BUL fylte 100 år onsdag

BUL_100

580 noregsmeisterskap på 100 år

Idrottslaget i Bondeungdomslaget fylte 100 år 8. januar 2013. 100-årsjublieet skal prege idrottslaget sine aktivitetar og tilskipingar som for eksempel Sentrumsløpet, Bislett Special Olympics, BUL-sprinten m.m.

Publisert Sist oppdatert

PRESSMELDING:

Idrottslaget i BUL vart stifta 8. januar 1913
Laget er organisert som eit særlag under Bondeungdomslaget i Oslo (stifta i 1899). IL i BUL har vore aktiv innan mange idrettsgreiner, som langrenn og skihopp, friidrett, skøyter, orientering, fotball og handball.
Historie
Idrottslaget har hatt fleire store profilar som har hevda seg i sine idrettar. Nokre av dei fremste har vore Johan Grøttumsbråten, Johan Badendyck, Jorunn Askersrud Nygaard, Thor Helland, Ingrid og Åge Hadler, Odd Martinsen, Stig Roar Husby, Øivind Dahl, Mona Evjen, Mari Bjone, Fernando Ramirez og Khalid Skah.
Idrottslagets største profil på 1980- og 90-talet var løpardronninga Ingrid Kristiansen.

580 NM-gull for senior
IL i BUL har fram til 2013 til saman teke 580 NM-gull for senior, individuelt og for lag. Klubben har sanka 51 kongepokalar i NM frå 1913 og til i dag.

I OL har det blitt 5 gull, 4 sølv og 2 bronse, i VM 10 gull, 2 sølv og 4 bronse og i EM 1 gull, 2 sølv og 1 bronse.

BUL har vore nyskapande på mange felt innanfor norsk idrett. Såleis kan vi nemne at klubben tidleg tok til orde for skistafett for klubblag, sprint-NM på skeiser, orientering, fotball for kvinner og idrettstilbod for psykisk utviklingshemma. I tillegg har IL i BUL heile tida vore ope for likestilling mellom kjønna og alltid ønskt utøvarar frå andre kulturar velkommen.

Damelaget i fotball
var dei fyste offisielle noregsmeistrane i fotball for kvinner i 1978 og vann NM 5 gonger. BVT- gruppa for utviklingshemma starta i 1981 og var ei av dei første fullintegrerte
gruppene i sitt slag i Norge. I dag har gruppa eit herrelag i fotball (som er kjent frå tv-serien Tangerudbakken på TVNorge), eit damelag i handball og ei symjegruppe. Det er om lag 40 medlemer i BVT- gruppa i dag.

Idrottslaget har heile vegen hatt stor dugnadsinnsats, og det er mange eldsjeler som har lagt ned eit tusental med timar gjennom fleire tiår i klubben Vi nemner spesielt idrettsgeneralen Olaf Helset, «kvinnefotballens mor», Målfrid Kuvås (1942-2011), Olav Aaboen, Arne Haukvik (1926-2002), Ivar Egeberg og Unni Helland.

I dag er det friidrett, langrenn og BVT- gruppa for utviklingshemma som er aktivitetane i klubben Idrottslaget har no 415 medlemer. Friidrettsgruppa er desidert størst med sine 300 aktive, fordelte på grupper frå 5 år og oppover. Friidrettsgruppa har lenge hatt stor pågang og har hausten 2012 oppretta 3 nye grupper for born for å auke kapasiteten.

Profilar i Idrottslaget i BUL i 2013
Langrenn: Heidi Weng (bildet) og Martine Ek Hagen Friidrett: Ezinne Okparaebo, Jaysuma Saidy Ndure og Cathrine Larsåsen.

IL i BUL tok over 30 medaljar i nasjonale meisterskap i 2012 og hadde 2 deltakarar med i OL i London. Klubben har òg mange av Noregs mest lovande ungdomsutøvarar som kan gjere det skarpt i åra framover.


