Ingressbilde: ( Foto Christian Prestegård). Det osa nasjonale og internasjonale gullmedaljer frå pallen i dameklassa. 51-åringen Anita Håkenstad Evertsen som vart nr 2 i går har m.a 4 NM-gull i motbakkeløp og EM-og VM-gull i motbakkeløp frå 2007-8. May Britt Buer som vann Fortun-Turtagrø i går har 4 NM-gull i motbakkeløp og Merete Helgheim på 3. plass i går har så mange NM-gull i kappgang at ho må ta i bruk meir enn alle fingrane på begge hendene når ho skal summere opp alle gullmedaljane. Merete har også bronsemedalje frå NM i motbakkeløp i 2007 då det vart arrangert i Fanaråken Opp.
May Britt Buer, Team La Sportiva Norge, i mål som vinnar på Turtagrø (Foto Lene Bolstad)
Per Christian Lysaker, Team Sportsmanden med vel 2km til mål og siger 1 min 43sek før nr 2 Hans-Inge Klette, Viljar IL. (Foto Heidi Listou)
Joel Dyrhovden, Samnanger IL med forføljaren Hans-Inge-Klette, Viljar IL like bak. I mål var rollane bytta om. Hans-Inge vart nr 2 då han sprang i frå Joel med 9 sek på slutten. Joel er ein av dei som har delteke oftast i Fanaråken Opp sidan han i 2007 vart Noregsmeistar for Junior i motbakkeløp i Fanaråken Opp. (Foto Hege Listou)
Sjå fullstendig resultatliste på www.fanaraaken.com
Frå starten i Fortun 35moh kan deltakarane sjå opp og fram mot 10km motbakke på asfaltert veg med 830 høgdemeter opp til mål ved Turtagrø Hotell. (Foto Eli M. Moen)
Ved mål på Turtagrø låg det varsla uværet truande i bakgrunnen ved Skagastølstindane og Fanaråken. Løparane fekk heldigvis flotte løpsforhold med berre nokre regndråpar og vinden merka vi fyrst godt som motvind då vi nærma oss Turtagrø. (Foto Christian Prestegård)
Team IL Fanaråk kunne juble i målområdet for eit flott gjennomført løp både for seg sjølve og på vegne av arrangørklubben IL Fanaråk som nok ein gong hadde gjennomført eit flott arrangement. Frå venstre Per Ove Walaker som vart nr 2 i M45 og til høgre Håvard Fuglesteg som vart nr 3 i M35. Kondis' utsendte i midten kunne også glede seg over å få klassesiger i M60 som bonus i tillegg til ein praktfull opptur på gamle trakter. (Foto Linn Therese Skagen)
Merete Helgheim, Førde IL, i mål som nr 3 av damene. Den same plasseringa fekk ho også i 2007 då ho vart nr 3 i NM i motbakkeløp i Fanaråken Opp. I 2010 vart også Merete nr 3 med Anita Håkenstad Evertsen og May Britt Buer på 1 og 2. plass. (Foto Lene Bolstad)
Yngvar Andersen leia pemieutdelinga og var ein populær premieutdelar. Her deler han ut to premiar til Selina Asperheim Barsnes, IL Jotun, som både vann kl D15-17 og som var raskaste kvinne under 20år. Ho var faktisk raskaste dame under 35år på 4. plass totalt av damene. (Foto Christian Prestegård)
Selina Asperheim Barsnes, IL Jotun. (Foto Lene Bolstad)
Mikkel Blikstad Thomassen, Lillehammer IF, i mål som vinnar av både klasse M15-17 og av premien som raskaste løpar under 20år på tida 50:50.(Foto Lene Bolstad)
Skiløparen Eskil Hov, Kaupanger IL, vann kl M18-19 på 52:12 (Foto Lene Bolstad)
Yngvar Andersen i mål i trimklassa. Det var fleire (75stk) som blei med Yngvar i trim enn som sprang i konkurranseklassa (55 stk). Etter målgang vart det organisert transport for deltakarane ned igjen til Fortun, men Yngvar sprang også ned igjen som motivator for dei som var på veg opp. (Foto Lene Bolstad)
Svein Steinsland, Samnanger IL, i kl. M70-74år spring i mål på 1:39:57. For Svein er det ein personleg siger å kunne delta i og gjennomføre eit så krevande motbakkeløp etter hjarteproblemer dei siste åra. Svein har sidan starten på motbakkeløpbølja for vel 15 år sidan vore ein ivrig deltakar i motbakkeløp rundt om på Vestlandet, -ikkje minst i Fanaråken Opp. (Foto Christian Prestegård)
"God gamal årgang", - Nei desse gutane er ikkje gamle, dei har berre høg alder. Her er Svein Steinsland saman med Birger Normann Hanstveit, Mjøsdalen IL, som vann klasse M75+ på tida 1.17:19 (Foto Christian Prestegård)
Fire glade deltakarar som har ei lang og god deltakarhistorie frå Fanaråken Opp kan juble for nok ei praktfull løpsoppleving i Skjolden og "fjellstroka innafor". Her utanfor Fjordstova/Skjolden Hotell med utsyn utover Lustrafjorden ved starten på verdas lengste fjord Sognefjorden. Til høgre for meg er Anita Håkenstad Evertsen med døtrene Anja til høgre og Ronja til venstre. Vi kjem alle attende til Fanaråken Opp neste år uansett vær og føre (Foto Geir Hauge)
Sjå mange bilder frå løpet på Facebooksida til Fanaråken Opp
Sjå også reportasjen på Kondis.no frå løpet i fjor som var Norgescup i motbakkeløp