Toppbilde: I 2012 sette Ahmet Arslan, Tyrkia, gjeldande løyperekord på 1:07:06. Foto er frå 2011 då han også sette ny rekord med 1:07:38. Dei to åra fekk han med seg totalt kr 200.000 kr i pengepremiar heim til Tyrkia. Arslan som har 6 EM-gull i Mountainrunning (både motbakkeløp og opp-og-nedløp) kjem på laurdag tilbake for å sjå om han kan klare å forbedre rekorden og han får tøff konkurranse
 

640_Weldu_Negash_Gebretsadik_Foto Kjell Vigestad.Kondis.jpgWeldu Negash Gebretsadik i Birkebeinerløpet 2014. Foto: Kjell Vigestad. Kondis
 

Kanskje klarar Weldu Negash Gebretsadik (f. 1986) å slå Ahmet og true løyperekorden hans og vinne rekordpremien på kr. 120.000 ? Weldu som kjem frå Eritrea vart norsk statsborgar i 2017. Weldu fekk i samband med årets EM i friidrett mykje merksemd fordi han så seint som 2. august, rett før EM,  fekk løyve av IAAF til å konkurrere for Noreg. Weldu har så sterk maratonpers som 2.09.14 frå 2014. I EM stilte han saman med Sondre Norstad Moen til start på EM maraton og begge braut løpet. No har Weldu meldt seg på til La Sportiva Skåla Opp og det blir særs spennande. Han har dokumentert at han også har enorm løpsstyrke i terreng og bratte motbakkar.

Weldu har m.a. vunne Birkebeinerløpet 6 gonger og sette løyperekord der i år på 1.05.15.  I Juni viste han også at han kan springe bratte motbakkar då han vann det 12km lange Viking Challenge med 1600 høgdemeter frå Rjukan til Gaustadtoppen på ny løyperekord. Han forbedra rekorden til Øyvind Heiberg Sundby frå 2014 med nesten seks minuttar til 1:24:26 og utklassa dei to tidlegare NM-vinnararane i motbakkeløp Thorbjørn Th Ludvigsen (7:30 bak) og Torstein Tengsareid (10:14 bak). Spring Weldu relativt like godt i Skåla Opp kan kan han også der true løyperekorden. 

Fleire favorittar
Omtalen av ei andre favorittane i herreklassa, Stian Øvregaard Aarvik, Øyvind Heiberg Sundby og Torbjørn Th Ludvigsen held fram etter presentasjon av to nye spennande internasjonle detakararar i dameklassa Michelle Maier frå Tyskland og Camilla Magliano frå Italia.


640_Michelle Maier Tyskland. Foto Anne Jenny Dvergsdal.jpg
Michelle Maier i World Cup i Mountain-running i Hochfelln Berglauf i Tyskland der ho i fjor vart nr 3. Foto: Anne Jenny Dvergsdal.


Den tyske meistaren i motbakkeløp (2017) Michelle Maier  har dei siste tre åra ei imponerande merittliste frå mange av dei største og mest prestisjefylte motbakkeløpa/fjelløpa i verda: I 2016 vann Michelle fjelløpsklassikaren Sierre-Zinal i Sveits 2016 . Denne sigeren heng særs høgt internasjonalt. Både i fjor og i år vart ho nr. 2. Årets løp gjekk berre for nokre dagar sidan og med ei løpsdistanse på 31km og 2200 høgdemeter og løpstid på 3 timar er dette eit løp som sit i kroppen lenge, men Michelle har dokumentert tidlegare at dette taklar ho.

Nokre andre høgdepunkt:
I 2016 og 2017 nr 2 I verdas største fjellmaraton ( 5.000 deltakarar) Jungfrau Marathon i Sviets (3:23:07h)
1. pl.  Liechtenstein Marathon 2017, 2018
1. pl.  Brixen Dolomiten Marathon (Løyperekord)
2. pl. i bade Limone Skyrun 2017 og EM i Limone Vertical
1. pl. Tour de Tirol i Austerrike (3 løp på 3 dagar)
3. pl. World Cup I  Hochfelln Berglauf 2016, 2017
2. pl. World Cup Großglockner Berglauf 2017

 