Arrangement:
IL i BUL arrangerer kvart år Hyundai Sentrumsløpet i Oslo. Årets løp går av stabelen 27. april 2013. IL i BUL er medlem av Bislett Alliansen saman med dei to andre Oslo-klubbane SK Vidar og IK Tjalve. IL i BUL er med og arrangerer Exxon Mobil Bislett Games. IL i BUL skipar også årleg til BUL-sprinten på Gålå i samarbeid med Sør-Fron idrettslag.I tillegg til dette arrangerer klubben kvart år barne- og ungdomsstevne i friidrett både innandørs og utandørs.

Program for jubileumsåret:
8. januar 2012 – Mottaking i Rådhuset
19. januar jubileumsfest i Det Norske Teatret.
Medio april: Jubileumsboka «Hundre års idrettsliv» vert utgjeven på Det Norske Samlaget.

Tidslina for soga til IL i BUL
1913: Skipa 8. januar. Fyrste formann Botolf Dokk. Lagstevling i friidrett på Frønsvollmyra. Anders Tandberg og Olaf Helset tok premie. Skirenn, kurs i symjing og lagsturar om sundagane. Bakkerenn for jenter.

1914-15: Kjøp av tuft til Røkleivhytta.

1915: Kappskyting i IL. Skirenn med skyting.

1916: Torbjørg Suphammer fyrste kvinnelege formann (i vårsemesteret). Skyting kvar sundag. Olaf Helset formann frå hausten.

1916-17: Gjennombrot for skiidretten. Tryslingen Peder Kristoffersen vert nr. 2 i 30 km i Nordiska spelen. ”Slalåmrenn” for jenter.

1917: Fyrste friidrettssommaren i BUL.

1917-18: Vanleg langrenn for jenter, best vart Kate Hagen.

1918: Trening i terrengløp. BUL byrjar å bruke gule og raude drakter, som er lagsfargane til Noregs Ungdomslag. Laget melder seg inn i Idrettskrinsen. Josef Tveiten beste løpar.

1918-19: Lagsmerket teikna av Hagbart Haakonsen vart vedteke. BUL vinn Forsvarspokalen til odel og eige. Haakonsen vinn kongepokalen i Gråkallen.

1919: BUL tek fyrste lotten i pokalen BUL-BIN (Bondeungdomslaget i Nidaros). Agnar Renolen vinn 3 fyrstepremiar i friidrett. Fotballtrening på Hovudøya. Haakonsen får
kongepokal. Eige skyttarlag skipa. Terrengløpet ”Ørfiske rundt” kjem i gang.

1919-20: Johan Grøttumsbraaten beste BUL-mann, 1. plass i kombinert i Sverige, og vinn landsrennet på Voss både i kombinert og 30 km og tek dertil fyrstepremie i kombinert i Holmenkollen. Haakonsen vinn Haslerennet og fyrstepremie i Gråkallen.

1920: Kondisjonsturar frå Majorstua. Fyrste friidrettsstemne skipa av BUL. Anders Tandberg
instruktør i laget.

1920-21: Grøttumsbraaten vinn Ullernrennet. BUL vinn krinspokalen i 30 km til odel og eige.

1921: Gunvald Lunde krinsmeister og noregsmeister i terrengløp. Fyrste NM-vinnar for BUL.

1921-22: Haakonsen vinn Gustarennet og Grøttumsbraaten kombinert i Holmenkollen. Langrenn frå Røkleiva.

1922: Haakonsen vinn KM i terrenglaup. Johan Badendyck vinn ulike terrengløp for junior. Tjodvald Gjelsvik vart juniorkrinsmeister på 800 m, og Johs Kringlebotn på 1500 m. BUL skipa til KM i tikamp. Medlem i Fotballforbundet.

1922-23: Grøttumsbraaten tek kongepokalen i Holmenkollrennet.

1923: Holmenkollstafetten for fyrste gong. BUL vert nr. 3. Sølv til Badendyck i NM i terrengløp.

1923-24: Lagstevlingar med 53 karar og 23 jenter. Handicaprenn for karar. Eitt sølv (18 km) og to bronse (50 km og kombinert) til Grøttumsbråten i OL i Chamonix. Han får òg Holmenkollmedaljen. BUL beste norske klubb i langrenn, ut ifrå statistikk i bladet Idrætsliv.

