

Her er Mini - Mini Maraton løypa:

MINI MINI MARATON.jpg

Her er 5 km løypa:

Løypekart Austevollsløpet 2023.jpg

Denne startar på løpebanen, går ut port i søre sving, rundt Austevollhallen, ned til gangfelt ved hovudveg, sykkel og gangsti til Vestbøbrekka. Tilbake til gangfelt ved ungdomsskulen opp til porten ved banen i nord sving og til mål.

Kontrollmålte og godkjende løyper. Løpet er nøyaktig 5 km. Løypa er sjølvsagt så flat som mogeleg, berre ein total høgdeforskjell på 41m. Me vonar at dette vil freista ein del resarar til å ta turen til Austevoll. Lokalt vonar me sjølvsagt å sjå mange mosjonistar. Ta med heile familien, barnevogn er lov. Dette kan bli ei fin aktivitetskveld for familie og vener. Me har familierabattar.

Her er klasseinndelingane:

Mini - Mini Maraton 870m:

Jenter og gutar t.o.m. 9 år:

5 km:

Jenter/Gutar 10 tom 14 år                                                       

Ungdom J/G 15 tom 19 år                                                       

Damer / Herrar 20 tom 34 år                                                   

Veteran D/H 35 tom 64 år                                                       

Veteranar Ekstra Moden D/H 65+                                            

MOSJONSKLASSE

Garderobar er tilgjengeleg  i Austevollhallen

Påmelding kan gjerast på:

EQTIMING: https://live.eqtiming.com/65838#dashboard

Eller

Deltager.no: https://www.deltager.no/register/Austevollslopet_1688810986

Me oppfordrar alle til å melda seg på på førehand, men det er og mogeleg å melda seg på same dagen frå kl 16 - 17.00 på Austevoll Idrettsanlegg dersom nokon skulle ha gløymt å melda seg på.

Startkontingent er 50 kr for Mini, Mini Maraton. 5 km kostar 90 kr for born tom 14 år og 180 for alle andre. Familierabatt kr 250 opp til 6 deltakarar.

Pengepremiar til dei 3 beste i klassane, Jenter/Gutar, Ungdom J/G, Damer / Herrar. Fine premiar til vinnarane i Veteran  og Veteran Ekstra moden. Alle som deltar i Mini-Mini Maraton får deltakarmedaljar.

Vanlegvis får alle til og med 14 år den flotte Austevollsløpmedaljen. Sidan det er 40års jubileum får alle deltakarar denne medaljen i år.

Mange flotte premiar vert trekte på startnummer.

Premieutdelinga skjer i det sosiale rom i Austevollhallen ca kl 19.00. Der kan ein kjøpa god mat og drikke. Sidan det er 40års jubileum serverer me gratis kaffi og kaker. Inngangsbilletten er startnummeret, som du leverer når du går inn i hallen, dette blir då og med i trekninga av fine gåvepremiar.

For tilreisande:

Ferje frå Krokeide: 16.25. Retur 20.55.
Ferje frå Sandvikvåg:  16.00 og 17.00 (framme 17.30). Retur 20.25 ( ferja er gratis).
Me tek atterhald om ruteendringar. Dersom det er noko ein lurer på kan ein ta kontakt med Svein Harald Haukanes på 90165709.

Me gler oss til å sjå deg!

Les Kondis-reportasjen fra Austevollsløpet i 2022:

Gave-dryss da Austevollsløpet ble arrangert for 39. gang

Se også avis-reportasje fra Austevollsløpet i 1983, altså det første løpet for 40 år siden.