Da vi snakka med Marius Vedvik etter målgang da han sprang halvmaraton i EM i Amsterdam, fortalde han om planane. 

- Eg har lyst til å prøve meg på maraton under NM som er innlagt i Oslo Maraton. Gir det meirsmak, kan det hende eg kjem til å springe eit maratonløp til for å prøve å ta kravet til neste års VM. No i første omgang blir det å teste ut distansen og vonleg kjempe om ein NM-medalje, sa Marius den gongen.  

No stadfestar han maratonplanane på sin eigen blogg

"September blir månaden for lange gateløp, og eg startar med å springe NM halvmaraton 3. september, og skal også debutere på maraton under NM i Oslo 17. september. Det blir krevjande og spennande å debutere på maraton, men alltid kjekt med nye utfordringar."

Den 24 år gamle Gular-løparen vil heilt klart vera i favorittsjiktet til NM-gull på både halv og heil maraton. Men sia han òg skriv på bloggen sin at han vil bruke august til å prøve å setje pers på 800, 1500 og 3000 m, vil nok maratonoppkøyringa bli ein god del for kort til å vera optimal.

Det blir uansett spennande å følgje den konkurranseglade karen frå Førde når han no òg vil teste potensialet som maratonløpar. 

Marius_Vedvik_EM_friidrett2016_4S7A2790.jpg
Marius Vedvik vart nest beste nordmann med ein 37. plass da han sprang halvmaraton i EM. I NM vil han vera mellom favorittane på både halvmaraton i Trondheim og heilmaraton i Oslo. (Foto: Runar Gilberg)