1924: Dobbeltsiger til BUL i KM i terrenglaup med Badendyck og Haakonsen. Trygve Kvisvik vinn KM 10 000 m og Sverre Dehli 110 m hekk.

1924-25: Treningsbakke ved Røkleiva. Grøttumsbråten tek to kongepokalar. 1925: Fyrste siger til BUL i Holmenkollstafetten og ny rekord. Glimaframsyning (bryting)
med islendingar. Martin Mølster vinn KM i femkamp.

1925-26: Haakonsen vinn kombinert i Saltsjøbaden og 30 km renn i Oslo. Grøttumsbråten vinn nye kongepokalar i Holmenkollen og Hovudlandsrennet. Han vinn òg VM-gull i kombinert i Lahti. Han tek dessutan fyrstepremien kombinert i Oslo skikrins.

1926: Eige hovudstyre vedteke. Handskrive lagsblad Urkrafta. Ny siger i Holmenkollstafetten. Mølster vinn NM i femkamp og kulestøyt. Badendyck vinn NM 10 000 m. Same karane med til landskamp mot Danmark og Sverige. Norsk rekord til BUL på 4 x 1500 m stafett (tida 17.22.5).

1926-27: Fyrste gong med eige skistyre i BUL. O.T. Eggerud formann. Haakonsen, Nils Jørstad og Ivar Brustad vinn krinspokalen i 30 km til odel og eige. Haakonsen sjølv vinn 4 fyrstepremiar. Grøttumsbraaten vinn éin kongepokal og to damepokalar.

1927: IL får eige banner av hovudlaget, teikna av arkitekt Eikrann og sydd i Heimen. Medalje teikna av Carsten Lien. Gunnar Hagen vinn NM i tresteg, Badendyck vinn NM i terrengløp og set norsk rekord på 10 000 m med 31.41.7. Haakonsen får Holmenkollmedaljen. Arbeid for nynorske skjema i idrottssamskipnadene.

1927-28: Grøttumsbråten vinn to OL-gull i St. Moritz (17 km og kombinert). Han får kongepokalen i Holmenkollen og Gullvarelagerets ærespris. Laget vinn Nydalspokalen
til odel og eige, og dessutan krinspokalen i kombinert og Oslo skikrins’ jubileumspokal i kombinert. Fyrste landsrenn skipa av IL i BUL.

1928: Trening med 75 medlemer på Bislett. Dei tek 61 premiar i friidrett. Hagen vinn NM i tikamp. Kaare Arnesen og Rolf Eriksen vinn kvar sin Blystad-pokal i diskos. Grøttumsbråten og Haakonsen får heidersmerket som dei to fyrste i laget.

1928-29: 4 BUL-medlemer med til VM på ski i Zakopane i Polen, utøvarane Peder Belgum, Hans Kleppen, Hagbart Haakonsen og leiaren Edvin Strand. Olaf Helset leiar for norsk skitropp til Japan. Grøttumsbråten får kongepokal i Holmenkollen. Belgum tek kongepokalen i Skimtrennet. BUL vinn pokalen for beste firemannslag i orienteringsløpet til Oslo skikrins.

1929: Hagen vinn NM i tikamp og tresteg. Han får kongepokalen.

1930: Badendyck vinn NM i terrengløp.

1930-åra: Kvinnene kjem gradvis med i friidretten.

1930-31: Grøttumsbråten vinn VM-gull i 17 km og kombinert i Oberhof.

1932: Grøttumsbråten tek OL-gull i kombinert i Lake Placid. Badendyck vinn 10 000 m i NM.

1933: Grøttumsbråten utnemnd til fyrste heiderslagsmann. Gubbelaget skipa. Jakob Haugen vert vald til formann i Idrottslaget. Bortsett frå tidbolken 1946-59 sit han til 1957.

1934: Stor løpsduell på Bislett mellom BUL-medlem Johannes Bognerud og svenske Erik Pettersson. På 5000 m. Bognerud vinn og får Morgenbladets gullmedalje. Peder Belgum får BULs heidersmerke.

