Lørdag 8.juni i pinehelga skal hundrevis av syklister og løpere på nytt kjempe om å kome først opp på fjelltoppen Dalsnibba i Geiranger.

Pressemelding frå Geiranger frå fjord til fjell.

Turrittet Nibberittet og motbakkeløpet Nibbeløpet vert arrangert som tidlegare med start ved fjorden i Geiranger og målgang på fjelltoppen Dalsnibba etter 21 km og 1500 m stigning. Dette er ei skikkelig prøve for kroppen som byr på flotte naturopplevingar frå sommaren ved fjorden til snøen ved målgang. Alternativt kan du delta i trimklassene Nibberittet trim eller Nibbemarsjen utan tidtaking i same løypa. Vi byr også på Nibbeløpet Mini for dei som er fornøgde med 4 km og 300 m stigning. Dette er tiltenkt dei yngre men er ope for alle.

Om 21 km er for kort for deg, så byr årets arrangement på ein ny godbit, nemlig Geiranger World Heritage Ultra samt egen forhåndsomtale på Kondis . Dette er eit nytt ultraløp med start i Norddal, over Storåsen til Eidsdal, så til Geiranger og vidare opp til målgang på Dalsnibba. Løpet er på ca 57 km og har ei stigning på ca 3000 m opp og ca 1500 m ned. Dei første 36 km til Geiranger går stort sett på sti/traktorveg, mens siste del frå Geiranger til Dalsnibba følgjer same trasé som Nibbeløpet og Nibberittet på asfalt (21 km). Dette er ei knalltøff utfordring for alle ultraløparar som går gjennom eit av dei vakraste natur- og kulturlandskapa i landet! Les meir om Geiranger World Heritage Ultra her (m/bilde) og sjå ei gjennomflyging av løypa her.

Ultraløpet er eit prøveløp i 2019 og det medfører at Nibbedobbelen utgår i 2019. 
 
Påmelding gjerast på www.frafjordtilfjell.com. Kontingentane for Nibberittet og Nibbeløpet er 399,- for påmelding før 7. mars, og går deretter opp til 499,-. Kontingenten for Geiranger World Heritage Ultra er kr 900,-

Geiranger frå fjord til fjell på facebook
 
2019-arrangementet er i pinsa, som vanlegvis er ei travel tid i Geiranger. Bestill derfor overnatting så snart som råd, og vi kan også anbefale overnatting i Eidsdal og Norddal, evt. i Skjåk og Stryn litt lenger vekk. Med langhelg er det også mulig å bli lenger for å nyte naturen også på søndag og måndag, enten på Geirangerfjorden, i Herdalen, på ski til Blåtind eller andre stader på indre Sunnmøre. 
 
Loep_2016
Fra Nibbeløpet 2016. Foto: Knut Arild Maråk
 

Loeper.jpg
Nibbeløpet. Foto: Martin Hauge-Nilsen.

Sykkel.jpg
Nibberittet. Foto: Martin Hauge-Nilsen.

Myesno.jpg
Mye snø i 2015. Foto: Martin Hauge-Nilsen.

Tandem.jpg
Tandem. Foto: Martin Hauge-Nilsen.

Fatbike.jpg
Fatebike. Foto: Martin Hauge-Nilsen.

utsikt_Geiranger.jpg
Utsikt fra Dalsnibba. Geiranger langt der nede. Foto: Martin Hauge-Nilsen.