Dessverre kolliderer årets eliteløp med NM terrengløp i Rindal. Mange av dei beste løparane i Hordaland spring NM, men langt frå alle. Svært mange kjem igjen år etter år, og arrangørane i Osterøy IL og Bruvik IL håpar på å toppa fjorårets deltakarrekord på snaue 70 løparar. Det 5 km lange løpet går frå Skaftå til Bruvik. 

I Bjarte Viks Eliteløp blir alle deltakarane definert som eliteløparar, uansett om ein spring på 3 eller 6 minutt pr. kilometer. Mange lokale mosjonistar tek løpet som ein formtest helga før idyllisk Brakvatnet halvmaraton på Valestrand. 

Som så mange andre mindre arrangement, er dette eit løp med sjel. Trass i eliteløpsnamnet vågar arrangørane påstanden om at dette er eit inkluderande løp og ikkje ekskluderande. 

- Atmosfæren rundt er uhøgtidleg og uformell med ein snert av humor, samstundes som fokuset er på gode tider og personlege rekordar, lokkar arrangørane. 

Dette er 18. gong løpet går av stabelen. Det heile starta i høve 30-årsdagen til Bjarte Vik i 1999. Som mangeårig nasjonal toppløpar, samla han mange av sine langdistansekollegaer til 30-årsmarkering og til "Bjarte Viks Eliteløp". Seinare har tradisjonen vorte halde ved like heile tida, og dette løpet er ei stor hending i Bruvik-bygda kvar haust. Alle deltakarar får like høglydt heiing av bygdefolket i innspurten ned mot målseglet ved Nærbutikken Bruvik. I fjor underheldt Bergen Shantykor med speaker Arild Hjelvik i spissen. Kva som skjer i år må ein møta opp for å få vita.   

_DSC1029.jpg2015: Bjarte ble hyllet etter løpet med Bergen Shantykor, jada, han turde ta på parykken


Den superraske 5 km-løypa går på smal og svingete asfaltveg langs idylliske Sørfjorden. I fjor gjekk det ras ned på løypa nokre veker før løpet, men sidan då er rasstaden sikra.   
- I år treng me ikkje oppfordra deltakarane om å springa ekstra fort forbi rasstaden.  

Løpet er ikkje kontrollmålt av Kondis, men er av arrangøren målt til 5046 meter. Det finst ingen planar om å kutta 46 meter av den grunn. Løypetraseen er verna til nær sagt evig tid. Uansett er det for mykje totalt fall i løypa til at den vil bli godkjent. Gode baneløparar vil oppleva at tida tilsvarer om lag det dei klarar på 5000 meter. Dei aller fleste andre oppnår betre tider enn dei normalt gjer på 5 km-løp.    

2015: Halfdan-Emil Færø og Eli-Anne Dvergsdal vant Bjarte Viks eliteløp
2014: Bjarte Vik ble nr. 3 i sitt eget "eliteløp"
 
Løyperekordane er det Morten Velde (14.11) og Stine Larsen (15.41) som har. Vinnarar i fjor var Haftan-Emil Færø og Eli-Anne Dvergsdal. Det er pengepremiar til dei tre beste kvinner og menn. Dei aller yngste kan delta på det tradisjonelle og uhøgtidlege barneløpet som går i rundar rundt butikken.

Etter barneløpet deler Bruvik IL ut premiar og kårar Årets fjellgeit i Bruviktrimmen 2016. Kaffi og kaker er sjølvsagt også til sals i Krambua.

Meir informasjon kan ein få på Osterøy IL si heimeside. 


_DSC0938.jpg
2015 Sterk vinnertid: Eli-Anne Dvergsdal vant på en oppsiktsvekkende sterk tid, 16.15. Stine Larsen har løpt fortere og har løyperekorden med 15.41 fra det aller første Bjarte Viks eliteløp i 1999. Kirsten Marathon Melkevik har løpt nest raskest med 16.01..(foto: Jørgen Pettersen).

_DSC0916.jpg
2015 Klar seier: Halfdan-Emil Færø inn til seier på 14.53. Det er 25 sekunder fortere enn hans årsbeste på 5000 m. (foto: Jørgen Pettersen).