1935-36: Bjarne Iversen vinn 17 km langrenn i NM. Peder Belgum vinn old boys-klassa i Birkebeinerrennet. Bjarne Iversen med på det norske stafettlaget som tek sølv på 4 x 10 km stafett i OL i Garmisch.

1936-37: BUL-guten Oskar Fredriksen med på VM-gull i stafett i Chamonix, fyrste norske stafettgull i VM. Sigurd Solli tek bronse i spesielt hopp.

1938: Victor Clock vinn BULs eige jubileumslandsrenn i klassa under 20 år.

1939: Clock får 20 i stil for eit skihopp i Drafnkollen. Skihoppar Kaare Wahlberg vert nr. 2 i Holmenkollen.

1940-45: Krig og okkupasjon. Norsk idrett ligg nede. Mange idrettsfolk i BUL med i motstandsrørsla, m.a. Grøttumsbråten, Helset, Tvinnereim m.fl.

1946: Asbjørn Hansen vinn friidretts-NM på 1500 m. Stafettlaget tek òg gull på 4 x 1500 m. Thorleif Vangen vinn både 30 km og femmila i ski-NM. Han sigrar òg på 18 km i Holmenkollen og er med på laget som vinn Generalstabens pokal. Vangen vann òg Vidarløpet.

1947: Peder Belgum vinn klassa si i Forsvarsrennet. Vangen vinn tre-mila og får heidersmerket til BUL.

1949-50: Henry Hermansen er med og tek bronse i stafett i ski-VM. Nils Slåttsveen vinn kongepokal i kombinert.

1950-52: Rune Nilsen vinn NM i tresteg.

1950-åra: Jorun Askersrud (Tangen) Nygaard og Reidun Buer (Skogvold) vinn 66 meisterskapar i friidrett.

1950: Jorun A. Nygaard får gjennombrotet sitt i NM.

1951: Hermansen med på vinnarlaget i stafett i Sestriere, Italia.

1952: Tresteghopparen Rune Nilsen får femteplass i OL. Knut Knutsen vinn NM i skogsløp.

1954: Kristen Kvello, Lars H. Lia og Henry Hermansen vinn bronse i den fyrste klubbstafetten på ski. Jorun A. Nygaard debuterer på landslaget og vinn 80 m hekk, lengde og 4 x 100 m stafett i ein landskamp mot Danmark. Ho set òg nordisk rekord i femkamp under EM i Bern. Ho vart hylla som ei friidrettsdronning. Kristen Kvello vinn Vidarløpet.

1955: Reidun Buer (17 år) får kongepokal for siger på 60 m og 200 m i NM. Ingrid Løken Wigernæs med i det fyrste NM i langrenn for kvinner på Lørenskog. BUL vinn Svenska
Dagblad-stafetten. Alf Ramsøy slettar klubbrekorden til Johan Badendyck på 10 000 m.

1955-1960: Reidun Buer vinn 18 NM og set åtte norske rekordar.

1956: Berthe Lien vinn alpint i Holmenkollen. Buer set nordisk rekord på 200 m på Hamar. Terje Lilleseth vert andremann på 1500 m på eit internasjonalt stemne i Göteborg. BUL vinn og set løyperekord i Holmenkollstafetten.

1957: Jorun A. Nygaard vinn 500 m under NM på skeiser i Sandefjord.

1958: Reidar Næss vert NM-vinnar i hinder. BULs herrelag set noregsrekord på 4 x 1500 m stafett. Martin Skotvoll vald til formann og sit til 1962.

1959: Hermansen vinn gull i fyrste NM i skiskyting. Berthe Lien får heidersmerket til BUL. Hans Eikeland vinn NM i høgde både for junior og senior. Eilif Fredriksen får kongepokalen i tresteg. Ny siger i Holmenkollstafetten. Sigersrekkja varer til 1965.

1961: BUL vinn 4 x 1500 m stafett for både kvinner og menn. Thor Helland vinn NM i terrengløp (kort løype).

1962: Fyrste BUL-sprinten vert skipa på Bjerke travbane.

