Eit tilbakeblikk på veteran-NM i Byrkjelo:

Det var brukbar deltaking på mellomdistanse og langdistanse i klassane for menn frå 60 til 75 år. Forøvrig var det altfor få både av kvinner og menn. Det er lav terskel for å delta i veteran-NM og stemninga er avslappet. Dei fleste deltar i minst ei øvring kvar dag. Dermed blir det ikkje fullt kjør heile vegen til mål. Resultatene må difor vurderast på ut frå det. 

Dag 1:
Kvinner: Magnhild Myklebust (62 år), Florø T&IF hadde fine 6.38.07 på 1500 m. Velkjende Oddbjørg Håkensveen (68 år), Veldre Friidrett løp på kjempegode 6.14.90.  

Menn: Bjarte Bogstad (52 år) klarte 16.29.19 på 5000 m. Utruleg bra! Helge Hafsås (45 - 49) klarte pene 17.24.63 på 5000 m. Svein Arne Sølvberg (65 år), Oppegård IL kom seg under 11 blank på 3000 m med 10.59.64, eit av mesterskapets beste resultat! Her hadde 75 år unge Bjørn Tvedt 13.40.75.

Dag 2:
Kvinner: 3.02.21 på 800 m i klasse 55 - 59. Sigrun Økelsrud stod for dette flotte løpet. Magnhild Myklebust i klassen over klarte gode 3.15.23. Men aller mest imponerte Oddbjørg Haakensveen (68 år) med 3.03.42 medan  Marian Stenbakk (69 år) hadde gode14.21.43 på 3000 m. 

Menn:
39 år unge Kristian Nedregård frå Spjelkavik klarte respektable 2.02.88 på 880 m. 2.04.76 på nyveteranen (35 år) Pål Johannes Larsen IL i BUl er også eit godt resultat. Spørs om dei held nivået til Kjell Odd Steinset frå Jølster når dei er 77 år: 2.51.50 på 800 m og 6.07.54 på 1500 m. Fenomenalt! Verdsrekorden i klasse 80-84 år er på 6.24. Det kan vera eit treningsmål til han rundar 80. I fjor sette han aldersrekord for 75-79-årsklassa med 5,44,73 i VM for veteraner. 

Dag 3:
Kvinner: 5000 m: Marian Stenbakk (65 -69) klarte flotte 23..53.02. Eva Carlsen (70-74) 27.51.37, imponerande av begge,

Menn: 1500 m: Kristian Nedregård (39 år) klarte 4.18.78, småpent. Han er god for rundt 4.00, så det har ikkje vært full fart heile vegen. 10000 m: Helge Hafsås er den i verda som har flest seire på maraton, På Byrkjelo "sprinta" han 10000 m på 35.32.11. 65-årige Svein Arne Sølvberg (som dominerer sin årsklasse i det store Etape Bornholm) klarte supre 18.46.82 på 5000 m. Her hadde ostringen Arne Mjelde og trønderen Hagbart Vebostad i 70-årsklassen eit durabeleg oppgjer som sistenemde vann på flotte 21.56.85. Mjelde like bak med 21.57.08.


Ein takk
Så var flotte NM-dagar i Sogn og Fjordane over. Veret i utandørsidrett kan ikkje arrangører gjera noko med, men denne helga var det optimale tilhøve for friidrett. Arrangørane  hadde lege seg i sela, og det aller meste gjekk knirkefritt. Det Kondis sin utsende sette mest pris på, var ein utruleg venleg stab i alle ledd. Og tidsskjema vart halde, så og seia til minste detalj.


Biletet: Me gjev blomar til arrangørane!
Dei hadde pynta til friidrettsfest, så vi brukar ein av dei flotte dekorasjonane på stadion som ein hyllest
.



IMG_0021_640x480eldstemann.jpg
Inge Asbjørn Haugen og eldstemann i veteran-NM, Gudmund Skrivervik Gloppen IL, utruleg nok heile 92 år gamal.

premiepall.jpg
Arrangørane i Fjellhug Vereide IL, Gloppen IL og Sandane IL hadde laga flott premieseremoni.

DSCN4489.JPG
Frå venstre: Aksel Øvsthus, Mjøsdalen IL, Harald Nygård, AKS-77 og Leif Reknes, Florø T&IF.

DSCN4392.JPG
Eit av startfelta: 800 m klasse 70-74 og 75 - 79 år. Nr 216 Bjørn Tvedt, Veldre Friidrett, nr 160 Arne Mjelde,Osterøy IL,
189 Hagbart Vebostad, Strindheim IL, 116 Gunvald Gundersen, IF Klypetussen, 24 Gunnar Gaulen, AKS-77 og nr 35
Harry Tunestveit, IL FRI.                                                                                            Foto: Gisle Sellevold/Kondis
 
DSCN4474.JPG
Frå venstre: Eva Carlsen, Ready IL,  Oddbjørg Haakensveen, Veldre Friidrett,  Mariann Stenbakk, Moss IL, 
Magnhild Myklebust, Florø T&IF og Sigrun Økelsrud, Veldre Friidrett.

August 2014: NM-veteranar:    NAMSOS
 

2014:  Nordisk for veteranar:  HAUGESUND

Reportasje lørdag: Gular sette nordisk rekord på 1000 m
Reportasje fredag: Sterke løp av Nygård og Bogstad
Forhåndsomtale:   Veteran-NM på Byrkjelo startar i dag 

Resultater 1000 m stafett
Resultater søndag 11. august
Resultater lørdag 10. august
Resultater fredag 9. august
Startliste
NMs nettside