Velkommen til Gloppen og Sandane for ei løpsoppleving i flott Nordfjordnatur!

Etter to år med uttesting av løype, og om der er interesse for halvmarton i Nordfjord, arrangerer Fjellhug/Vereide IL i år Gloppen Halvmaraton «på alvor».  

Løpet går laurdag 8. oktober, og har start og mål i Sandane sentrum.


P1050711 - Kopi (640x369).jpg
Startfeltet på fjorårets prøveløp (arrangørfoto).
 

Løypa er kontrollmålt av Ivar Sandø, Bergen, og resultata er difor kvalifiserte til å kome inn på dei offisielle statistikkane.  Med ein løypeprofil som er flat og løpsvenleg, skulle difor trassèen vere attraktiv for dei som ønskjer ei god tid.

- Premiering er kanskje ikkje det viktigaste, men den vil i alle fall verte gjort på startnummer. Vi kan mellom anna freiste med kortreiste lokalproduserte produkt innan mat som kan vere verdt å ta med seg heim etter løpet, sier Dagfinn Nyhammer, leiar i Fjellhug/Vereide IL friidrett.

- Også ein spesiell deltakarmedalje til alle, legg han til.

Heimeside

Fra fjorårets "testløp": Helge Hafsås sigra i den fyrste Gloppen halvmaraton

 

 

P1050791 - Kopi (2) (640x589).jpg
Datter og mor etter målgang i fjorårets prøveløp: Kristine Gustavsen og Torhild Ulvesæter (arrangørfoto).


P1050776 - Kopi (2) (640x597).jpgNokre av løparane etter fullført halvmaraton i fjor (arrangørfoto).
 

IMG_4281.jpgKondis løypemåler Ivar Sandø har kontrollmålt Gloppen Halvmaraton, på bildet måler han Ytrebygda Rundt.