Det er rekordstor påmelding ! Det er no allereie påmeldt omlag 600 deltakarar. Av desse er pt. 180 påmeldt i konkurranseklassane i Devold Geiranger Halvmaraton. Det er deltakarar frå 11 land ! Det kan bli over 200 på Halvmaraton og dermed er Devold Geiranger Halvmaraton også eit av dei største halvmaratonløpa i Noreg. I fjor deltok 108 så her snakkar vi om nærare 100% deltakarauke !

Også Helene Pemmer og Helene Melbø, som tok hhv. 1. og 2.plass i Ulriken Opp er påmeldt. Det er også Tormod Tjørnhom, han var ikkje langt bak Jon Tvedt i Ulriken Opp. Løyperekordinnehavar for menn Hans Martin Gjedrem stiller også, så dette blir kamp på plasseringane. Den gjeldande løyperekorden frå 2003 er på 1.30.10 og står i alvorlig fare for å bli slått i år.

Devold Geiranger Halvmaraton er det andre og lengste løpet i
POWERADE Norgescup motbakkeløp 2008
Til forskjell frå mange av dei andre løpa går det på bilveg (16 km asfalt og 5 km grus) så stigninga er jamn og mindre teknisk enn på sti. I same løypa same dagen arrangerast også Devold Nibberittet for dei som ønskjer å sykle til topps. Online-påmeldinga for båe arrangementa på www.frafjordtilfjell.com stengte i natt. Det er no kun mogeleg å etterpåmelde seg løpsdagen ved start i Geiranger innan 1 time før starttidspunktet for kvart løp.

Vegen til topps på Dalsnibba 1476 moh. er no gjennombrøyta og opna for sesongen, det har også den vinterstengte Rv63 frå Geiranger til Grotli. Dermed er både løypa og transportårene til Geiranger opna, og arrangøren er klar til å ta i mot dei opp mot 800 deltakarane frå 13 land som det no ligg an til. Som i fjor blir dei siste 5 km stengt for
biltrafikk under arrangementet for å gje utøvarane optimale forhold.

Du kan også gå opp på Dalsnibba ved å delta i Geirangermarsjen (trimversjonen av Devold Geiranger Halvmaraton) og Flydalsjuvet Miniton er eit kortare løp på 4,2 km med start ved fjorden.

Uansett om du syklar, spring eller går fra fjord til fjell - opplevinga er fantastisk i den flotte naturen!

Sjå www.frafjordtilfjell.com for meir informasjon og påmelding.
Foto%3A+Terje+D.+Rusten.+Slik+ser+det+akkurat+no+ut+dei+siste+5+km+p%E5+den+bratte+grusvegen+opp+mot+m%E5l+p%E5+Dalsnibba+1494+moh.+Spektakul%E6re+og+praktfulle+l%F8psforhold+med+alle+%E5rstidene+p%E5+ein+OPPTUR+ventar+dei+vel+600+deltakarane+s%F8ndag+15.+juni+%21
Foto: Terje D. Rusten. Slik ser det akkurat no ut dei siste 5 km på den bratte grusvegen opp mot mål på Dalsnibba 1494 moh. Spektakulære og praktfulle løpsforhold med alle årstidene på ein OPPTUR ventar dei vel 600 deltakarane søndag 15. juni !