Alle foto Anne Jenny Dvergsdal

Dei tre brødrene Bugge frå Eidsvåg IL sette sitt preg på toppen av resultatlista i herreklassa. Johan ( sjå ingressfoto ) vann på ny løyperekord 44,45 nesten minuttet raskare enn sin eigen rekord frå 2010 i den 7 km lange løypa med 1.100m stigning . Øyvind Heiberg Sundby , IK Tjalve på 2. plass var 14 sek bak Johan Bugge. Dei to var i særklasse. Øyvind Bugge på 3. plass var over 3 min bak Heiberg Sundby. Yngstemann Anders i Bugge-trioen er i klasse 14-15 år, men vart nr. 6 totalt med tida 52,37. Om resultatlista hadde vorte aldersjustert ,så ville nok også 52-åringen Magnor Rypdal, Isfjorden IL vore på topp med tida 51,35. Magnor vart nr 4 totalt.

Sjå fullstendig resultatliste på www.mefjelletopp.no

640_JohanBugge_FotoAJD

Johan Bugge, Eidsvåg IL.                                                                                                             

Johan og dei øvrige deltakarane sprang med svart sørgeband som markering etter den ufattelege tragedien som skjedde i Oslo og på Utøya . Arrangøren hadde ei vanskeleg vurdering , men valde å arrangere løpet. Før starten i konkurranseklassa var det eit minutt stillheit .

 

 

640_MayBrittBuer_FotoAJD

May Britt Buer, Gular, vann dameklassa på tida 53,02 som er 1 min. 41 sek bak løyperekorden til Anita Håkenstad Eversten , Øystre Slidre IL, frå 2010.

640_ØyvindHS_FotoAJD

Øyvind Heiberg Sundby, IK Tjalve

640_Sjursen_FotoAJD

Therese Sjursen, BFG Fana vart nr. 2 i dameklassa med tida 56,50. Therese og May Britt var i særklasse. Ned til Mathea Gjeitnes på 3 pl var det over 12 min.

640_Ø_Bugge_FotoAJD

Øyvind Bugge, Eidsvåg IL

640_Magnor_FotoAJD

Magnor Rypdal, Isfjorden IL er 52 år men vart likevel nr. 4 totalt med tida 51.35. Magnor burde ta turen til VM i motbakkeløp for Veteraner i 2012, der er han ein kandidat til det øverste trinnet på premiepallen..  

640_AndersBugge_fotoAJD

Anders Bugge, Eidsvåg IL

640_SvenNylund_FotoAJD

Sven Nylund, Molde Olymp, vann kl. 40-44 på 53,23 og vart nr. 8 totalt.

640_MartinReyt_Frank_fotoAJD

Internasjonalt i Mefjellet Opp. Martin Reyt frå Frankrike kom i mål på tida 53,52 på 9pl. totalt i herreklassa.

640_Runar_fotoAJD

Runar Korsnes, Emblem IL vart nr. 2 i kl. 20-22 år på tida 54,24

640_Dyrvik_FotoAJD

Kjetil Dyrvik, Voss IL vann kl. 45-49år og vart nr. 7 totalt på 52,54. Raskaste dame May Britt Buer ligg rett bak og avstanden på 8 sek vart den same i mål.

640_Atle_fotoAJD

Atle Bjørnerud, URD, vart nr. 2 i kl. 40-44 på 57,24

640_Iver_FotoAJD

Iver Mathias Linge Glomnes, Valldal IL, kom under ein time og vart nr. 3 i kl. 14-15år med tida 59,28

640_MartinogSigbjørn_fotoAJD

Martin Hauge Nilsen, Kondis (100) og Sigbjørn Emblem. Hakallestranda kondisjonslag. Dei kom i mål på 1.02.07 og 1.02,26

640_Berli_FotoAJD

Kjell Magnar Berli, Velledalen IL.

640_57_FotoAJD

Sondre Teigen Lillebostad (57)

640_5_fotoAJD

Mathea Gjeitnes, Molde Olymp, vann kl. 16-17år på 1.08.54 og vart nr. 3 tot. i dameklassa.