Det kom løparar frå store delar av landet og ikkje nok med det, påmeldt var også ein brite, ein amerikanar og ein i frå Australia. Den som kom mest stansmessig var likevel Anders Kjærevik frå Varaldsøy som landa i eige helikopter på eit jorde like ved starten.

Fleire kjende profilar i motbakkemiljøet var påmeldt og ryktene gjekk i startområdet om at i år ville løyperekorden ryka.  Det slo ikkje feil. Ultraløpar Lars Erik Skjervheim, voss IL,  banka den gamle rekorden med over 4 minutt og kom i mål på tida 1.19.01. Heile fire løparar slo den gamle rekorden noko som fortel litt om kor høgt nivået var i år.

Nr. 2 vart Glenn Tore Løland Sauda IL og nr. 3 vart nok ein vossing Hans Inge Klette. Vinnar i dameklassen vart Merete Faret med tida 1.57.50. Sindre S. Eide vann juniorklassen med den gode tida 44.00 til Gardshammar.

Dagen i førevegen var det lite som tyda på at årets utgåve skulle bli ein god oppleving. Naturkreftene laga mykje ekstraarbeid for arrangørane som måtte sjå at telta på samlingsplassen som nettopp var rigga, vart hiven rundt i eit kraftig vindkast. Funksjonærane som var på veg til til Fonnabu måtte søkje nød i Breidablikkhytta i uværet som herja. Heile natta gjennom bles og regna det, men som ei openbaring stilna vinden av om morgonen og det vart  etterkvart klarver og fine løpeforhold

Herrevinnarar.jpg
Pallen herrer. Foto : Arrangøren

Resultater topp 5 herrer

Plass Fornavn Etternavn Klubb Tid
1 Lars Erik Skjervheim Voss IL 01:19:01
2 Glenn Tore Løland Sauda Il/Team La Sportiva 01:20:44
3 Hans-Inge Klette   01:20:57
4 Morten Gjendem   01:21:25
5 Anders Kjærevik Varaldsøy IL 01:24:56



Damevinnarar.jpg
Pallen kvinner. Foto : Arrangøren

Resultater topp 5 kvinner

Plass Fornavn Etternavn Klubb Tid
1 Merete Faret   01:57:50
2 Mona Eikemo Røstbø   01:58:21
3 Kristine Fossmark   02:02:32
4 Tina Rosvold Eik   02:10:30
5 Berit Asheim   02:15:51


 

Alle resultater



Born start.jpg
Fra barneløpet. Foto : Arrangøren

Etter brua.jpgBaktroppen konkurranseklassen ut fra start. Foto : Arrangøren