
Å finne farten – med eller utan hjelp
Googlar eg ordkombinasjonen «pacemaker» og «running», får eg to hovudkategoriar av svar. Den eine handlar om springing med hjelp av harar og den andre om å springe med innoperert pacemaker. Eg har prøvd begge deler.

Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.
Artikkelen har stått på trykk i Kondis nr. 5 – 2023
Seinast gjorde eg det i den smått idylliske Schjongs5er’n i Hønefoss. Løpet er ein kontrollmålt 5 kilometer der ca. halvparten av løypa går på fine stiar langs elva og resten går gatelangs i utkanten av byen.
Etter at eg fekk konstatert hjarteflimmer/-flutter i fjor sommar med påfølgjande innlegging av pacemaker, har eg etter råd frå lækjaren trena omtrent berre roleg – i sone 1 og 2. Stått over intervallane på fellestreningane og labba opp – eller unngått – bakkane på skiturane.
Sia eg ikkje har hatt langvarige flimmertilfelle sia november, har eg i vår lausna litt på restriksjonane og sprungi nokre få og lette intervalløkter. Eg var òg med på 5 kilometeren i Fredrikstadløpet og 10 kilometeren i Drammen10k, men utan å ta det som konkurranse. Eg starta veldig pent, auka noko på siste halvdel, men gjekk aldri i kjellaren.
To mål
Før start på Schjongs5er’n hadde eg laga meg det same målet om å springe kontrollert. Samstundes hadde eg sett på heimesida til løpet at arrangøren ville stille med fartshaldarar til ulike tider. Eg liker å springe i gruppe og gjerne i rygg på nokon, og før eg visste ordet av det, hadde eg laga meg to mål for løpet:
1. Å springe kontrollert og med god margin som i Fredrikstad og Drammen
2. Å hengje på fartshaldaren til 22.30
Sia eg hadde sprungi siste 5 km i Drammen på 22.48 – rett nok i medvind og netto unnabakke – tenkte eg at 22.30 kunne vera realistisk.
Og i halvannan kilometer kjentest det kontrollert og fint ut å liggja i ryggen på fartshaldaren. Det flaut ganske så bra på stien gjennom skogen. Men før vi passerte 2 km-merket som stod midt i ein slak motbakke, skjønte eg at eg hadde laga meg to motstridande mål. Eg kunne ikkje både springe kontrollert og samstundes hengje på haren og nå den tida eg vona på.
Kompromiss
I staden for heilhjarta å velje eitt av måla, landa eg på eit kompromiss. Eg slapp 22.30-feltet opp siste del av bakken og inn i den vesle parken. Men ikkje med meir enn at eg i den påfølgjande slake unnabakken vart freista til å prøve å rulle inn mannen med den gule fartshaldarvesten.
Eg kom à jour ved 3 km-skiltet – med det til følgje at eg var så sliten at eg måtte sleppe på nytt.
Med halvannan kilometer att passerer løypa berre hundre meter unna målområdet, og lysta til å gi seg heldt på å overmanne meg. Det var både fælt og uvant å presse seg på ein måte eg ikkje hadde gjort på over åtte månader. Da begge måla attpåtil såg ut til å gleppe, vart den negative indre dialogen forsterka.
Heldigvis klarte eg å minne meg på at eg var heldig som kunne vera med, og at dei siste 1200 metrane gjekk på den fine skogsstien langs elva. På eitkvart vis makta eg å halde motet oppe. Fartshaldaren roa litt ned, snudde seg mot oss som låg eit stykke bak og ropte at vi låg godt an. Sjølv om eg ikkje var i nærleiken av å få til nokon spurt, så stansa klokka på 22.29.
Min eigen rytme
Eg hadde klart det eine målet, men var forferdeleg langt unna det andre. Det var eit av dei mest ukontrollerte løpa eg nokon gong har sprungi.
Heldigvis viste pacemakerkontrollen tre dagar seinare at eg ikkje hadde fått noko flimmertilfelle under det harde løpet, og godt nytt var det òg at eg knapt nok hadde hatt tilfelle sia førre kontrollen i november.
Om det betyr at eg igjen skal byrje å springe i sone 3, 4 og 5, veit eg ikkje. På ein måte var det kjekkare i Drammen der eg heile tida hadde litt å gå på. Der eg følgde min eigen rytme og ikkje brydde meg om kor fort verken harar eller andre løparar sprang.
Samstundes var det artig igjen å setje seg eit tidsmål – og gjera eit heilhjarta forsøk på å nå det. Ikkje minst sia naudskriket gjorde at det gjekk.
Kvar vår historie
Men eg trur eg skal slutte å setje meg mål som så lett kan komma i konflikt med kvarandre. Skal eg springje lett, så skal det få vera lett. Og skal eg sjå kva eg kan få til, så har det ikkje noko for seg å tru at det ikkje vil koste.
Fartshaldarar kan uansett vera fint. Ein ytre som kan inspirere oss når vi trur kreftene er borte. Og aller mest ein indre, som kan styre oss dit vi vil i den farten som er vår. Den som er bra nok – sjølv om dei vi ein gong kniva med, forlengst har forsvunni langt der framme.
På den andre sia av streken møtes vi igjen – med kvar vår historie å fortelje.