Kjersti Fresvik stod for det sportslege høgdepunktet
Kjersti Fresvik frå Røldal som spring for IL Gular, hadde antyda for tilskiparane i Fjæra og Rullestad IL at ho ikkje var i sin beste form, så det tok ei tid før løyperekordhaldar for herrar, Erik Rullestad fekk overtydd arrangørstaben om at Kjersti faktisk hadde sletta løyperekorden, som ho sjølv hadde. Kjersti sjølv var overraska at det gjekk så fort.

Erik har trent monaleg mindre enn før. Han var også overraska over at det gjekk så fort på det fyrste flate partiet i starten. I fyrste skikkelege motbakke "smalt det", som han sa; og han måtte konsentrera seg om å koma heilskinna til mål - ikkje så langt  føre storebror Sondre, som har trent meir enn på fleire år. Yngste blad Rullestad, Tøres, gjorde også eit godt løp og kom like bak evigunge Kjetil Dyrvik frå Voss.

Flott atmosfære, men med plass til mange, mange fleire
Totalt deltok 68 deltakarar. Lite og sein PR i år gjer at potensialet til neste år er stort. Fin atmosfære, flott, men krevande løype, trekkjepremiar og  god kafé i målområdet gjer at her er mogelegheiter i fleng.

"Vatnet rundt" neste lørdag
Nytt av året er løpet rundt Litledalsvatnet i Etne som har eit samarbeid med Rullestadvatnet Rundt. Løpet er no målt til 7543 meter av Kondis. Det blir offisiell tidtaking også etter 5 km. Du kan melde deg på her.


Resultater damer:

1  Kjersti Fresvik  Gular 24.18
2  Tori Angell  Odda I.L 24.51
3  Katrine Sør-Reime   Røldal I.L 27.29
4  Sigrun Nygård   32.01
5  Camilla Aasen Mæland  Søre Ål I.L 33.12
6  Maren Markhus   Arna/Bjørnar 35.12
7  Annbjørg Opedal Hamre  Røldal I.L 36.49
8  Sølvi Markhus  Arna/Bjørnar 39.06



Herrepallen_640_IMG_5059.jpg
Pallen for menn: nr. 1 Erik Rullestad. nr. 2 Kjetil Dyrvik og nr. 3 Sondre Rullestad


Resultater menn:

1  Erik Rullestad  Haugesund I.L 22.41
2  Kjetil Dyrvik  Vossar 23.06
3  Sondre Rullestad  Fjæra og Rullestad I.L 23.26
4  Tøres Rullestad  Fjæra og Rullestad I.L  23.51
5  Bjørn Kjetil Søvik   Bremnes Seashore 25.39
6  Bernt Jarle Storhaug    Fjæra og Rullestad I.L 26.18
7  Kjetil Sævareid    27.28
8  Dan Jan Vika  Skånevik I.L 28.46
9  Johannes Silde,  Etne I.L 29.16
10  Kjetil Nygård Seljelid   31.00
11  Harald Måge  I.F Klypetussen 34.45
12  Kim A. Runnane   Korlevoll I.L 35.06
13  Lars Øyre,    Fjæra og Rullestad I.L 42.14
14  Gisle Sellevold  I.F Klypetussen 1.13.00



Resultater born:

1  Johan Runnane   Korlevoll I.L 24.07
2  Sigurd Aga Hagen  Korlevoll I.L 27.37
3  Kristian Silde   Etne I.L  27.38
4  Eirik Silde  Etne I.L  35.24
5  Emil Hamre  Røldal I.L  35.25
6  Vårinn Hagen  Korlevoll I.L 42.17
7  Oda Medhus  Røldal I.L  43.42


Deltakarar i mosjonsklassa

Karin Markhus Sigve Nygård Fagervold
Tormund Markhus Tore Fagervold
Solfrid Markhus John Magne Fjæra
Tor Leknes Monica Berge Fjæra
Signe Ellen Fjæra Knut Harald Fjæra
Torleif Fjelland Gro Siri Fjæra
Torunn Fjelland Kjell Fagerheim
Karis Markhus Gerd Fagerheim
Edit Løyning Anne Grethe Rullestad
Torvald Gundersen Anna Nordtveit
Mari Gundersen Ørjan Angell
Thomas Gundersen Laila Kvåle
Siri Helene Selle Berit Ekkje
Mathias Selle Mariann Skaulid
Filipe Selle Nils Magne Hagen
Jørgen Lundal Linn Silde
Marta Sveen Elisabeth Silde
Kjersti Markhus Solfrid Vika
Tor Audun Rullestad Bjørn Gunnar Vika
Sverre Johannes Rullestad  




Gjennom_skar_DSCN0701.jpg
Trange skar, trappar opp og ned, gjer lypa spennande, men krevande                Foto: Sellevold/Kondis

Over_bro_640_DSCN0692.jpg
Pikene på broen                                                                                          Foto: Sellevold/Kondis

Nuteringskasse_DSCN0695.jpg
For dei som ikkje spring, er det litt før halvvegs i løypa ei postkasse med nuteringsbok. Dette er ein del av "Alle 30" nutane" i Etne kommune, eit særs populært opplegg kor ein noterar toppane ein har gått opp på.           Foto: Sellevold/Kondis

Trapp_DSCN0703.jpg
Trapper og bruer er det mange av. Desse gjer løpet spesielt og løparane må forsera dei. Samstundes fortel dei om det enorme arbeidet dei vesle grendene Fjæra og  Rullestad har lagt ned for å få til ei løype rundt Rullestadvatnet.       Foto: Sellevold/Kondis