Barrierebrytar: Ruth Chepngetich vart både hylla og mistenkt da ho i haust sprang maraton på 2.09.56 i Chicago. (Foto: World Marathon Majors)
Barrierebrytar: Ruth Chepngetich vart både hylla og mistenkt da ho i haust sprang maraton på 2.09.56 i Chicago. (Foto: World Marathon Majors)

For godt til å vera sant?

Ruth Chepngetich forbetra verdsrekorden med mest to minutt da ho i haust sprang maraton på 2.09.56. Jakob Ingebrigtsen sprang 3000 meteren over tre sekund fortare enn Daniel Komen da han i sommar kryssa målstreken på 7.17,55. Yomif Kejelcha var meir måtehalden da han nyleg forbetra verdsrekorden på halvmaraton med eit skarve sekund.

Publisert Sist oppdatert
Vignett-kondiskommentaren.jpg

Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.

Artikkelen har stått på trykk i Kondis nr. 8– 2024


Det blir sagt at når noko er for godt til å vera sant, så er det gjerne ikkje sant. Da kenyanske Ruth Chepngetich sprang Chicago Marathon på 2.09.56, var ein autoritet som Amby Burfoot raskt ute med å skrive at rekorden ikkje bestod luktetesten. To minutt forbetring av ein rekord som ganske nyleg hadde vorti forbetra med over to minutt, var rett og slett ikkje til å tru.

Og Burfoot fekk støtte av mange. Dopinganklagane fylde nettsider og kommentarfelt. Dama kom frå eit land med så mange dopingtekne utøvarar at det var rart om ei som var så mykje betre enn dei som dopa seg, skulle vera rein.

Sjølv skreiv eg at vi som ganske nyleg har opplevd at Jakob Ingebrigtsen og Karsten Warholm har sett nesten like utrulege verdsrekordar som det Chepngetich no gjorde, har grunn til å gå ganske stille i dørene. Iallfall dei av oss som ikkje snakka noko om at 7.17,55 og 45,94 var mistenkjeleg bra.

Slik sett gjorde etiopiaren Yomif Kejelcha det lettare for seg sjølv da han sneia berre sekundet av verdsrekorden da han sprang halvmaraton på 57.30 i Valencia. Dei to siste verdsrekordane på halvmaraton er faktisk sett på Bubka-vis – med berre 1 sekund om gongen.

Utan at det er garanti for noko som helst når det kjem til doping. Til det har det vori for mange avsløringar mellom dei aller beste, dei neste beste og folk lenger bak i rekka.

Naiv

Skal ein mistenkje alle som spring fort for å bruke ulovlege middel, blir det ikkje så mykje idrettsglede att. Og motsett: Går ein rundt og trur at knapt nokon dopar seg, er ein heilt klart naiv.

Dessverre har doping så lenge vori ein så stor del av idretten at mistanken vil hengje over mange, og særleg dei som spring fantastisk fort. Nokon enkel veg ut av dette uføret trur eg ikkje finst.

Testarane ligg kronisk på etterskott, og i stor grad er det bukken som passar havresekken. Dei idrettane som testar minst og minst effektivt, får færrast dopingtilfelle og ser difor ut til å vera dei reinaste. Og sia ein stor del av testinga er overlati til dei nasjonale idrettsforbunda, så vil interessa for å avsløre juksarane fort bli lunken. For kven ønsker å dra sine eigne nasjonale heltar ned i søla?

Difor kan eg godt gi kreditt til Antidoping-byrået i Kenya som trass alt har avslørt så mange av sine eigne. I nabolandet Etiopia er det knapt nokon som blir tekne, enten årsaka er at langt færre etiopiarar dopar seg, at dopinga er meir sofistikert eller at antidopingarbeidet er dårlegare.

Enhanced Games

Somme meiner at det beste er å tillate doping. Sterke finansielle aktørar prøver å etablere Enhanced Games – som vil vera idrettskonkurransar der doping er lovleg. Hovudargumenta for Enhanced Games er at det både vil vera meir rettferdig og mindre farleg for utøvarane som da vil kunne dope seg i ope landskap med god oppfølging frå medisinske fagfolk. Argument om inkludering og kroppsleg autonomi blir òg brukt. At vi må respektere at folk ønsker å utvikle kroppen sin på ulike måtar – utan at nokon av den grunn skal kunne stengje dei ute frå idretten.

Men ei slik løysing er neppe noko godt alternativ for særleg mange av dei foreldra som skal sende ungane sine på ulike typar barneidrett. Å setje i gang med ei idrettskarriere der ein veit at ein til slutt må putte steroidar eller EPO i kroppen for å vera konkurransedyktig, er ganske så langt frå den idrettsleiken vi så gjerne vil tru på.

Snarvegar

Truleg må vi finne oss i å leva med tvilen – enten vi er med i idrettskonkurransar sjølv eller ser på frå tribune eller via skjerm. Somme spring fort med doping, somme utan. Somme tek snarvegar når ingen ser dei, andre held seg uansett pent i løypa.

Dermed ikkje sagt at det ikkje er lov til å spekulere om kven som har putta i seg ulovlege substansar og kven som berre nøyer seg med dei som er lovlege – som det òg tek til å bli ein god del av.

Eg trur likevel det har lite for seg å stemple dei som vinn – eller knusar rekordane – for ureint trav, før bevisa ligg på bordet.

Og sjølv da kan sorteringsarbeidet vera vanskeleg nok. For like visst som at mange skuldige går fri, så vil det òg vera nokre få som ikkje har dopa seg, som blir dømde.

Fru Justitia har eit stort og vanskeleg arbeid å gjera.

Runar Gilberg (f. 1965) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg har vært med og arrangere Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton.

Powered by Labrador CMS