Motbakkeløpsutvalet i NFIF har sendt ut denne kunngjeringa : På bakgrunn av innkomne søknader blir motbakkeløpet Kvasshovden Opp i Ulvik nytt løp i Powerade Norgescup 2009. Utvalet har samtidig bestemt å redusere antal løp i cupen frå 6 til 5 løp i 2009. Grunnen til dette er at dei andre søkjarane, med eit unntak, ikkje oppfylte krava utvalet har sett til løp i cupen. For det andre av løpa som oppfylte desse krava, var det dessverre slik at det kolliderte med EM i motbakkeløp og såleis ville måtte gå utan alle dei beste norske utøvarane. I kronologisk rekkefølgje er dette terminlista for Powerade Norgescup i motbakkeløp 2009: 13. juni: Devold Geiranger Halvmaraton med NM i motbakkeløp for senior, veteraner og junior (j22) www.frafjordtilfjell.com 18. juli: Kvasshovden Opp: www.kvasshovdenopp.no 8. august: Buff Fanaråken Opp, www.fanaraaken.com 15. august: Adidas Skåla 1848m rett opp, www.skaala.no 22. august: Tryvann Opp, www.tryvannopp.no Detaljinformasjon og retningslinjer for cupen kan du hente opp og lese her : Powerade NorgesCup motbakkeløp 2009 Tildelte arrangement vert kontakta av utvalet om nærmare detaljar om det enkelte arrangement med det første. Motbakkeløputvalet takkar for stor interesse vedr Powerade Norgescup 2009, og oppmodar om å følgje med på eventuell utlysing av ny cup i 2010, på slutten av året. Konseptet for den er ikkje klart, og førebels er det ikkje teke beslutning om vidareføring av Norgescupen. Utvalet har som intensjon å få dette på plass på bakgrunn av positive tilbakemeldingar på konseptet som har vore. Her kan du sjå korleis det gjekk i : Powerade Norgescup motbakkeløp 2008 Eventuelle spørsmål kan rettast til leiar i motbakkeløputvalet Narve Heggheim på e-mail: Narve.Heggheim@friidrett.no Alle arrangørane har no åpna påmeldinga. Sjå heimesidene ovanfor. Merk at to av løpa har deltakarbegrensning i konkurranseklassane pga. at dei går inn i Nasjonalparken. Dette er Buff Fanaråken Opp og Adidas Skåla 1848m rett opp. Vær difor tidleg ute med påmeldinga. |
5 løp i Powerade Norgescup i motbakkeløp 2009
Motbakkeløpsutvalet i NFIF har på bakgrunn av innkomne søknader tildelt løp i Powerade Norgescup 2009. Kvasshovden Opp i Ulvik blir nytt løp i 2009 og talet på løp er redusert frå 6 til 5 løp og alle vil telje i samandraget.
Artikkelen fortsetter under annonsen