Kondis har fått inn følgende pressemelding fra Hareid IL

Nordvest Maraton har blitt kalla det vakraste løpet i Norge. Og det er ikkje vanskeleg å tenke seg kvifor. Løypa går i naturskjønne omgjevnader i Hareid kommune. Ein skal til dømes springe langs Grimstadvatnet og rundt nesten heile Snipsøyrvatnet, to turistattraksjonar. Og ikkje berre er det mykje flott natur å sjå på. Du får også oppleve ei variert løype med både grus og asfalt (og bittelitt tartan), der det både går mykje bortover og litt opp og ned her og der.

Etter at løypa vart lagt om i 2014 startar ein på Hareid stadion, tek Rotary-stien (grus) fram til Kaldholen, spring deretter rundt det idylliske Snipsøyrvatnet (asfalt) før ein spring Kaldholvegen (grus) ned til Hareid kyrkje, før ein svingar seg tilbake mot Hareid stadion. Dei som spring full distanse skal gjennom denne flotte løypa to gonger.

Rekord i fjor

Nordvest Maraton har hatt sine bølgedalar i deltakinga gjennom 30 år, men har opplevd veldig god framgang dei tre siste åra. I fjor fullførte 113 deltakarar halvmaraton og 14 på heil. I år håper ein spesielt på auka deltaking på heil distanse. Fleire som sprang halv i fjor har allereie signalisert at dei vil prøve seg på heil i år.

Det blir i år som i fjor også ein trimvariant utan tid – 8 eller 21 kilometer.

Det viktigaste med Nordvest Maraton er sjølvsagt å få med seg breidda.

Alle får ein flott deltakarmedalje. I tillegg blir det premiering av topp tre i kvar klasse.

Hafsås i tet

Men ein kjem heller ikkje vekk frå at nokre er meir ambisiøse enn andre.

På heil distanse er det ingen som har vore kjappare enn Helge Hafsås frå Olden, som sprang i mål på tida 2.33.03 i 2006. Det var i den gamle løypetraseen. Løyperekorden for kvinner sette nemnde Louise Skak i 2017, då ho fekk tida 3.12.58. Therese Falk frå Hareid, kjent som ein av dei beste ultraløparane i landet, var faktisk ikkje langt unna å slå denne tida i 2018. Men ho vart klokka inn på 3.13.17.

Berry van den Bosch, Strindheim er beste kvinne på halv distanse. I 1996 fekk ho tida 1.28.08. Beste mann på halv distanse er Oddbjørn Skogen, som i første året løpet var arrangert (1991) slo til med tida 1.09.35.

Lokale eldsjeler står bak

Nordvest Maraton har sidan starten i 1991 vore leia av mange lokale eldsjeler. Fleire av dei er med framleis. I ei årrekkje har styret no bestått av Vidar Vollsæter, Jon Kåre Mork, Bjarte Sunde, Henning Røyset og Kristian Angelsen. I det siste har Kim Lillebø gått ut etter fleire års god innsats. Vi takkar så mykje! Einar Orten Trovåg har tatt over ein del av oppgåvene Lillebø hadde. I tillegg bidreg ei rekkje andre personar på ulike måtar før og under arrangementet.

Kretsmeisterskap

Nytt av året er at Nordvest Maraton også er KM for Møre og Romsdal i halvmaraton og heilmaraton. Dette hindrar sjølvsagt ikkje deltakarar som ikkje soknar til fylket frå å vere med, men er ei ekstra gulrot til dei frå Møre og Romsdal. Ein må vere medlem i ein klubb i fylket for å vere med i KM.

I halvmaraton kan ein vinne gull, sølv eller bronse i KM i desse klassane: 15 år, 16 år, 17 år, 18-19 år (U20), junior 20-22 år (U23), senior, 35-39 år, 40-44 år, 45-49 år, 50-54 år, 54-59 år, 60-64 år, 65-70 år og så vidare heilt opp til 90 år og eldre.

For maraton er aldersgrensa 18 år. Yngste klasse her blir derfor U20 (18-19 år).

Påmelding

Informasjon for påmelding ligg på Nordvest maraton si heimeside.

Påmeldinga startar i år søndag 20. juni.

I utgangspunktet stengjer påmeldinga torsdag 19. august klokka 21.00, men om det er ledige plassar kan ein også melde seg på løpsdagen.

Løpet har også ei eiga facebookside og ein eigen event for denne utgåva av løpet.

Koronasituasjonen

I fjor vart det lagt ein del restriksjonar på løpet grunna koronasituasjonen. Dette gjaldt mellom anna garderobar, premieutdeling og avstandsreglar. Nøyaktig korleis dette blir i år er for tidleg å seie no i juni. Men sjekk nettsida vår fram mot løpet. Vi legg inn eventuelle koronareglar seinast éi veke før løpet.

Vel møtt!

3.jpg
Foto: Ådne Andersen/Hareid IL.

DSC_6916.jpg
Foto: Ådne Andersen/Hareid IL.

DSC_7008.jpg
Foto: Ådne Andersen/Hareid IL.

nv.jpg
Foto: Ådne Andersen/Hareid IL.