15. juli 2023  arrangerer Norddal Idrettslag Skyrace i Norddal for sjuande gong. Det vert to konkurranseklasser å melde seg på i år.  Dette er tredje gongen 1851OppNed er med i Skyrunner Series Norway. I tillegg til dette er løpet også ein del av Møre Fjell- og motbakkecup

1851_oppned_2022__016.jpg
(Foto: Hyke Studio)

Løypa er rundt 19 km og 1700 høgdemeter totalt. Den går frå Melchiorgarden i Norddal sentrum, via Rellingsetra og Nonsdalen, opp til Småskorene/Øvste-Tua på 1500 moh og vidare til toppen av Middagshesten på 1382 moh – og ned att. Den korte løypa er på rundt 14 km og 1400 høgdemeter. Etter passering i Nonsdalen vender løparane seg over eit platå mot foten av Middagshesten, vidare opp til toppen- og ned att. Her får ein oppleve ei nydelig utsikt over bygda og fjorden ved nedstigning!

Vi nyttar RaceTracker sitt påmeldings- og tidtakingssystem for å halde kontroll på alle deltakarane. Konkurranseklassene nyttar tidtakingschip på foten. Alle påmeldte må innom sekretariatet i bygda før start for registrering og tildeling av startnummer.

1851.jpg

Meir informasjon om arrangementet og påmelding finn du på vår heimeside.

Film frå fjorårets løp: 1851OppNed 2022

Sosiale medier: Facebook Instagram

Velkomen til Norddal 15. juli!