Skal det bli slutt på å sjå Therese Johaug gå over mål i slike løyper? Er målstreken rett og slett nådd for klassisk langrenn? (Foto: Sylvain Cavatz)
Skal det bli slutt på å sjå Therese Johaug gå over mål i slike løyper? Er målstreken rett og slett nådd for klassisk langrenn? (Foto: Sylvain Cavatz)

Farvel til klassisk langrenn?

Ein av dei siste som kasta seg utpå og meinte at det var på tide å fjerne klassisk langrenn som konkurranseidrett, var sjølvaste Bjørn Dæhlie.

Publisert Sist oppdatert

Artikkelen har òg stått på trykk i Kondis nr. 3 - 2021.

Artikkelen har òg stått på trykk i Kondis nr. 3 - 2021.

Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.


I eit intervju i VG fortalde han at det gjorde vondt, for han er genuint glad i klassisk langrenn, men han trudde ikkje det er nokon veg utanom dersom ein skal forhindre for stor norsk dominans og at idretten blir for dyr å drive.

Høge kostnader og norsk dominans er kanskje to sider av same sak i og med at Noreg har vori den nasjonen som har brukt mest pengar på ski, støtteapparat og preparering. Noreg har sett standarden med både glidprosjekt og smørebuss og slik sett gjort det alt anna enn enkelt for mindre ressurssterke land og hengje med.

Men det store norske fortrinnet er likevel breidda i rekrutteringa. Når så mange unge driv med langrenn, blir det òg fleire stortalent som blir fanga opp. Den fordelen vil ikkje forsvinne sjølv om ein fjernar klassisk.

Sjølv ville eg synest det var synd om klassisk langrenn vart teki av programmet. Det gir variasjon til både løparar og tilskodarar når utøvarane må meistre to greiner. Eg er så nostalgisk at eg synest det er flott å sjå på, enten det er Johaug eller Bolsjunov som langar ut i diagonal.

Der klassisk etter mitt syn med fordel kunne forsvinne, er frå Ski Classics. Medan verdscuplangrenn har greidd å ta vare på den klassiske stilen – inklusive diagonalgang og dobbelttak med fråspark – er turrennsklassisk vorti redusert til staking. Rett nok med innslag av ein del mikroskøytetak sia det er lov å stå utanfor sporet. Så lenge klassisk betyr det same som samanhengjande bukking/neiing ispedd litt småskøyting, ville det vera mykje betre å late dei skøyte fritt, tenkjer eg. Både småjuksinga og den verste monotonien ville bli borte. Men sia Ski Classic òg er renn for massane, så vil det fort bli trongt i traseen om alle skulle skøyte – og løypene øydelagt om eliteløparane skulle gå først og skøyte.

Uansett synest eg det ville vera synd om vi skulle ha sett den siste klassiske tre- eller femmila i Kollen. Lag heller reglar som reduserer støtteapparata og set grenser for kor mange skipar kvar løpar kan ha, slik at sporten blir billegare og meir rettferdig.

At langrenn klarte kunsten å ta vare på variert klassiskgåing – i motsetning til skiskyting, kombinert og turrenn – har hatt så stor verdi, at det ville vera synd å gi opp no snart 40 år etter at skøytinga vart ein reell trussel.

Runar Gilberg (f. 1965) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er har vært med og arrangere Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton.


Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957

Powered by Labrador CMS