Fride Vullum vann 15 km i Tulsa
Fride Vullum sprang betre enn på lenge da ho vann Tulsa Run, eit 15 km gateløp, 30. oktober. Ho brukte 54.45 og var eitt minutt framføre neste kvinne. Fride sprang jamt og brukte 18.12, 18.19 og 18.14 på dei tre 5 kilometrane.- Ting har gått bra i det siste, og no gled eg meg til å springe ein halvmaraton i Dallas i midten av desember, seier 28-åringen som bur i Tulsa i USA.
| Det blir debut på halvmaraton for Fride Vullum, og med eit klaffløp vil ho kunne etablere seg høgt på den norske årsstatistikken for 2004. Tulsa Run er eit stort løp, og Fride hadde ikkje mindre enn 1396 kvinner bak seg på resultatlista. I herreklassen sprang 2041 løparar 15 km. I tillegg var det med 1274 løparar på 5 km. Alle resultat |