Utøvarane startar frå Fretheim Hotel og spring ei sløyfe gjennom sentrum og langs kaia, før vegen ber vidare opp Flåmsdalen mot målgang på Vatnahalsen Hotel. Her får dei nyte den vakre naturen som dalen har å by på. Til slutt kjem dei berykta 21 hårnålssvingane opp mot Vatnahalsen og deltakarane kan juble over å ha sprunge 21 km og over 800 høgdemeter.
Starten gjekk frå Flåm sentrum klokka 12.00 med lett skydekke og 12 grader, perfekt løpevær! Allereie frå start var det eit forrykande tempo og forhåndsfavorittar Markos Gkourlias frå Aurland IL og Stian Hoelgaard hadde ei god leiing etter den 2 km lange sentrumssløyfa.
Blant kvinnene var det Målfrid Hermansen frå BFG Bergen Løpeklubb som starta sterkast. Den gode starten haldt heile vegen inn både for Markos og Målfrid. Markos klarte, i tillegg til siger, å setje ny løyperekord med tida 1.20.26! Målfrid var i mål på tida 1.43.05. På andreplass kom Stian Hoelgaard frå Gjesdal IL (1.34.57) og tredjeplassen vart kapra av Sigurd Sollien Hulbak frå Hemsedal (1.35.39). I kvinneklassen var det Kari-Anne Strandman frå Sogndal (1.55.23) og Hege Lien frå Årdalstangen (1.56.47) som tok andre- og tredjeplass.
Markos Gkourlias fra Aurland IL vinner soleklart på ny løyperekord. (Foto: Arrangør)
Målfrid Hermansen ledet fra start til mål og vant med god margin. (Foto: Arrangør)
- Vi i staben er rett og slett veldig nøgd med gjennomføringa av årets løp! Det er eit utruleg kjekt arrangement å få vera ein del av. Tilbakemeldingane frå utøvarane er utelukkande gode og vi ser fram til å arrangere Noregs vakraste halvmaraton att i 2023, seier løpsleiar Simon Undal Misje
Herrer // Topp 10
Plass | Navn | Klubb | Klasse | Tid |
1 | Markus Gkourlias | Aurland IL | Elite Menn | 1:20:26 |
2 | Stian Hoelgaard | Gjesdal IL | M30-39 | 1:34:57 |
3 | Sigurd Sollien Hulbak | HEMSEDAL | Elite Menn | 1.35:39 |
4 | Ole-Petter Storeide | Fiskå IL | M20-29 | 1:38:56 |
5 | Lars Kvinge | BERGEN | M40-49 | 1:39:01 |
6 | Ørjan Skilbrei | Lærdal IL | M30-39 | 1:39:47 |
7 | Eirik Hovland | Årdalstangen IL | Elite Menn | 1:40:51 |
8 | Robert Nilsen | H_400-Aktiv | M40-49 | 1:41:21 |
9 | Harald-Inge Vassnes | KOLBEINSVIK | M20-29 | 1:43:02 |
10 | Vasileios Gkourlias | Aurland IL | M30-39 | 1:46:45 |
Kvinner // Topp 10
Plass | Navn | Klubb | Klasse | Tid |
1 | Målfrid Hermansen | BFG Bergen Løpeklubb | K40-49 | 1:43:05 |
2 | Kari-Anne Strandman | SOGNDAL | K30-39 | 1:55:23 |
3 | Hege Lien | ÅRDALSTANGEN | K30-39 | 1:56:47 |
4 | Camilla Ødegård | Team Ødegård | K40-49 | 2:06:25 |
5 | Linda Uglenes Maristuen | Lærdal IL | K40-49 | 2:09:16 |
6 | Gro Tufte | BERGEN | K50-59 | 2:09:44 |
7 | Mona Koster Johannesen | BØNES | K40-49 | 2:10:00 |
8 | Solveig Haugland | Uskedal IL | K20-29 | 2:10:46 |
9 | Ingvild Kleivane | BERGEN | K20-29 | 2:12:12 |
10 | Elise Andersen | DRAMMEN | K30-39 | 2:13:08 |
De tre beste kvinnene. (Foto: Arrangør)
De tre beste herrene. (Foto: Arrangør)
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.
Bli medlem og få mange medlemsfordeler!
Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957