(Alle foto: Joakim Dokka Nordstad)

Etter to år i dvale var det godt å koma ut i manesjen att for løparane som stilte til start til Hardinglaup, og også arrangørane i Hardanger Åtgaum fryda seg over å vera tilbake.

Og denne gangen fekk dei òg ein glitrande dag i fjellet, med skyfri himmel heile vegen frå start på Sjusete Skistadion ovanfor Øystese og heilt til dei kunne sjekka inn i mål utanfor Gamlekinoen på Voss. Og mellom her måtte dei tilbakelegga 54 kilometer og 2500 meter stigning. På fjellski. Det var ikkje maskinpreparerte spor, her måtte skia behandlast slik at dei kunne bringa deg fram over fjella.

Ein av dei største utfordringane var skareføret. Det gav god glid, men var krevjande å få festa.

For å delta i Hardinglaup må ein dokumentera solid erfaring med ferdsel og orientering i høgfjellet. Løypa blir følgd gjennom gpx-spor. Deltakarane må innom tre sjekkpunkt.

Det var både individuelle klassar og lag på 2 og tre personar.

Den som kom seg aller først til Voss, og som dermed vann Hardinglaup, var Joel Dyrhovden. Han er kjent for å kunna røra seg raskt i krevjande terreng, han har til dømes mange pallplasseringar i Stoltzekleiven Opp. 6:45 brukte han på den lange turen til Voss, det var 45 minutt føre nestemann, Øystein Røen.

Joel Dyrhovden var òg fornøgd med heile opplevinga:

– Fantastisk dag i fjellet! Skyfri himmel heile vegen. Løpet starta såpass tidleg (06:00), at ein fekk oppleva soloppgangen over Hardingfjella. Flott syn. Skare stort sett heile vegen, kunne Joel fortelja.

Etter to kilometer rykte han frå dei andre deltakarane, og gjekk resten av løpet åleine i front:

– Det var god glid, men krevjande smøreforhold. Einaste som gav feste var feller - dei glir dårleg på skaren. Veksla då mellom kortfeller og langfeller alt etter kor bratt det var. I dei lengste nedkøyringane var det av med fellene, då gjekk det til tider farleg fort!

Arrangørane i Hardanger Åtgaum var òg fornøgde med dagen:

– Det gjekk svært bra. Ingen større uhell og ein trimma og særdeles dyktig stab med eigne mannskapar og frivillige frå Norheimsund og Øystese Røde Kors.

Les mer om Hardinglaup.

JDN02512.jpg
Sjå alle dei flotte bilda tatt av Joakim Dokka Nordstad i bildekarusellen øvst.

Resultat frå løpet:

Plass Navn BIB Kjønn CP1 CP2 CP3 Mål
1 Joel Dyrhovden 388 m 01:45 04:00 06:00 06:45
2 Øystein Røen 424 m 02:15 04:30 06:30 07:30
3 Ruben Dyrhovden 377 m 02:15 04:45 07:00 08:00
4 Sjurd Tørvik 396 m 02:15 05:00 07:30 08:15
5 Bjørg-Marit Valland 398 f 02:15 05:00 07:30 08:30
6 Per Arne Aadland 371 m 02:15 05:00 07:30 08:30
7 Magnus Berland 289 m 02:15 05:15 07:45 09:00
7 Nils Johan Borge 407 m 02:15 05:00 07:45 09:00
9 Ragne Elise Berre 390 f 02:15 05:45 08:15 09:45
10 Lene Kleiven 389 f 02:30 06:00 08:45 10:00
10 Asgaut Valland 425 m 02:15 06:00 08:45 10:00
12 Frode Sandven 397 m 02:15 06:00 09:15 10:30
12 Pål Thomassen 403 m 02:30 05:45 09:00 10:30
13 3 x Øyri 422 m 02:30 05:45 09:00 10:30
15 Jørgen Fjell 393 m 02:30 06:00 09:30 10:39
16 Gro Dyrhovden 354 f 02:30 06:00 09:30 10:46
17 Anders x 2 415 m 02:30 06:30 09:45 11:30
18 Thomas og Jon Herman 409 m 02:45 06:45 10:00 11:45
19 Hans Christian Tenol-Tuxen 332 m 02:30 06:45 10:00 12:00
20 Gisle Kvamme 404 m 02:30 06:45 10:00 12:00
21 Kent Ruben Vindenes 102 m 02:30 07:00 10:45 12:15
21 Kristian Fredrik Thomassen 405 m 02:45 06:30 10:30 12:15
22 Brøttfjottene 417 m 02:30 06:45 10:30 12:15
23 Remi og Thomas 418 m 02:30 06:45 10:45 12:15
25 Jørgen og Hedvik 408 x 02:45 06:45 10:30 12:30
26 Mederic og Sylvain 412 m 02:45 06:45 10:30 13:15

Hardinglaup_Løype.JPGLøypa i Hardinglaup.

Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957