Thomas vs Thomas: kven vinn?
For OL-meister Alsgaard betyr den duellen sikkert ikkje all verda, men at ein så pass liten stad som Skjoldastraumen har henta sjølvaste Thomas Alsgaard til det andre Sluseløpet - det står det respekt av.

Over hundre påmelde
Berre på facebook har det meldt seg over 100 som har sagt dei kjem. Og me på Kondis har fått info om at arrangøren har jobba godt med PR overfor media, skulane og bygdesamfunnetr elles. Me satsar på å laga ein fyldig reportasje frå arrangementet.

Dagen før viktigast
Dagen før løpet, den 8. september kl. 17 er det føredrag med Thomas Alsgaard. For dei som vil vidareutvikla seg sportsleg, er  dette absolutt å anbefala. Dei som er medlemmar i Kondis, har sikkert lese intervju med Thomas Alsgaard. Han er ein av dei mest meriterte norske idrettsutøvarar gjennom alle tider, så her er mykje kunnskap å henta. Det spesielle med Thomas er kan henda ikkje kor mykje han trente, men korleis han trente. Han bruker (er framleis i glimrande form) hovudet og lyttar til "kroppens signalar". 

Kurset er kl 1700 laurdag 8.9. og kostar kr 100.-. Påmelding ved inngang.

Scandic Hotel i Haugesund var nytt i fjor og har rimelege sportsprisar på overnatting for dei som kjem langvegs frå og vil ha med seg både føredrag og løp.  

 Sluseløpets nettside

kondis.no-reportasje fra det første Sluseløpet i 2011