1963-66: Oddrun Lange Hokland vinn mange NM-titlar (400 m, spyd, femkamp, lengde utan fart, 80 m hekk, høgde).

1963: Jorun A. Nygaard vert heiderslagsmedlem i IL i BUL. Jubileumsåret (IL i BUL 50 år) vart svært sigerrikt. Det vanka tre nordiske meistrar og elleve noregsmeistrar på klubben. Elitelaget vann dessutan i Holmenkollstafetten.

1964: Arne Haukvik vald til formann og sit til 1972.

1965: Oddrun L. Hokland med på stafettlaget som vert nordiske meistrar i Helsingfors. Bislett-Alliansen skipa. Arne Haukvik PR-sjef.

1966: Kirsten Rasmussen Røthe med på det norske stafettlaget 4 x 100 m stafett i EM.

1967: Knut Brustad vinn NM på 800 m. Han vinn NM dei to neste åra òg. Både Ingrid og Åge Hadler får kongepokal i orientering for fyrste gong. Dei to får til slutt fem pokalar kvar.

1968: Oddrun L. Hokland får heidersmerket til IL i BUL. Odd Martinsen vinn gull i stafett 4 x 10 km og tek sølv på 30 km i OL i Grenoble.

1969: Brustad tek sølv på 800 m i EM innandørs i Beograd.

1970: Aller fyrste kvinnefotballkamp i Noreg 12. juli mellom BUL og Amazonene i Grimstad. BUL vinn 4-2.

1972: Målfrid Kuvås vald til formann, sit til 1978. Audun Garshol set ny norsk rekord på 100 m og vinn NM (fyrste BUL-gut som vann 100 m). Han får òg kongepokal. Det vert 5 strake NM på Garshol fram til 1976.

1973: BUL vinn den fyrste serien i kvinnefotball i privat regi og dessutan den uoffisielle NM.

1975: Fyrste gongen eliteklasse for kvinner i Holmenkollstafetten. BUL greier andreplass.

1976: Odd Martinsen er med på det norske sølvlaget i 4 x 10 km stafett i OL i Innsbruck. Øivind Dahl vinn NM i terrengløp. Mona Evjen med sitt fyrste NM-gull 200 m for BUL. Ho vinn mange gull fram til 1984.

1978: Siger i Holmenkollstafetten for menn. BUL vinn kvart år fram til 1981. Kvinnefotballaget vinn NM (fyrste offisielle noregsmeistrar). Nye NM-sigrar for laget fylgjer fram til 1980 og i 1982.

1979: Kvinnefotballaget vinn kongepokalen i NM.

1980: Fyrste kvinnesiger i Holmenkollstafetten og rekordtid (58.39). Herrane vinn òg – dobbelsiger til BUL for fyrste gong. Dahl greier andreplass i maraton i Karl-Marx-Stadt (Chemnitz) i DDR.

1981: Vigdis Rønning vinn Birkebeineren. Inge Simonsen vinn London Maraton fyrste gongen det vert skipa (tid: 2.11.48). Astrid Tveit vinn NM i høgde. Ny kvinnesiger med rekordtid i Holmenkollstafetten (58.12), herrane tryggjar dobbelsigeren. Bjørg Moen med andreplass i Marcia Longa. BVT-gruppa skipa på Grillstova.

1982: Ingrid Kristiansen tek bronse på maraton i EM. Astrid Brun vinn 400 m i NM. Mona Evjen set norsk rekord på 200 m tre gonger.

1983: Stig Roar Husby set ny norsk rekord på maraton i VM (tid 2.11.29). Astrid Brun set 6 norske rekordar på 400 m.

1984: Herrelaget til BUL vinn Holmenkollstafetten med rekordtid (46.24). Magnar Rismyhr vinn Birkebeineren på rekordtid (2.59.28).

1985: Stig Roar Husby vinn NM på 5000 m og 25 km landevegsløp.

1986: Kristiansen vinn gull på 10 000 m i EM. Ho tek dessutan tre NM-sigrar (1500 m, 2 km og 5 km terrengløp). Anne Gundersen vinn både 400 m og 400 m hekk i NM.

