Vignett-kondiskommentaren.jpgTherese Johaug hadde nettopp vunni NM-gull og sprungi inn til meisterskapsrekord med 32.20,86. I sololøp, midt på dagen i steikande solskin. 

Omtrent rett etterpå vart Kaggestad sitert på følgjande vis hos TV2:

«– Det sier at Johaug er i god form. Hun løper ålreit, men det er ikke et internasjonalt nivå over det hun presterer, svarer Kaggestad og påpeker at hun ligger langt bak verdensrekorden.» 

Han er også sitert med denne kraftsalva: 

«Nivået er drita dårlig. Tiden er jo over to minutter bak norgesrekorden.»

Logisk nok var Kaggestad enda meir kritisk til nivået til jentene bak Johaug. Ganske raskt kom òg Ingrid Kristiansen på banen med kraftige stikk til dei andre jentene som stilte på 10 00 m: 

«De andre utøverne har godt av å få dette i trynet. Det er ikke bra, og forhåpentligvis fikk Johaug satt en støkk i dem som løper langdistanse i Norge», uttala ho til Dagbladet


Det var altså takka for å stille opp og gjera sitt beste – å få høyre kor elendig ein er frå ei som sjølv er trenar og titulerer seg som motivator.  

Når nokon deltek i NM og gled seg over både medaljar og gode plasseringar, så er det etter mi meining heilt unødvendig å minne dei på at tida er langt bak noregs- eller verdsrekorden. I NM handlar det ikkje om rekordjakt, men om å kjempe om å vera best i Noreg der og da, noko Johaug viste at ho var med god margin. 

Gled deg med dei glade, tenkjer eg, og må ein av einkvan grunn absolutt helle malurt i begeret, så la det iallfall gå ein dag eller to.  

Viser potensial

Men sia temaet er brakt på bane: Kor langt frå internasjonalt nivå er ei norsk kvinne som spring på 32.20 utan drahjelp under varme forhold med ei ikkje-optimal disponering? 

For å ta det siste først, så er det å evne å disponere ein del av det å vera ein god løpar. Men når Johaug ikkje har sprungi baneløp på 11 år, så er det at ho opnar alt for hardt, først og fremst eit teikn på at ho har meir inne. Lat oss gi henne 15 sekund i fråtrekk dersom ho lærer seg å disponere. 

Jakob Ingebrigtsen vart hylla for sololøpet sitt i NM på 3.36,33 på 1500 m – sjølv om han var over 6 sekund bak persen sin. Alle veit at det er vanskelegare å springe fort utan drahjelp og nokon å knive med. Dei 6 sekunda Jakob var bak persen på 1500 m, blir 40 sekund om vi reknar om til 10 000 m. Så mykje tapte ikkje Therese på manglande drahjelp, men vi gir henne nye 15 sekund i fråtrekk.

Da 10 000 meteren i NM gjekk, var det 22 grader i skuggen og solskin. Sjølv dei som taklar varme godt, spring seinare på ein så lang distanse når det er varmt enn når det er svalt. Eg trur at Johaug kunne brukt 20 sekund mindre om ho slapp å springe i solsteiken.   

Da er vi til saman oppe i 50 sekund – og Therese Johaug nede på 31.30. Det er sjølvsagt berre ei hypotetisk tid, men det fortel noko om potensialet til Johaug i den løpsforma ho allereie er i. Så er det veldig sannsynleg at ho fort ville fått framgang som flatløpar om ho la inn litt fleire banerelevante løpsøkter. 

Kor godt er 32.20? 

Men held vi oss unna det hypotetiske og berre nøyer oss med å seie at ho er så god som det klokka viste, 32.20. Kor bra er det? 

Som NM-tid er det den beste tida vi nokon gong har sett. Gunhild Halle Haugen som kvalifiserte seg til tre VM, to EM og eitt OL, hadde den gamle meisterskapsrekorden på 32.24. Mange vil meine at ei som jamleg kvalifiserer seg til både VM og OL, er løpar på internasjonalt nivå. 

Berre fire norske løparar har nokon gong sprungi fortare enn det Therese Johaug no gjorde – i sitt første baneløp i vaksen alder. Ei av dei, Ingrid Kristiansen, var saman med Grete Waitz ei av verdas aller beste løparar i det førre hundreåret. Det er svært få løparar som ikkje kjem dårleg ut dersom dei blir samanlikna med Ingrid og Grete. 

Men når Therese si NM-tid på 32.20 blir sett opp mot den norske rekorden til Ingrid på 30.13, så skal vi veta at 30.13 ikkje kom i eit heller spontant debutløp. Da var Ingrid topp førebudd og på sitt aller beste med Bislett Games som ramme. Dei aller fleste gongane Ingrid sprang 10 000 m, sprang ho på tider som likna ein god del meir på 32.20. 

Og skal ein absoutt samanlikne, så bør ein samanlikne epler med epler, altså NM-løp med NM-løp. ​Ingrid Kristiansen deltok aldri på 10 000 m i NM, men tre gonger var ho med på 5000 m. Da sprang ho på 15.35, 15.30 og 15.13. Therese Johaug passerte på 15.59 på 10 000 m-løpet sitt. Ifølgje IAAF sin poengtabell tilsvarar Therese si 10 000 m-tid 15.22 på 5000 m, altså betre enn to av dei tre NM-løpa til Ingrid. Eg kan ikkje hugse at Johan Kaggestad gjekk ut og kritiserte nivået på NM-løpa til Ingrid Kristiansen. 

Medaljekampen

Men eg minnes godt 10 000 meteren i EM i Berlin i fjor sommar, der eg var til stades. Det var klart varmare i skuggen enn under NM på Hamar, men løpet gjekk seint på kvelden, så løparane slapp sola. Gullet gjekk på 31.43,29 til israelske Lonah Salpeter og bronsen på 32.19,34 til svenske Meraf Batha.

Så langt unna internasjonalt nivå var altså Therese Johaug – at tida ville ha blanda henne inn i medaljekampen i EM.

Det vil eg seie er meir enn «ålreit». Ja, eg vil meine at det er internasjonalt nivå. Om ein som idrettsentusiast ikkje kan glede seg over ein slik NM-debut, blir det få ting å glede seg over. 

Desto finare var det å sjå kor glad og takknemleg Therese Johaug sjølv var etter NM-debuten på Hamar. Idrettsglede på høgt internasjonalt nivå.

_DSC3655
Glade medaljevinnarar - iallfall heilt til dei fekk høyre kor "drita dårlege" dei er. (Foto: Samuel Hafsahl) 


Dette er ein utvida versjon av ein artikkel som stod på trykk i Kondis nr. 6 - 2019

 

Runar Gilberg (f. 1965) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton.