Kanskje skulle vi heller prøve å ta tak i årsakene til problema – enten det er blodtrykket som er høgt eller sinnsstemninga som er mørk. (Foto: Hasty Words, Pixabay)
Kanskje skulle vi heller prøve å ta tak i årsakene til problema – enten det er blodtrykket som er høgt eller sinnsstemninga som er mørk. (Foto: Hasty Words, Pixabay)

Dit vi ikkje vil

I ei tid der vi står i fare for å fjerne oss frå både naturen og kvarandre, slår eg eit slag for det lågteknologiske og naturnære. For det er fort gjort å gløyme kor vi kjem ifrå og høyrer heime i ei verd med stadig meir kunstig intelligens, digital overvaking og modifisering av genar enten det handlar om mat eller medisin.

Publisert Sist oppdatert
Vignett-kondiskommentaren.jpg

Artikkelen har stått på trykk i Kondis nr. 6 2022.

Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.


Da fysisk aktivitet som medisin var tema i Dagsrevyen i sommar, hevda leiaren for fagstyret i Legeforeningen, Ståle Onsgård Sagabråten, at effekten av trening så langt ikkje var godt nok dokumentert, og at det var ein hovudgrunn til at legane i så liten grad bruker fysisk aktivitet som ein del av behandlinga.

«Dokumentasjonen klarer ikke å danke ut den dokumentasjonen legemiddelfirmaene bringer til torgs og får inn i sine retningslinjer for behandling av en rekke tilstander,» hevda Sagabråten i Dagsrevy-innslaget.

Sjølv må eg vedgå at eg ikkje har vorti noko mindre skeptisk til legemiddelindustrien dei seinare åra. Fokuset er i mykje større grad på reparering enn på førebygging, og når utsiktene til profitt blir stor, er det fort gjort å ikkje sjå nøye nok på kva dei langsiktige konsekvensane kan bli. Økonomisk sett er heller ikkje ei sterk og god folkehelse noko mål for ein bransje som tener seg søkkrik på at folk er sjuke og engstelege.

I litt for stor grad er vi lært opp til at det finst ei pille eller sprøyte mot alt som er ille. Og så har vi fortrengt at det ofte finst både bieffektar og langtidseffektar som fort kan forverre situasjonen. Kanskje skulle vi heller prøve å ta tak i årsakene til problema – enten det er blodtrykket som er høgt eller sinnsstemninga som er mørk.

Eller i større grad akseptere at både smerte og sakn høyrer livet til. For dersom vi heile tida prøver å døyve det vonde, så vil det òg bli vanskelegare verkeleg å kjenne på gleda.

Dermed ikkje sagt at vi kan springe oss bort frå alle vanskar eller eta oss fri for alle sjukdommar. Sjølvsagt er det fint å ha høgteknologiske hjelpemiddel når dei trengst. Sjølv sprang eg i sommar rundt med ein mobil EKG-målar i lomma, og det var takka vere høgteknologi operert av flinke folk at den skakkøyrde skuta unngjekk havari.

Samstundes må vi ikkje miste trua på det vi veit fungerer: samværet, solskinet, vandringa berrføtt i skyminga. Leiaren ved Volvat NIMI uttalte det slik i svaret sitt da talsmannen for Legeforeningen hevda at fysisk aktivitet var for dårleg dokumentert som medisin:

«Fysisk aktivitet er i verste fall ufarlig og i beste fall behandlende. For de aller fleste vil fysisk aktivitet gi stor helsegevinst. Hvor mye dokumentasjon må Legeforeningen ha tilgang på før de anerkjenner fysisk aktivitet som behandlingsmetode?»

Kan hende er det på tide å stanse litt opp og tenkje over kor vi kjem ifrå – før vi blir med på ferda dit eg trur mange av oss eigentleg ikkje vil.

Runar Gilberg (f. 1965) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg har vært med og arrangere Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton.
Powered by Labrador CMS