Ut å gjera lekser: Å trene seg opp til å tole trening kan ha mykje føre seg enten ein startar tidleg eller seint i livet.

Å gjera leksene med glede

Sjølv de største talenta må trene mykje om dei skal kjempe om dei gjevaste plasseringane. Første steg på reisa mot toppen er difor å trene seg opp til å tole trening.

Publisert

Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.
Artikkelen har stått på trykk i Kondis nr. 3–2026.

Da eg for mange år sia jobba på Norges idrettshøgskole og saman med professor Gunnar Breivik gjennomførte studien «Hvorfor ble de best best?», var Ådne Søndrål ein av dei eg intervjua. Mannen med fire VM-gull og OL-medaljar av alle valørar forklarte prestasjonane sine med at han hadde trena meir og hardare enn dei aller fleste.

Til innvendinga mi om at han kanskje tolte meir trening enn dei andre, hadde han svaret klart:

«Det irriterer meg litt når folk sier det. Det er ikke noe spesielt med kroppen min. Folk sier at det ikke er noe problem for meg, for jeg tåler så mye mer enn andre. Men det er ikke tilfeldig at den gjør det. Jeg gjorde leksene da jeg var 14 år, ikke sant, og derfor tåler den mye nå. Andre som ikke gjorde leksene sine, tåler ikke ting nå. Så det er ikke noen sånn gudegave som jeg har fått, at jeg tåler ting som ikke andre tåler.»

Klart poeng

Poenget hans var klart: Skal du bli best i verda, må du trene like bra som dei beste i verda. Men for å kunne gjera det, må du trene deg opp til å tole den treninga som trengst.

Eit kjenneteikn ved både Ådne Søndrål og mange av dei andre eg intervjua, var at dei leika mykje og dreiv med mange ulike idrettar i oppveksten. Den organiserte treninga dei var med på, utgjorde berre ein liten bit av aktiviteten deira. Kondisjon, styrke, balanse og koordinasjon vart utvikla like mykje gjennom leik i naturen som gjennom strukturert trening i standardiserte omgjevnader.

Med eit slik allsidig grunnlag på plass var dei rusta til å trene både mykje og meir spesifikt når dei vaks til og idrettssatsinga vart meir og meir seriøs. Dei tolte så mykje både fysisk og mentalt at dei var i stand til å trene på det høgste nivået utan å bli skada, overtrent eller lei.

Om artikkelforfatteren

Runar Gilberg (f. 1965) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg har vært med og arrangere Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton.

Steg for steg

Noko av det same gjeld òg for oss som ikkje har som ambisjon å bli best i verken verda eller landet, men som kan hende har eit mål om å gjennomføre eit langt løp eller å komma med på Kondis-statistikken på 10 km eller maraton. Det er ikkje berre å byrje å trene det som skal til for å springe mila på 39 minutt om ein ikkje allereie har eit grunnlag. I starten handlar det først og fremst om å trene seg opp til å tole den treninga som må til om ein skal klare mila under 40 minutt.

Det gjeld å ta det steg for steg. Byggje stein på stein. Gjerne variere innhaldet i treninga og slik minske risikoen for å bli skada eller å gå lei.

I siste nummer av Kondis kunne vi lesa om Tommy Bangjord Hove som i vinter har sprungi 10 km på 28.49 og halvmaraton på 1.03.01. Det var framgang frå i fjor med mest 1 minutt på 10 km og over 2 minutt på halvmaraton, noko som er langt frå sjølvsagt når ein allereie er på såpass høgt nivå og i tillegg er kommen eit stykkje opp i 30-åra.

Men sjølv om det store gjennombrottet kom i år, så hadde Hove brukt fleire år på å leggje grunnlaget. Først som fotballspelar i tenåra og så med gradvis meir springing gjennom fleire år. Da han i fjor sommar bestemte seg for å satse meir seriøst med eigen trenar og strukturert program, hadde han trent seg opp til å tole å trene som ein toppidrettsutøvar.

Sjølv om det er tidene og treningsmengda hans no som imponerer og får omtale, så er dei åra Hove brukte på å komma seg dit han er i dag, like viktige for dei prestasjonane han leverer.

Tommelfingerregel

Ein tommelfinger er at ein kan ha ca. ti år med framgang som langdistanseløpar omtrent uavhengig av når i livet ein startar å trene. Somme kan auke treninga raskare enn andre, men for dei fleste er det betre å auke ganske så gradvis og slik minske risikoen.

Kroppen vår kan tole det utrulegaste, men den treng tid på å venne seg til nye belastningar. Sjølv om hjarte og andre musklar responderer fort, så treng både sener og bein tid på å herde seg.

Sjølv har eg sleti med ein hamstringsskade denne vinteren – etter at eg vart litt for ivrig i juleferien. Når eg no er så vidt i gang med å springe, er fokuset å trene meg opp til å kunne trene tilnærma normalt igjen. Sjølv om kondisen til ein viss grad er halden ved like med skigåing og anna alternativ trening, treng både baklår og resten av løpemuskulaturen gradvis tilvenning etter å ha vori ute av drift i over tre månader.

Ådne Søndrål meinte det ikkje var noka gudegåve å tole trening. Han hadde i motsetnad til mange andre gjort leksene sine.

Men kan hende er det likevel ei gåve å kunne gjere leksene sine dag ut og dag inn utan å kjede seg. Utan å tenkje på det som lekser.

Vi berre gjer det vi likar best. Vi driv idrett.

Powered by Labrador CMS