For arrangørar som vil søke om NM motbakke-fjelløp i 2009 er søknadsfristen 31.12.2007 . Søknaden skal formelt sendast til den friidretts-krinsen som arrangøren høyrer til og til Norges Fri-Idrettsforbund. Det er pt. kome inn to søknader og ein arrangør til har i dag stadfesta at dei vil sende inn ein søknad.

Når det gjeld krav til løypetrase
så laga motbakkeløputvalet i NFIF eit førebels reglement i 2005 for senior-NM i motbakkeløp. Utvalet ønska å tilpasse det internasjonale reglementet til norske forhold for å kunne inkludere dei store og etablerte motbakkeløpa som har vore fyrtårn og inspirasjonskjelder for motbakkeløping i Noreg. Dei tre fyrste NM har gått i svært bratte løyper,

2005: Skåla 1848m rett opp www.skaala.no
2006; Saudehornet Opp www.saudehornet.no
2007: Fanaråken Opp www.fanaraaken.com

Basert på erfaringane frå NM 2005-2007 ønska utvalet å få søknader frå arrangørar som har raskare og meir lettløpte løyper som samsvarar meir med dei internasjonale krava til løyper i EM og VM i motbakkeløp som skal ha mellom 8% og 12% gjennomsnittleg stigning.

Sjå artikkel frå 2005 på kondis.no her !

Sjå også www.wmra.info

For 2008 er NM i motbakkeløp tildelt Storehesten Opp i Bygstad som har omlag 11% snittstigning. Sjå www.storehestenopp.no
Løypa har ei lengde på vel 11 km med 1209 høgdemeter mellom start og mål. På 2 år har arrangøren klart å byggje opp eit arrangement med nesten 1.000 deltakarar.
Alle arrangement med NM i motbakkeløp har hatt over 500 deltakarar ! Rekorden er 1080 i Skåla 1848m rett opp i 2005.

For senior NM i motbakke-fjelløp f.o.m. 2009 er det m.a. sett opp føljande fleksible retningsgjevande krav til løypa:

(1) Høgdeskilnaden mellom start og mål må være mellom 500m og 2000m
(2) Løypelengda må være mellom 5 km og 21 km
(3) Gjennomsnittleg stigning skal være mellom 7% og 23%,
(4) Vinnartida i herreklassa skal ligge mellom 25 min og 1 t. 45 min.
(5) 50% av løypetraseen kan gå på veg med fast dekke,
(6) Eventuelle nedoverbakkar i løypa skal ikkje overstige 10% av den samla stigninga.

Utvalet for motbakkeløp i NFIF ønskjer å stimulere til eit mangfold av NM-løyper. For å få større fokus på¨dei internasjonale løypekrava i EM og VM i motbakkeløp vil utvalet spesielt oppfordre arrangørar som har løyper med veg til topps om å søke. Då slepp deltakarane å springe med sekk. Dersom Noreg skal få arrangere EM el VM i motbakkeløp må løypene ha bilveg til topps for at sekkane med varmt tøy kan bli tranporterte til OPP til mål.

Sjå reportasjane frå alle NM, VM og EM på motbakkeløpsida på
kondis.no/motbakke


Eventuelle spørsmål kan rettast til:

Christian Prestegård
Fagansvarleg og leiar i Norges Fri-idrettsforbunds motbakkeløputvalg.

Tlf. 99 52 11 99
christian@prestegaard.no
Foto+Christian+Presteg%E5rd.+%C5rets+store+norske+motbakkel%F8par+Anita+H%E5kenstad+Evertsen%2C+%D8ystre+Slidre+IL%2C+passerer+her+2000+moh+p%E5+veg+til+sitt+tredje+strake+NM-gull+i+motbakkel%F8p+i+La+Sportiva+Fanar%E5ken+Opp+11.+august+i+%E5r.+Anita+vann+ogs%E5+EM+i+motbakkel%F8p+8.+juli+i+Frankrike+og+VM+i+langdistanse-motbakkefjell%F8p+8.+september+i+Sveits.%0D%0A
Foto Christian Prestegård. Årets store norske motbakkeløpar Anita Håkenstad Evertsen, Øystre Slidre IL, passerer her 2000 moh på veg til sitt tredje strake NM-gull i motbakkeløp i La Sportiva Fanaråken Opp 11. august i år. Anita vann også EM i motbakkeløp 8. juli i Frankrike og VM i langdistanse-motbakkefjelløp 8. september i Sveits.
Anita+H%E5kenstad+Evertsen+knuste+alle+konkurrentane+i+EM+p%E5+de+to+siste+kilometrane+i+den+8%2C5+km+lange+l%F8ypa+med+1003+h%F8gdemeter+mellom+start+og+m%E5l.+Norske+arrang%F8rar+skulle+vore+p%E5+studietur+for+%E5+oppleve+denne+praktfulle+l%F8ypa+som+hadde+11%2C8%25+gjennomsnittleg+stigning+fr%E5+start+til+m%E5l.+Den+13%2C5+km+lange+herrel%F8ypa+som+starta+5+km+lenger+nede+i+dalen+i+Cauterets+hadde+1435+h%F8gdemeter+og+10%2C6%25+stigning+mellom+start+og+m%E5l.%0D%0ADet+er+slike+l%F8yper+vi+treng+fleire+av+i+Noreg+for+b%E5de+%E5+kunne+henge+med+i+konkurransen+internasjonalt+p%E5+herresida+og+ikkje+minst+for+%E5+kunne+f%E5+eit+EM+el.+VM+i+motbakkel%F8p+til+Noreg.
Anita Håkenstad Evertsen knuste alle konkurrentane i EM på de to siste kilometrane i den 8,5 km lange løypa med 1003 høgdemeter mellom start og mål. Norske arrangørar skulle vore på studietur for å oppleve denne praktfulle løypa som hadde 11,8% gjennomsnittleg stigning frå start til mål. Den 13,5 km lange herreløypa som starta 5 km lenger nede i dalen i Cauterets hadde 1435 høgdemeter og 10,6% stigning mellom start og mål. Det er slike løyper vi treng fleire av i Noreg for både å kunne henge med i konkurransen internasjonalt på herresida og ikkje minst for å kunne få eit EM el. VM i motbakkeløp til Noreg.