Det er ikkje særleg mykje snø igjen på Sjusete Skisenter i Hardanger. (Foto: webkamera)
Det er ikkje særleg mykje snø igjen på Sjusete Skisenter i Hardanger. (Foto: webkamera)

Torefjellsrennet er avlyst

Årets Torefjellsrenn i Hardanger er avlyst. Utan snø i løypene hadde ikkje arrangørane noko anna val.

Publisert Sist oppdatert

Det har så langt vore ein dårleg vinter for skisport på vestlandet, og no måtte Torefjellsrennet avlyse. Det skulle etter planen gå førstkommande søndag, 9. mars.

Torefjellrennet er eit av dei få gjenverande turrenna på vestlandet. Det går på Sjusete Skisenter, som ligg ovanfor Norheimsund. Arrangør er Kvam Langrenns- og Skiskyttarklubb.

På sitt beste er dette eit skirenn i vakre omgivnader, med utsikt over Hardangerfjorden. Dette var tilfellet i fjor, då det var strålande gode forhold med mykje snø i Torefjellsrennet:

Drømmeforhold i Torefjellsrennet

I går la arrangørane ut denne meldinga:

Torefjellsrennet og Kvammasprinten er avlyst.
Det er ingen snø i sikte, så me må diverre avlysa renna me hadde gleda oss til å arrangera på Sjusete til helga. Det er ekstra tungt når ein hugsar tilbake til kor gode forholda var i fjor og kor mange som møtte opp for å bidra til to fantastiske dagar med skirenn og moro.
Me satsar alt på at 2025/2026-sesongen byr på betre snøforhold og at me igjen kan invitera til ei fantastisk rennhelg på Sjusete.

I fjor var det draumeforhold i Torefjellsrennet. (Foto: Arne Dag Myking)
Powered by Labrador CMS