Løpskarusellen på Osterøy har hatt besøk av mange gode løparar sidan oppstarten i 1981 og opplever no solid vekst i oppslutning.

Etter eit litt labert fjorår, har deltakinga i Arkoconsult Valestrandsmarka rundt tatt seg kraftig opp. Midt i juli var arrangørane i Osterøy IL godt fornøgd med 58 deltakarar. Ein gjeng lokale entusiastar driv aktiv PR og har fått til ei fin ramme rundt løpet med servering av gratis lappar og sosialt samvær etter målgang. 

Det var nærmast elektrisk stemning før start på årets fjerde løp. Det låg i lufta at løyperekorden til Bjarte Vik frå 2004 ville falla. Trygve Feidje Mjelde viste solid form under NM på Jessheim sist helg med pers på 1500m 3.46,14 og 7. plass på 5000m. Etter ein lang skadeperiode i vinter og vår, var Trygve i slutten av mai berre sekundet bak løyperekorden i den 4,4 km temmeleg tøffe løypa. Spørsmålet no var berre kor mykje han ville slå rekorden med, og om han klarte å koma under 13.19 – som utløyste 3000 kr i pengepremie frå Auto.no.  
– Eg har kjent meg veldig lett i beina dei siste dagane no etter NM, slo Trygve fast før start, han lada opp til løpet med motbakkeintervallar på rulleski om morgonen.

Trygve har lagt ned store mengder alternativ trening og kondisjonen har aldri vore betre enn no. I mål storma 29-åringen inn til 13.03, og slo den gamle rekorden med 21 sekund. Tida tyder på at han er kapabel for ei tid rundt 14 blank på 5000m.   

– Det føltes som eit godt disponert sololøp. Eg frykta at eg hadde litt overtenning første halvdel, men heldt godt inn. Ei god oppleving, og alltid stort å levera på heimebane, oppsummerer Trygve etter løpet.

Også klubbkamerat Jonas Lillejord i Osterøy IL sprang eit solid løp med tida 14.08. I kvinneklassen debuterte Gular-løpar Amalie Joensen i løpet med fine 16.02. Nr. 2 i løpet var Ingrid Revheim med 17.35. Amalie tapte 10-15 sekund på feilspringing ei eit kryss, så ho må nok ta turen igjen for å prøva seg på løyperekorden. Den har Hilde Aasheim på 15.24 frå 2012.

Få mosjonsarrangement kan visa til like grundige statistikkar som Valestrandsmarka rundt, noko som sjølvsagt er med å halda oppe statusen. Ekteparet Vidar og Liv Simmenes har i mange år hatt ansvaret for den praktiske gjennomføringa av løpet, med fast fordeling av oppgåver. Liv tar påmeldinga, og Vidar tar tida og oppdaterer nettsida med statistikkar og reportasjar.

Neste løp er alt førstkomande fredag med start klokka 19.

Resultatliste og fleire foto frå løpet.

Statistikk frå Valestrandsmarka rundt

AmalieJoensen.jpg
Amalie Joensen (f. 1996) frå Gular hadde tydelegvis godt av sine to NM-løp på Jessheim, og slo til med sterke 16.02 med innlagt feilspringing. (Foto: Victoria Mjelde Hanstveit)

TrygveogGjertBrandsdal.jpg
Det var med lett hjarte at Gjert Brandsdal i Auto.no delte ut 3000 kr til Trygve Feidje Mjelde for ei tid under 13.10. I kvinneklassen må ein under 15.10 for å klara kravet. Gjert vaks nærmast opp i løypa og har delteke 141 gonger. Bestetida hans er 16.03. (Foto: Bjarte Vik)

JonasLIllejord.jpg
Jonas Lillejord bør snart vera god for NM-kravet på 5000m, men var 9 sekund for sein til å sjå 13-talet i løpet denne gongen. (Foto: Victoria Mjelde Hanstveit)

Starten.jpg
Trygve Feidje Mjelde var suveren og leia frå start til mål. Her frå starten med Jonas Lillejord og Martin Kåstad nokre meter bak. (Foto: Helga Reigstad)