1987: Kristiansen vinn gull på 10 000 m i VM. Aham Okeke vinn 100 m i NM.

1988: Vigdis Rønning vald til formann, sit til 1991. Mosjonsløpet Oslo-karusellen skipa.

1989: Hanne Haugland tek sølv i høgde i EM innandørs. Ho vinn òg høgde og lengde i NM.

1990: Mari Bjone vinn 400 m hekk i NM. Ho får ei sigersrekkje fram til år 2000. Aham Okeke set norsk rekord på 100 m under Bislett Games (10.42). Han vinn NM på både 100 m og 200 m. BUL vinn eliteklassen for menn i Holmenkollstafetten og kopierer denne bragda både i 1991, 1992, 1993 og 1995.

1991: Atle Næsheim vinn NM på 3000 m hinder. Skah med VM-gull i terrengløp. Ingrid Kristiansen vinn halvmaraton i den Haag.

1992: Khalid Skah vinn gull på 10 000 m i OL i Barcelona. Kristiansen får Egebergs ærespris.

1993: Skah vert nummer fem på 5000 m i VM. Han set verdsrekord på to engelske mil, med tida 8.12.17. Dobbelsiger til BUL i Holmenkollstafetten.

1994: Arild Haugene vald til leiar og sit til 1997. Skah vinn VM i halvmaraton. Aham Okeke med nye rekordar på 100 m og 200 m. BUL-jentene vinn elitklassen i Holmenkollstafetten

1995: Skah tek sølv på 10 000 m i VM. Dobbelsiger til BUL i Holmenkollstafetten.

1996: Marit Nyberg Birknes vinn 100 m og 200 m i NM og følgjer opp dei to neste åra òg. Mari Bjone vinn 400 m og 400 m hekk. BUL-lag til EM i terrengløp inn til 6. plass.

1997: Individuelle NM-sigrar til Marit Nyberg Birknes og til Mari Bjone og Khalid Skah. Aaboen får Rasmus-statuett.

1998: Nye lover og styringsføresegner for IL. Fernando Ramirez set norsk rekord på 60 m innandørs, 6.57.

1999: Sigvor Melve vinn 100 m i NM. Statue av Grøttumsbråten avduka på Frognersetra i samband med Bondeungdomslagets 100-årsjubileum. Mosjonsrennet Jentut’n skipa. Siste Osloløpet i regi av BUL.

2000: BUL skipa Sentrumsløpet for fyrste gong.

2001: Einar Kristian Tveitå med i diskosfinalen i VM i Edmonton. Tor Erik Nyquist vinn NM i maraton.

2004: Cathrine Larsåsen vinn NM i stavsprang og held fram med å vinne mange år frametter.

2005: Ezinne Okparaebo vinn 100 m i NM og tek til med ei lang sigersrekkje. Nytt Bislett stadion opna.

2006: Ezinne Okparaebo, Folake Akinyemi og Thea Oppegaard til junior-VM. Larsåsen set norske rekordar i stav.

2007: Jaysuma Saidy Ndure vinn både 100 m og 200 m i NM. Han får òg kongepokalen. Okparaebo vinn 100 m i junior-EM.

2008: Rune Stenersen vald til leiar og sit til 2010. Både Ndure og Larsåsen får kongepokalen i NM i friidrett.

2009: 4 NM-sigrar til Stine Kufaas i lengde og høgde. Jaysume Saidy Ndure set ny norsk rekord på 200 m med 19.89.

2010: Ivan Kristoffer Nilsen vinn NM i høgde med 2.21. Bislett Games inn i Diamond League.

2011: Ndure set ny norsk rekord på 100 m, med 9.99. Jays, Ezinne og Cathrine er alle deltakarar i VM. Jays får 4. plass på 200m.

2012: Ndure tek bronse på 100 m i EM. Ndure får Kongepokalen i NM i friidrett. Ezinne Okparaebo vinn 100m på Bislett Games. Både Jays og Ezinne deltek i OL i Londom med gode resultat. Bronse til BUL i 3x10 km skistafett for kvinner. Gull til BUL i sprintstafett for kvinner.

Powered by Labrador CMS