Arrangør IL Fanaråk tok i går ei fornuftig avgjerd om å flytte dagens løp pga av vertilhøva med store nedbørsmengder i forkant, sterk vind og minusgrader og nysnø på toppen av Fanaråken 2068 moh. Av omsyn til tryggleiken for løparane vart løpet flytta til ei 10 km lang løype med vel 800 m stigning på RV55 frå Fortun 40 moh til Turtagrø Hotel 868 moh.

Fanaråken Opp var i år tildelt siste løp av 5 i årets Norgescup i motbakkeløp. Løypendringa fekk ikkje konsekvensar for NC-statusen til arrangementet. Vinnarane av Norgescupen Eli Anne Dvergsdal og Stian Øvergaard Aarvik var allereie klare etter dei fire fyrste løpa. Dei stilte heller ikkje til start i dag i Fanaråken Opp, og dei skulle ha sprunge svært fort om dei skulle ha trua dei suverene vinnarane i dag.

 

640_AnnieBersagel_fotoChrPrestegård.jpg

Annie Bersagel (USA) representerer IK Tjalve i Noreg. I år er ho også teken ut på laget til USA i VM i motbakkeløp om ca. 1 mnd. Her er ho like før målgang ved Turtagrø Hotel på tida 49:49. Det skulle gå 3 min og 7 sek før nr. 2, Maren Wangensteen, Høre Ryfoss IL, kom i mål. 

 

640_Øyvind_H_Sundby_g _Torstein_Foto_ChrPrestegård.jpg

Øyvind Heiberg Sundby, IK Tjalve (ektemannen til Annie Bersagel) ligg her på 2. plass etter ca. 2 km med Torstein Tengsareid, IL Skjalg, hakk i hæl. Øyvind sprang etter kvart i frå Torstein med 1 min og 32 sek. Øyvind vart nr. 2 medan Torstein kom på 4. plass. Øyvind som m.a. har to NM-gull i motbakkeløp, har dei siste åra satsa mest på sykkel, men i år har han vore tre veker på høgdetrening i Colorado med sikte på toppform i neste helgs La Sportiva Skåla Opp. I fjor imponerte Øyvind med 3. plass der kun 10 sek. bak verdsmeistar Robbie Simpson frå Scotland.. 

 

640_Caroline_Holsen_Kyte_FotoChrPrestegaard.jpgKaroline Holsen Kyte, Førde IL, mot mål på Turtagrø til 3. plass på tida 53:31. Karoline har i år vore plaga med skader etter fjorårets flotte sesong då ho mellom anna vann La Sportiva Skåla Opp og vart nr. 2 World Cup-avslutninga i Mountain-Running i Slovenia.

 

Resultatliste totalt alle damer:

640_Resultatliste Damer.jpg

 

Resultatliste 30 beste menn totalt av 66.

640_Resultatliste Menn.jpg

 

For fullstendig resultatliste inkl for kvar klasse sjå heimesida til Fanaråken Opp www.fanaraaken.com

 

640_Start_Fortun_fotoChrPr.jpgUtsyn ned mot starten i Fortun. Fotoet er teke omlag 2 km opp i løypa

 

640_Per-Christian_FotoChrPr_jpg.jpg

Per-Christian Lysaker Torgersrud, Team Sportsmanden, var nr 3 på tida 44:45

 

640_TorsteinTengsareid_FotoChrPrestegaard.jpgTorstein Tengsareid, IL Skjalg, vart nr. 4 totalt og sikra dermed 2. plassen samanlagt i Norgescupen.

 

640_Nr4_dame_IngridUkkelberg_fotoChrPrestegård.jpgIngrid Ukkelberg, Marnadal IL vart nr. 4 av damene.

 

640_GeirSteig_Foto_ChrPrestegård.jpgGeir Steig; Luster IL vart nr. 5 av alle menn med tida 46:25

 

640_HåvardKlakegg.Jølster_FotoChrPrestegård.jpg16-åringen Håvard Klakegg, Jølster IL, vann klasse M15-17 år på tida 50:57.

 

640_Walaker og Bolstad_FotoChrPrestegård.jpgDei to raskaste løparane i arrangørklubben IL Fanaråk vart nr. 1 og 2 i klasse M45-49. Frå venstre Per Ove Walaker (53:02) og Jan Øyvind Bolstad (53:54).

 

640_KjellMundal_fotoChrPrestegaard.jpgKjell Mundal, Fjærland, vann klasse M50-54 på 51:45 og var jublande glad for løypeendringa. 

 

640_Christian Børs Lind _fotoChrPrestegård.jpgEldste deltakar Christian Børs Lind frå Røa i Oslo er 78 år og sprang i mål på 1:17:08. Christian og 75-åringen Birger Normann Hanstveit, som kom i mål på 1:13:40, er gode forbilder og inspiratorar også for oss i dei yngre veteranklassane til å halde treninga godt ved like....