Harald Kårbø gjorde unna dei 10 terrengkilometrane på 30.37 og var 7 sekund framføre andremann, Eric Scott. Lagkameraten Adam Braun kom på tredjeplass med 31.09. Laginnsatsen til Augutana Vikings var så god at dei tok ein klar siger. Dei hadde heile 7 mann inne mellom dei 14 første. 

Kårbø tok teten alt etter dryge 3 km og låg etter det først, heile vegen til mål. Herrefeltet bestod av 148 løparar. Konkuransen gjekk i Wayne i Nebraska 22. november, og finalen går 6. desember i Louisville. 
 

NCAA Division II Cross Country - 22. november 2014  
Central Regional Championships,Wayne State College, Wayne, NE  
       
Menn 10 km      
1 Karbo, Harald  Augustana (S.D.)  30:36.70 
2 Schott, Eric  Missouri Southern  30:43.50 
3 Braun, Adam  Augustana (S.D.)  31:08.70 
4 Horan, Matt  Sioux Falls  31:18.70 
5 Hauge, Nathan  Augustana (S.D.)  31:20.50 


Alle resultat og reportasje hos Augustana