Susa, Torino, Italy. August, 27th, 2017. 29° Memorial Partigiani Stellina 5th WMRA World Cup Race. Since 1989 11 km 1.415 D+ mountain race from Susa Arco di Augusto (530 mt) to Costa Rossa plateau (1.945 mt) under Rocciamelone mont. Damiano Benedetto/ StCamilla Magliano (Foto: Damiano Benedetto WMRA)

Italienske Camilla Magliano (f. 1985) er i Europatoppen i bratte motbakkeløp. I fjor vann ho det ekstreme og stupbratte motbakkeløpet Red Bull K3 i Susa i Italia. Denne løypa har ein høgdeskilnad på 3000m og løypelengda er kun 9km. Camilla vann også World-Cup-løpet Challenge Stellina i Italia i fjor (sjå foto). Dette har sidan starten for 30 år sidan vore ein motbakke-klassikar innan WMRA. Løypa er på 11,5km med 1450m stigning og vart arrangert for 29. gong. 

Camilla har sett nye løyperekordar i Etna Marathon, Claro Pizzo race og Ivrea Mombarone race. I EM i Skyrunning i KM Vertical i 2017 som gjekk i Limone sul Garda i Italia vart Camilla nr 3 på plassen bak Michelle Maier. No blir det ny spennande duell mellom dei to i La Sportiva Skåla Opp, og dei får tøff konkurranse. 

 

 

640_Stian Øvergaard Aarvik. Foto Philip Reiter.jpgStian Øvergaard Aarvik  Foto: Philip Reiter
 

Stian Øvergaard Aarvik (f.1997), Gneist IL, som vart europameistar i juniorklassa i EM i motbakkeløp 2015 har i sitt andre år som senior vunne motbakke-NM og Norgescupen i motbakkeløp.

Som junior i 2016 imponerte Stian med 3. plass i den forkorta Skåla-Opp-Løypa . I år viser Stian at han har løfta seg opp til eit endå høgre nivå m.a. med 2. plass i det 22 kilometer lange DoloMyths Run Skyrace med topp internasjonal deltaking (Sjå Foto). Stian viser, forsiktig sagt, at han er på veg mot ny pall-plass i den klassiske Skåla Opp-løypa på 8,2km med 1814m stigning opp til Skålatårnet. 

 

640_Øyvind_Heiberg_Sundby_2006_SkålaOpp.Foto Anne Jenny Dvergsdal.JPG.jpgØyvind Heiberg Sundby i La Sportiva Skåla Opp 2006. Foto: Anne Jenny Dvergsdal

Øyvind Heiberg Sundby, IK Tjalve debuterte i Skåla Opp i 2003 som 20-åring og er sidan ein av dei toppløparane som har delteke flest gonger. I fjor løp han sitt beste løp og vart nr 3 totalt med tida 1:11:46 og var berre 10 sek bak verdsmeistar I langdistansefjelløp Robbie Simpson (Scotland). Tida til Øyvind er den 4. beste tida av ein nordmann i Skåla Opp sidan starten i 2002.

Øyvind vann 2 NM-gull i motbakkeløp i 2010 og 2011. Dei siste åra har han satsa mest på sykling og har m.a. vunne Nibberittet og hevda seg blant dei 10 beste i NC. I år er La Sportiva Skåla Opp eit hovudmål og Øyvind har nyleg vore 3 veker på høgdetrening i Colorado, saman med kona Annie Bersagel ( Nr 1 i Skåla Opp 2016) som førebuing til Skåla Opp. 

 

                               Torbjørn Th Ludvigsen då han sette pers med 1:11:55 i 2013. Foto: Christian Prestegård


Stoltzekongen Torbjørn Th Ludvigsen, Varegg, ser fram til ny opptur i Skåla Opp. Torbjørn vann NM i motbakkeløp i 2012 og 2013, men fekk mest PR då han slo den legendariske rekorden til Jon Tvedt i Stoltzekleiven Opp og vart kalla den nye Stoltzekongen. Internasjonalt har Torbjørn markert seg med m.a. 4 pl.  i VM Ultra Trail Connemara, 3 pl. i KM Vertical i Marathon du Mont Blanc I Chamonix og 1. pl. i Empire State Building Run Up i 2014. Dei siste to åra har bokstaveleg tala vore litt motbakke for Torbjørn. I år har Torbjørn m.a. sett løyperekord i Blåfelden Opp og ser no fram til ny opptur i La Sportiva Skåla Opp der han sette sin pers i 2013 med tida 1:11:55 som plasserar han som nr 5 av alle nordmenn og 14 totalt på Skåla Opp Adelskalendar.

