294 langs fjorden i strålande ver

Laban_Siro_ingress

Laban Siro knuste rekorden!

Laban Onderi Siro (bildet) frå Kenya knuste løyperekorden i Langs Åkrafjorden i Etne og løp på sterke 33.51 i den 11 km lange og kuperte løypa.

Publisert Sist oppdatert

Nesten dobla deltakartal i høve til i fjor
Etter 2.95 km er det bergpris. Alle dei tre første herrene var under den gamle rekorden til Nils Hetleflåt på 10.59. Laban Siro fekk notert 10.10 på 500 m nedover og 2.4 km tildels tøff motbakke. Ragnar Stølsmark, GTI-Stavanger fekk 10.37 og berre 15 år gamle Gaute Kvåle frå Røldal IL på 10.55. For eit talent!

Marit Årthun, Matre IL var fyrst på toppen av damene med 13.07, Kjersti Fresvik, Røldal IL 13.19 og Maryna Novik, Vindafjord IL (3 månader etter fødsel!) 14.10.

Rekord med 3 minutter 41 sekunder
Laban Siro knuste den gamle rekorden med 3 minutt og 41 sekund! 33.51 er no den nye løyperekorden. Det er så vidt under 3.05 pr/km i den tøffe løypa. Også NM-klare Ragnar Stølsmark GTI-Stavanger var godt under den gamle rekorden med 35.25. Gaute Kvåle var nr 3 på 38.03, berre 29 sekund bak den gamle løyperekorden til Svein Erik Eide.

For Laban Siro ble det ein lønsam dag. Han vann både bergprisen, totalsigeren og sette løyperekord. Med pengepremiar for alle tre vart det nokre 1000-lappar på kenyanaren, som kom til Åkrafjorden frå den lille byen Skillingaryd i Sverige. Tida han fekk på 11 km med lange bakkar opp og ned samsvarar truleg med ei 10 km-tid ned mot 30.00.


Under den gamle rekorden: Også Ragnar Stølsmark var langt under den gamle løyperekorden, sjøl om han blei slått med over eit og eit halvt minutt av Laban Siro.


11 kvinner - ny rekord
11 kvinner stilte til start. Det er det største antall kvinner i dette løpet, og det gleda arrangøren Fjorda-alliansen mykje. I mål kom røldalsjenta Kjersti Fresvik fyrst på 44.16. Marit Årthun hadde 45.07 på andreplass, og fjorårsvinnar Maryna Novik frå Vindafjord 47.20 på 3. plass.


I mål: Tøres Rullestad 10 år gamal sprang på dispensasjon. Som 9 åring fullførte han "Alle 30 nutane" i Etne i fjor. Han "ga alt" og gjennomførte 11 km på flotte 62.14, og måtte som dei store stjernene ta ein kvil rett etter målstreken.



294 deltakarar totalt: Nokre løp fort, veldig fort, nokre småløp og gjekk heile distansen og mange gjennomførde dei 11 km på sykkel.

Les meir på nettsida til arrangøren

Resultater i klasse løp på tid i Langs Åkrafjorden 14. august:

Klasse:StartnrNamnE-namnKlubbFøds.årBERGMÅL
KVINNER
KJ182KjerstiFresvikRøldal IL199213.1944.16
KJ215EllinorAusterheimVindafjord IL199821.1173.57
KS199Maryna NovikVindafjord IL198114.1047.20
KS196MonicaKlippenbergEtne Svømmeklubb197615.4653.46
KS216Randi VågshaugIFK198517.3260.43
KV 40-44200MaritÅrthunMatre IL196713.0745.07
KV 40-44206Grethe Tesdal---Privat---197014.1752.22
KV 40-44197Elisa BjørkJacobsdottirEtne Svømmeklubb196922.2071.23
KV 45-49190Martina KøenigHaugesund IL196217.5158.41
KV 45-49187AnneKleiven---Privat---196518.3962.29
KV 55-59189BodilMelkevikHaugesund IL195217.3156.33
MENN
MJ179GauteKvåleRøldal IL199510.5538.03
MJ205ThomasFinshusStegaberg IL198811.2239.31
MJ185ErikRullestadFjæra & Rullestad IL199412.3642.34
MJ195SondreRullestadFjæra & Rullestad IL199113.0246.57
MJ204Jostein SkareThygesenIL Korlevoll199513.3250.10
MJ180HåvardKvåleRøldal IL199614.2152.46
MJ193Kurt RaymondJegtebergMatre IL199715.4353.42
MJ186RubenKleivenSkjold IL199615.4556.57
MJ184TøresRullestadFjæra & Rullestad IL200016.1862.24
MJ188Ole RullestadFjæra & Rullestad IL199614.2264.58
MS198LabanSiroKenya198410.1033.51
MS212RagnarStølsmarkGTI - Stavanger198510.3735.25
MS213RasmusStølsmarkGTI - Stavanger198512.0039.18
MS218Jarle KvåleKolbeinsenIFK198612.3643.20
MV 35-39203Arild BjordalHaugesund IL197113.2446.41
MV 35-39208Frank IvanKnudsenHordaland Politiidr.lag197213.4448.04
MV 40-44181LarsKvåleRøldal IL196612.3642.36
MV 40-44214ArildAusterheimVindafjord IL196613.4446.46
MV 40-44Funksj.Trygve Gunnar BHenriksenIFK196921.5376.02
MV 45-49183Thor Arne DommersnesStegaberg IL196512.3540.49
MV 45-49155Nils KristianBerge---Privat---196212.2842.02
MV 45-49192Kurt ReidarJegtebergMatre IL196413.4647.23
MV 45-49Funksj.Olav SamlandIFK196316.3150.30
MV 45-49194Jan OveHemnes---Privat---196514.5052.51
MV 45-49202AndersTjøsvold---Privat---196317.2860.25
MV 50-54207Terje HålandIFK195714.2250.28
MV 55-59217HaraldMågeIFK195416.1353.49
MV 55-59211Odd GunnarNilsenStegaberg IL195116.5255.22
MV 55-59191KasparZwickyHaugesund IL195117.1558.18
MV 55-59Funksj.Gisle SellevoldIFK195117.4959.19
MV 60-64210SkjalgDuesundIFK194813.3545.17
MV 60-64209LeifØrkeIFK194922.0371.50
MV 65-69201Gunvald GundersenIFK194216.2552.49


Powered by Labrador CMS