Ingressfoto: Christian Prestegård

Det vart ein flott motbakkefest på Skarsteinsetra på laurdag i praktfullt haustvær då Skarsteinsetra Opp vart arrangert for 5. gong.  Før dei 40 deltakarane i konkurranseklassane ( 27 sprang og 13 sykla) hadde omlag 190 trimmarar kome seg til opp til Skarsteinsetra og heia fram konkurranseløparane.  Det høyrer med til historia at ein stevnekollisjon med eit stort rulleskirenn i Stryn for dei yngre aldersklassane gjorde at det i år vart med få deltakarar under 20 år.

640_Mål_Skåla_FotoChrPrestegård.jpg

Eit praktfullt utsyn mot Loen og løypetraseen for motbakkeløpet Skåla 1848 m rett opp møter deltakarane når dei spring i mål på idylliske Skarsteinsetra 400 moh. Fjellet Skåla ser de mellom dei to målflagga. Foto: Christian Prestegård

640_HelgeHafsåsogAndreOpheim.FotoArildHafsås.jpg.jpg

Helge Hafsås, Olden IL, vart nr 2 i løpet på 23.55. Helge var 50 sek, bak vinnaren Andreas Carlborg, Spårvegen FK (23:05). Her tek Helge att syklisten Andrè Opheim (Team Åjaaau og Bunnpris) som fekk eit forsprang i den flatare fyrste halvdelen av løypa. Her er det svært bratt og med mellom over 15-17% stigning på slutten på skogsbilvegen er et godt gjort å sykle heile vegen til topps. Andrè kom i mål på 24.53. Helge som har løyperekorden i Skarsteinsetra Opp med 22:40 (2012)  er meir kjend som maratonløparen som har vunne flest maratonløp i Noreg. Foto: Arild Hafsås

640_PallenM60.jpg

Til høgre på dette fotoet av dei tre raskaste i løpsklassa M60 er ein annan kjend lokal maratonløpar med Norgesrekord. Inge Asbjørn Haugen, Hornindal IL, er den nordmann som har sprunge flest maratonløp. I sommar i sitt eige maratonløp i Hornindal sprang han sitt maratonløp nr 500. I Skarsteinsetra Opp vart han nr 2 med tida 33:34. I midten Kondis' utsendte, Christian Prestegård, IL Fanaråk/Kondis som vann klassa på 29:42 og nr 3 Lars Dybevold, Hornindal, 33:42.

640_DameVinnar_Sykkel.FotoArildHafsås.jpg

Ingrid Fjellestad, Sandane Sykkelklubb, sette ny løyperekord på sykkel i dameklassa med 24:30.Foto: Arild Hafsås

640_AnneBrittEide_Sykkel.FotoAridHafsås.jpg.jpg

Anne Britt Eide, Team Åjaaau frå Olden, klarte å sykle heile vegen til topps også der løypa stig nesten 20% ! på tida 28:53. Sjå Løypetraseprofilen nedanfor ved omlag 2,7km, 3,5km og "innspurten" frå 4,4km til mål. Foto: Arild Hafsås

640_LøypetraseProfil.jpg

640_Arne Nesgård_VInnarSykkel_FotoArildHafsås.jpg

Arne Nesgård, Sandane Sykkelklubb, vart raskaste syklist med tida 20:52. Foto: Arild Hafsås

640_Gunnar Bakken68_UlfMagneEikås_FotoAH.jpg

Gunnar Bakken, Veten IL, fekk ein praktfull opptur på tida 32:44 i M50. Foto: Arild Hafsås

640_Martin Klaesson_kamera.FotoAH.jpg

Martin Klaesson, Olden IL, som vann klasse M30 på tida 25:01, filma turen sin med Go-Pro-kamera. Det hadde han også gjort før løpet og lagd videoen ut på Facebooksida til Skarsteinsetra Opp. Foto: Arild Hafsås

640_AndreogVinnarSykkel.jpg

"Duell-konkurranse i konkurransen" . Ingrid Fjellestad til høgre, som sette ny løyperekord for damer på sykkel, hadde ein "intern duell" med Andrè Opheim om å kome fyrst i mål. Det vart ein skikkeleg duell og sekundstrid, men på slutten vart Ingrid for sterk og vann duellen med 23 sekundar. På banketten etter løpet på Pers Cafe såg det ikkje ut til at Andre var lei seg for det. Foto: Christian Prestegård

640_Premiebordet_StorInteresse_FotoChrP.jpg

Stor interesse for premiebordet like før løpsleiar Hans Petter Galtung skal starte premieutdelinga. Foto: Christian Prestegård

640_Jeanette_Jubelbilde.jpg

Jeanette Eide Kristiansen, Florø IL, var truleg den gladaste dama på Skarsteinsetra. Ho stilte sporty opp i konkurranseklasse i løpet og vart nok gledeleg overraska på premieutdelinga då ho kunne fylle opp sekken ned att med både klassevinnarpremie og pokal som totalvinnar i dameklassa med tida 42:49.

Skarsteinsetra Opp er framfor alt eit praktfullt mosjonsarrangement for alle / for heile familien med eit viktig  folkehelseperspektiv. Skarsteinsetra Opp er løpet  alle kan klare og så er det særs motiverande og inspirerande med musikk undervegs i løpet og på idylliske Skarsteinsetra.

640_Barnevogner_fotoAH.jpg

"Dobbel treningseffekt" Det gjev både god kondis og styrketrening å trille barnevogn opp motbakkane. Foto: Arild Hafsås

640_6trimmarar_foto_ArildHafsås.jpg

Trim i motbakkar er GØY !

640_RuneHolen_Foto_ArildHafsås.jpg

Rune Holen og dottera. Foto: Arild Hafsås

640_damertrim.jpg

To glade damer utan startnummer. Det var iflg arrangøren omlag 50 uregistrere turgåarar som også tok turen til Skarsteinsetra. Om desse to er blant dei veit eg ikkje, men dei hadde ialle fall det same gode humøret som dei med startnummer. "Ut på tur aldri sur"..du blir jo i topp humør av ein tur på Skarsteinsetra ! Foto: Christian Prestegård

640_TRimmarar_FotoChr.jpg

Då konkurranseløparane var i mål kom alle trimmarane som hadde heia fram konkurranseløparane opp att til Skarsteinsetra for å bli med på premieutdelinga. Foto: Christian Prestegård

640_JanØyvind.jpg

Klubbkamerat Jan Øivind Bolstad, IL Fanaråk ( arrangør av motbakkeløøpet Fanaråken Opp) angra ikkje på at han køyrde 190km x 2 i bil frå Fortun i Luster for å delta i Skarsteinsetra Opp. Jan Øyvind vart nr 3 totalt i løpskonkurransen med tida 24:43. Foto: Christian Prestegård

640_Osvald.FotoChrPrestegaard.jpg

Osvald Olsen, Olden IL, (kL. M60+) har alltid smilet og det gode humøret på lur. Han hadde stor glede av stavane sine både i dei siste bratte bakkane mot mål og etter målpassering på tida 35:10. Foto: Christian Prestegård

640_KjartanUrne_OldenIL.FotoArildHafsås.jpg

Kjartan Urne, Olden IL skal få gleda av å runde av denne reportasjen med sin flotte illustrasjon av ein praktfull opptur som gav meirsmak. Arrangør Olden IL får ros for ei flott teknisk gjennomføring av løpet.

For fullstendig resultatliste og fleire bilder. Sjå facebooksida til Skarsteinsetra Opp.