I dameklassa får dei to utanlandske deltakarane Maier og Magliano tøff konkurranse av minst 3 norske favorittar Karoline Holsen Kyte, Eli Anne Dversgdal og May Britt Buer:

 

960_Karoline_Nr1_LaSportivaSkålaOpp2017_FotoChrPrestegård.jpgKaroline Holsen Kyte  Foto: Christian Prestegård

Kroline Holsen Kyte ( f. 1993) Førde IL, vann i fjor ein suveren siger i La Sportiva Skåla Opp (foto), og hadde ho ikkje vorte skada i år ville ho vore storfavoritt til ny siger. For nokre dagar sidan vart Karoline nr 3 i Fanaråken Opp som gjekk i alternativ løype på veg. Der var ho nesten 4 min bak Annie Bersagel og no kan Karoline stille til start i Skåla Opp utan forventningspress. I fjor sprang Karoline seg opp i Europatoppen i motbakkeløp med ein sterk 4. plass i EM i motbakkeløp der ho vart best av dei norske deltakarane. 
 


960_Eli Anne Dvergsdal _ Skåla Opp 2017_Foto Christian Prestegård.jpgEli Anne Dvergsdal. Foto: Christian Prestegård 

Eli Anne Dvergsdal (f. 1991) ser fram til La Sportiva Skåla Opp 18. august. Ho har hatt ein flott start på sesongen og vann Norgescupen i motbakkeløp. I Juli vart ho nr 4 og beste frå Noreg i EM Mountainrunning Up and Down 1. juli. I 2015 vart Eli Anne nr 2 i EM i motbakkeløp. Det er berre løyperekordhaldaren i Skåla Opp, Anita Håkenstad Evertsen, som har bedre internasjonale prestasjonar av norske damer med EM- og VM-gull frå 2007.

Foto av Eli Anne er frå La Sportiva Skåla Opp i fjor då ho sprang i mål på tida 1.29.59 som er hennar beste tid. Det nivået ho har hatt denne sesongen tilseier ny pers den 18. august. Eli Anne er frå Jølster i Sunnfjord, men representerer no Varegg IL. 
 

 

640_MayBrittBuer_2011_FotoChrPrestegaard.jpg

May Britt Buer. Foto: Christian Prestegård 

Med 4 NM-gull i motbakkeløp er det ingen som har fleire NM-Gull enn May Britt Buer (f. 1977). Tre år vann ho også Norgescupen i motbakkeløp. Etter at May Britt vann sitt siste NM-gull i fjor har ho ikkje vore med i så mange motbakkeløp. I år viser sigeren i Molden Opp i juni og hennar nye løyperekord i  Hestenaipen Opp at May Britt er i særs god form og kan overraske på laurdag. I La Sportiva Skåla Opp har May Britt tre 2. plassar  med bestetid på 1.24.58 i 2013 som dette fotoet er henta frå.



Siste nytt:
20-åringen (f 1998) Mouhcine Outalha frå Marokko er påmeldt. Han har pers på 7:51 på 3.000 m, men meir info om han har vi ikkje. Kan han vere ein outsider  ?

Det ser ut til å bli eit særs spennande løp på laurdag. Truleg blir det store endringar i adelskalandaren over dei 20 beste løparane i La Sportiva Skåla Opp etter det 17. løpet på laurdag

 

 

960_20 raskaste kvinner og menn Skåla Opp 2002-2017.jpg

For meir info om La Sportiva Skåla Opp sjå www.skaala.no og Facebooksida Skåla Opp der det kontinerleg blir lagt ut viktig info.

 

Det siste er at vermeldinga for løpsdagen viser regn og kraftig vind på toppen. Difor må alle deltakarar ha med seg ekstra vindtett og vanntett jakke i tillegg til godt med varmt tøy inkl hanskar og lue. Den obligatoriske sekken skal jo uansett vege minst 2,5kg.