Ingressbiletet: Niklas Dyrhaug like før målpassering på Storsylen 1762 moh i 2012. (Foto arrangør).

 

Ola Morten Græsli i arrangørteamet seier til kondis.no at han er spent på korleis dei beste i Norgescupen vil takle den spesielle Storsylen Opp-løypa på 11,2 km med 1000 m stigning (9 % i snittstigning). Nesten heile stigninga er unnagjort på omlag 3 km av løypa med omlag 250 høgdemeter i starten og heile 750 høgdemeter på dei siste 2 km (snittstigning på 37 %). For meir info om Storsylen Opp sjå www.storsylenopp.com

I herreklassa er m.a. Norgescup-leiar Torstein Tengsareid, Egersund IK påmeld, men møter sterk konkurranse frå Johan Bugge, Eidsvåg IL. Desse igjen får knallhard konkurranse frå skiløpar og heimefavoritt, Niklas Dyrhaug, Tydal IL & Team United Bakeries, som stiller i spissen for fleire gode langrennsløparar.


I kvinneklassa blir det hard kamp mellom årets Norgescup-leiar Eli Anne Dvergsdal, IL Gular, klubbvenninna Kirsten Maraton Melkevik som ligg på andreplass og Anne Nevin, Strindheim IL. Ein meget sterk trio.


Resultat og oppdatert poengoversikt er tilgjengelig på motbakkecup.no etter kvart arrangement. 

Skiklubb er arrangør
Kondis.no har fått stadfesta at Norges Friidrettsforbund (NFIF) tildelte Norgescupløp til Tydal IL Ski som ikkje er medlem i NFIF. I lys av NFIFs hardkøyr mot Skåla Opp, undrar vi oss over at NFIF kunne tildele Norgescup-løp til ein arrangør som ikkje er medlem i forbundet. Skåla Opp blir i år for fyrste gong arrangert av bedriftsidrettslaget til Hotel Alexandra, og ikkje av ein klubb som er medlem i NFIF. Når forbundet går så hardt ut mot Skåla Opp, blir dette svært spesielt. 


Kondis.no vil presisere at vi synes det er flott at Storsylen Opp er eit av løpa i Norgescupen. Det er eit flott spektakulært motbakkeløp med mål 1762 moh. Ifølge Græsli stiller det engasjerte arrangørteamet i skigruppa i Tydal IL med omlag 30 funksjonærar i tillegg kjem omlag 20 frå Norsk Folkehjelp, og det er stort fokus på tryggleiken til deltakarane.

Til orientering så krev arrangøren inn startavgift til NFIF, sjølv om dei ikkje er medlem. Og arrangøren, Tydal IL, må nok no etter at NFIF-leiinga fekk kjennskap til dette, søkje om opptaking også i friidrettsforbundet.

 

loypeprofil.jpg