Eirik Tanberg (t.v) og Simen Wifstad i IL BUL
Arrangørar: Dagleg leiar Eirik Tanberg i IL BUL (t.v.) og arrangementsansvarleg for ASICS Sentrumsløpet Simen Wifstad gler seg til å ønskje deltakarane velkomen til ein stor løpsfest i Oslo den 22. april. (Foto: Tom-Arild Hansen)

Dette kan du vente deg på årets ASICS Sentrumsløpet

Arrangøren av ASICS Sentrumsløpet har alltid vore oppteken av å lage eit godt arrangement som skal gi deltakarane noko meir enn berre det å vere med på eit løp. I år lovar dei at det kjem til å bli enda betre.

Publisert Sist oppdatert

ASICS-expoen deltakarane møter når dei kjem for å hente startnummeret sitt i Teatersalen til BUL i Rosenkrantz’ gate 8, kjem til å bli ekstra flott i år. Det lovar Eirik Tanberg, som er dagleg leiar i IL BUL, som arrangerer ASICS Sentrumsløpet.

– Vi skal ha ein spennande og fin Expo. I tillegg skal vi i år for første gong ha fartshaldarar (harar) som skal hjelpe deltakarane gjennom løpet. Vi skal ha fartshaldarar for dei som vil prøve å kome i mål under 40, 45, 50, 55 og 60 minutt. Det er Runner’s World som hjelper oss med dette, seier Eirik, og legg til at dei også vil ha fokus på å skape liv i løypa.

– Vi skal ha fleire stasjonar enn tidlegare med liv i løypa. Dette er viktig for dei som deltek, og vi veit at gode tiltak for deltakarane gjer at det er større sjanse for at dei kjem tilbake neste år, fortel han.

– Endå ein ting som er nytt i år er at vi skal ha ein «After run» på Kaffistova, i Kristian IVs gate 2, rett etter løpet. Her blir det burgarar, drikke og god stemning, seier Eirik.

Aukande påmelding

I 2019 var det heile 12.500 som melde seg på ASICS Sentrumsløpet. Så kom pandemien.

– I 2020 måtte vi avlyse arrangementet, medan 2021 blei eit pandemiprega og utsett arrangement. I 2022 var vi nede i 6.800 påmelde. I år ser vi at det igjen er aukande interesse for å vere med, og vi reknar med å ende opp på rundt 9.000 påmelde deltakarar, seier Eirik, og legg til at dei gler seg stort til å starte sesongen 2023 med ASICS Sentrumsløpet den 22. april.

– Fokuset for dei aller fleste som deltek på ASICS Sentrumsløpet er opplevinga av å vere med på eit stort løp, og gleda ein får etter å ha gjennomført. Vi ønskjer å vere arrangementet som alle har glede av å vere med på, seier han.

Gode råd

På spørsmålet om kva råd han vil gi til dei som deltek på løpet for første gong, svarar Eirik:

– Start heller litt for roleg enn motsett. Opninga på løpet er hard, og det er mykje betre å ha krefter igjen mot sluten enn å brenne alt krutet i den første bakken opp mot Slottet. Om du orkar, anbefaler vi deg til å sjå deg litt rundt medan du spring. Løypa går forbi mange av dei mest kjende landemerka i Oslo. Vi anbefaler også alle å lese vår artikkel «Mitt første løpsarrangement». Her gir vi tips og råd om kva du skal gjere både før, under og etter løpet. Lykke til, avsluttar han.

Powered by Labrador CMS