
Esther Innselset (44) spring raskare for kvart år
Esther har sprunge nesten kvar dag dei siste 10 åra. No spring ho inn til nye persar på alt frå 10 km til maraton. Her fortel ho om korleis ho trenar og om sitt nye mål; å komme under 3 timar på maraton.
Esther voks opp i Volda på Sunnmøre i ein svært aktiv og sprek familie. I barndommen dreiv ho med både springing, langrenn og handball. Då ho kom i 20-åra, var det mykje anna som freista, og det vart berre litt til og frå når det gjaldt trening. Slik var det ei god stund heilt til ho for rundt ti år sidan tok opp att aktivitetane frå barndommen, med springing og langrenn på fast basis.
No bur Esther på Hamar og er ein av dei tre trenarane som driv Kondistreninga Hamar. Ho har budd på Hamar dei siste 14-åra. Dei lange springturane går gjerne frå ishallen på Storhamar mot anten Stange eller Brummunddal.
– Det blir mest springing på asfalt, men eg er òg glad i å springe i terrenget. Vi har mange fine område som Furuberget rett ved der eg bur, og Ottestadstien i Stange. Eg liker òg godt å springe langs Mjøsa forbi Domkirkeodden eller langs Furnesstranda. Ekstra stas er det å avslutta turen med eit bad, seier Esther som óg er glad i å gå i fjellet på Sunnmøre, og ho er heime to veker kvar sommar og nokon helger ellers i året.
Spring 90-100 km i uka
Esther spring fem til seks gonger i veka, men har ikkje noko fast treningsprogram ho følgjer. Likevel blir veka fylt med både intensive økter og langturar.
– Eg liker å komme meg ut i frisk luft og få brukt kroppen, men det er ikkje alltid at treningsøktene blir utandørs. Eg er òg glad i å spele innebandy, og det blir gjerne ein til tre innebandytreningar i veka. Det er fine intervalltreningar og utruleg morosamt, fortel ho.
Om Esther skal springe intervaller utandørs, liker ho godt å springe 1000- og 2000-metrar, og gjerne på bane.
– Om eg spring 1000-metrar, tek eg gjerne frå seks til åtte stykke, medan eg tek tre til fire om det er 2000-metrar, seier ho.
Kvar laurdag spring ho langtur saman med ei venninne og nokre gutar som har slengt seg med. Då blir turene ofte på 20-30 kilometer i Hamar og omegn.
– Dei dagane eg ikkje spring langtur eller intervall, spring eg rolege turar på 10-15 kilometer, fortel ho.
Lite utsatt for skadar
Esther har vore heldig og vore lite plaga av skadar.
– Eg har hatt nokre småvondtar her og der, men det er ikkje mykje og ikkje meir alvorleg enn at dei har gått over etter ein par behandlingar hos ein fysioterapeut. Eg har aldri vore så skada at eg ikkje har kunna sprunge, seier ho og er svært takknemleg for det.
Esther trenar lite styrke og meiner sjølv at ho skulle ha trena meir. Likevel blir det ei variert treningsveke med både springing og innebandy. Ein dag i veka trenar ho òg tabata saman med ein venninnegjeng.
Tabata er ei treningsform der du skal yte så mykje du klarer i 20 sekund og deretter ta 10 sekunds pause før neste sett. Treningsforma utfordrar både kondisjonen og styrken. Fleire av øvingane er svært krevjande og gir mykje syre i beina om ein ikkje er van med dei. Til dømes kan ei tabataøving vere å gjere hoppande utfall. Du starter då i utfallsposisjon, går heilt ned og eksploderer opp frå posisjonen i botn. Lat beina bytte plass medan du er i lufta slik at du landar i utfallsposisjon med motsatt fot framme. Ei anna øving kan vere å ta så mange armhevingar, spensthopp eller sit-ups du orkar i 20 sekund.
– Vi møtest utandørs og kjører ei økt med faste øvvingar kvar gong, seier ho.
Dei beste løpsopplevingane
Esther liker å konkurrera og presse seg sjølv til stadig betre tider på dei ulike distansane. Ho deltek både i lokale konkurransar og i løp som krev litt meir reising som til dømes Frankfurt Marathon.
– Eg har sprunge Frankfurt Marathon to gonger. Det er ei flat og fin løype. I 2019 hadde eg eit utruleg godt løp då eg persa med tida 3.07. Det var tungt, men det gjekk greitt. Eg hadde håpa på 3.05, men var òg godt nøgd med 3.07, seier ho og legg til at ho no satsar på å komme under 3 timar på maraton om det snart blir opna opp for konkurransar igjen.
– Eg har ikkje sett meg ut noko løp enno, men det må vere eitt med ei flat løype om eg skal klare det, seier Esther som har stort fokus på maraton akkurat no. Tida på 10-kilometer og halvmaraton er ho nøgd med. No er det maratondistansen som står for tur.
– 10-kilometerspersen min har eg frå Hytteplanmila i 2018. Då sprang eg på 38.13. Det var eit løp som var perfekt på mange vis. Ofte får eg ein dupp rundt halvvegs i løp, men det fekk eg ikkje denne gongen. Eg hadde ei god kjensle heile tida. Det var utrolig godt å kjenne på, fortel ho.
På halvmaraton har ho klart 1.24, medan det framleis er 3.07 som er persen på maraton.
Den aller beste løpsopplevinga hadde ho eigentleg i Verona Marathon i 2018.
– Eg hadde fått reisa og deltakinga i Verona Marathon i 40-årsgåve frå mi mor, min far og mine to brør. Eg og yngste broren min sprang heilmaraton, medan dei andre sprang halv. Dette var i november, og det var perfekt vêr og temperatur for å springe maraton. Eg sprang i mål på tida 3.09.37 som var pers den gongen, og alt kjentest heilt topp, seier Esther.
Litt om Esther Innselset
Alder: 44 år
Sivilstatus: Enslig med to barn på 14 og 16 år
Persar:
- 10 km: 38.13, Hytteplanmila 2018
- Halvmaraton: 1.24, Holmestrand Maraton 2018
- Maraton: 3.07, Frankfurt Marathon 2019
Ei typisk treningsveke for Esther Innselset
Måndag: Rolig 12-15 km + 45 min Tabata
Tysdag: Rolig 15 km
Onsdag: 2 timer innebandy
Torsdag: Kondistrening: Feks 16 x 2 min med 45 sek pause eller 4 x 2000 m i maraton fart med 1,5 min pause
Fredag: 10-14 km rolig
Laurdag: Langtur 20-30 km
Søndag: Morgentur 8 km + Innebandy 2 timer

Liker å konkurrere: Esther liker å delta i løp. Her kom ho på andreplass i H3 Hamar Hoka Maraton i 2019, mens Marthe Kristine Hafsahl Karset vann og Kristin Vardebakken kom på tredjeplass. (Foto: Rolf Bakken)
Takk for at du er medlem og slik bidrar til at Kondis kan fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene falt bort, og vil du gi oss et ekstrabidrag, vil vi være takknemlige for det.
Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957