Øyvind Heiberg Sundbyknuste den gamle rekorden i Balestrand Opp. (Foto: arrangøren)
Øyvind Heiberg Sundbyknuste den gamle rekorden i Balestrand Opp. (Foto: arrangøren)

Ekteparet Bersagel og Sundby vann Balestrand Opp

Laurdag 21. august gjekk det 5,4 km lange motbakkeløpet Balestrand Opp med 970 høgdemeter frå Sognefjorden til fjellet Raudmelen 972 moh. Det vart ein praktfull løpsdag med sol og om lag 18 grader ved start og 13 grader på toppen. Ekteparet Annie Bersagel og Øyvind Heiberg Sundby vann kvar si klasse.

Publisert Sist oppdatert

Øyvind Heiberg Sundby, Tjalve, med røter i Balestrand, knuste den gamle rekorden til Geir Steig frå 2019 på 40.19. Øyvind som er son til løpsleiar Trond Sundby, sprang på 38.33.

Det var eit sterkt felt i herreklassa der òg nummer to, Asbjørn Slagtern Fjellvåg, og nummer tre, Vegard Holsen, kom i mål under den gamle løyperekorden. At så mange forbedra tida si, skuldast også lettare sekkar ettersom det i år ikkje var vektkrav til sekken, berre krav til innhold.

Då eg deltok i 2018, var det krav om sekk som måtte vege minst 2,0 kg. Då eg i år pakka sekken min med det utstyret eg skulle ha i den, var vekta totalt 0,9 kg. Andre eg snakka med hadde fått vekta ned i 0,7 kg og hevda at dette nok kunne utgjere meir enn eitt minutt på sluttida.

Det vart også ny løyperekord i dameklassa då Annie Bersagel, IK Tjalve sprang i mål som vinnar på tida 47.04. Ho var omlag 10 sek. raskare enn den tidlegerare rekorden på 47.13,7 tilhøyrande Anita Iversen Lilleskare, BFG Bergen løpeklubb frå 2019.

Som nybakt mor til Eva på fem månader var Annie litt usikker på formen før start, men det hadde ho liten grunn til. Annie vann med god margin på tida 47.04. Nora Markhus, Stord Allianseidrett på andreplass fekk tida 48.08. Nummer tre vart Sunniva Skuset, Hornindal på 51.02.

Oyvind-Sundby-Annie-Bersagel-Eva.jpg

Sprek familie: Øyvind Heiberg Sundby og Annie Bersagel vann begge Balestrand Opp, og dottera Eva var godt nøgd med innsatsen til foreldra. (Foto: Christian Prestegård)

Pallen-Balestrand.jpg


Alle dei tre raskaste karane sprang under den gamle løyperekorden. Øyvind Heiberg Sundby (midten) vann framføre Asbjørn Slagtern Fjellvåg (til venstre) og Vegard Holsen. (Foto: arrangøren)

Menn
1Øyvind Heiberg SundbyM 35-39IK Tjalve38:32.3
2Asbjørn Slagtern FjellvågM 23-34Asker CK Elite39:46.0
3Vegard HolsenM 23-34Førde IL40:18.0
4Øyvind Holsen FossM 23-34Holsen Boats and Bikes41:38.0
5Trym Dalset LødøenM 18-19Haugen IL42:00.6
Kvinner
14Annie BersagelK 35-39IK Tjalve47:03.1
15Nora MarkhusK 23-34Stord Allianseidrett48:07.7
19Sunniva SkusetK 23-34Hornindal IL51:01.6
23Mariann RoeK 23-34Skarphedin IL54:21.8
29Anne BekkhusK 40-44Vik IL01:01:42.1


Alle resultat

Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957
Powered by Labrador CMS