Louise Skak og Lars Christen Dørum i tet under Jessheim Vintermaraton 2021
Louise Skak og Lars Christen Dørum i tet under Jessheim Vintermaraton. (Foto: Marianne Røhme / Kondis © Kondis)

Louise Skak sprang maraton etter ei veke med faste

Då Louise Skak vart spurt om å vere med på ei forskningsstudie på idrettshøgskulen der ho skulle faste ei heil veke, var ho først i tvil, men så bestemte ho seg for å vere med. Ho var meir skeptisk til korleis det skulle gå i maratonløpet ho var påmeldt to dagar etter at fasteforsøket var avslutta.

Publisert Sist oppdatert

Dei 13 deltakarane som var med i undersøkinga skulle få testa både korleis fasten påverka styrken og kondisjonen.

Kriteria for å vere med var at deltakarane var mellom 18 og 45 år, var friske, og hadde ein fettprosent på over 15 prosent for dei kvinnelege og 12 prosent for dei mannlege deltakarane.

Dei kunne ete og drikke kva dei ønska i tida før undersøkinga. Under sjølve studien fekk dei kun drikke vatn med eller utan kolsyre og grøn te. Louise tilsatte nokon gonger salt i vatnet, men dei fekk ikkje drikke verken noko med sukker eller kaffe og svart te.

Bortsett frå at dei ikkje fekk ete eller drikke noko anna enn vatn og grøn te, kunne dei leva som normalt. Louise som også på den tida var maratonløpar, sprang som vanleg gjennom heile veka.

Nøye målingar

Deltakarane fekk testa muskelstyrke og oksygenopptak før dei starta fasten På dag fire under fasten, fekk dei testa stoffskriftet under kvile, medan dei på dag seks måtte gjennom fysiske testar, og på den sjuande dagen tok forskarane muskelbiopsiar.

Deltakarane måtte møte på laboratoriet kvar morgon. Dei hadde med seg urin som dei hadde samla opp gjennom det siste døgnet, vart vege, og dei fekk tatt blodprøvar.

Ingen nedgong i muskelstyrke

Undersøkinga, som har vore publisert i tidsskriftet Nature Communications, viser at forskarane ikkje fann nokon nedgong i muskelstyrke hos deltakarane, men oksygenopptaket gjekk ned.

– At styrken vart så godt bevart, var ei overrasking for oss, men at kondisjonen vart dårlegare, var som venta, seier lege og forskar Kristoffer Jensen Kolnes til NRK.

Han legg til at dei også vart overraska over at kroppen klarte å bevare mykje av glykogenet i muskulaturen etter ei veke med faste.

Kroppen kan spare på karbohydrata

Jørgen Jensen er professor ved Institutt for fysisk prestasjonsevne ved Noregs idrettshøgskule. Han meiner at undersøkinga viser at kroppen har ein mekanisme som gjør at vi kan spare på karbohydrata.

– Om du sparer på sukkerlagra, sparer du også musklane, forklarer han.

Nesten pers

Då Louise Skak stilte til start i Dr. Nielsens vintermaraton i Danmark to dager etter at ho avslutta fasteforsøket, kjente ho seg lett i kroppen.

– Eg var redd eg skulle gå tom undervegs. Eg hadde jo ikkje ete så mykje i det siste, berre litt frå utpå dagen på fredag og fram til start søndag morgon, men vart overraska over kor lett det gjekk, seier ho til Kondis.

Louise vann kvinneklassa og ei heil flaske brennevin.

– Eg sprang i mål på ei tid som var den andre beste maratontida mi nokon gong. Persen min er frå Hamburg Maraton på 3.01. I Danmark sprang eg på slapsføre på tida 3.18. Det vart ikkje negativ splitt, men eg er utruleg godt nøgd, seier ho.

Frøs då ho fasta

Louise synes fastinga var ei tøff veke, men at den likevel gjekk overraskande bra.

– Eg fekk litt vondt i hovudet på dag to, men det trur eg var fordi eg ikkje fekk drikke kaffe. Seinare var det mest det at eg fraus så mykje som plaga meg. Undersøkinga vart gjennomført på vinteren. Det var kaldt og varmeproduksjonen min var svært låg. Eg måtte bruke to stilongsar for å klare å halde varmen, seier ho.

Har halde fram med fastinga

Det å vere med i undersøkinga, vart ein start på en kvardag med regelmessig faste for Louise.

– I dag fastar eg to dagar i veka gjennom 2:5 dietten. Eg et ikkje mellom mandag klokka 12 og onsdag klokka 12. Då berre drikk eg, seier Louise, og innrømme at ho drikk meir enn berre vatn.

– Det går stort sett i vatn, men eg kan også ta meg eit glass melk, saft eller buljong om eg kjenner eg treng det, seier ho.

Neste mål

Dei neste løpa Louise skal vere med på er «Kondisløpet Noreg på langs» i pinsehelga, Ørsta Fjellmaraton og løpet frå «Fyr til fyr» i Herøy på Sunnmøre seinare i juni, og Kondisløpets kilometersanking i juli.

Frå «Fyr til fyr» vart første gong arrangert i 2023, og er allereie i ferd med å bli ein tradisjon.

LES MER OM:Då løpet frå Fyr til fyr vart arrangert første gongen

– Eg har leid meg ei hytte på Sunnmøre som eg skal bu i mellom løpa. Her har eg med meg dei tre huskyhundane mine, og skal kose meg ordentleg, seier Louise.

LES OGSÅ:Louise Skak er ultraløperen som heller vil løpe fort enn langt

Louise Skak løper i Ålesund
Dansken som elskar fjell:Louise Skak er opprinneleg dansk, men har budd fleire år i Ålesund, vore aktiv i Kondistreninga Åleseund, og både delteke i løp i byen og vore med og arrangert dei. No bor ho i Folldal, men gler seg til å kome tilbake for å springe Ørsta Fjellmaraton og frå Fyr til fyr. (Foto: Marianne Røhme / Kondis © Kondis)
Powered by Labrador CMS