PRESSEMELDING:

 

Solfjelløpet er eit motbakkeløp som har vore arrangert sidan 2009 i eit naturskjønt område med utsikt over Ulvanosa, Rosendalsalpane, Sunnhordaland og innseglinga til Hardanger. Løypa startar med ein skogsveg samt litt utmark før den går over i eit litt flatare fjellparti. Løypa går så over i eit brattare fjellparti før ein kjem opp på snaufjellet med litt flatare parti opp til toppen, der ein møter eit fantastisk utsyn med fjord og fjell.

Det vert også arrangert barneløp (minisolfjell) som går frå midtvegs i løypa og opp til toppen 500-890 meter.

Påmelding og info finn du ved å besøkje heimesida vår:  http://www.uskedalil.no/uil/Solfjell%F8pet/cid/30883/
 
Vinnaren_2014_med_Hardangerfjorden.jpg
Erlend Drivenes på veg mot løyperekord i 2014. Foto: Kjell Yrui
 
Kondis sin reportasje fra løpet i fjor kan du lese her:  Erlend Drivenes med løyperekord i Solfjelløpet