Uforandra i toppen etter 3. løp

Thorbjorn_Ludvigsen_2011

Salomon Motbakkecup

Etter Storehesten opp søndag er det uforandra på dei tre første plassane både i dame- og herreklassen. Thorbjørn Ludvigsen (biletet) leiar føre Torstein Tengsareid og Joel Dyrhovden. May Britt Buer har førsteplassen av damene, Therese Sjursen er på andre og Merete Weng på tredjeplass.

Publisert Sist oppdatert

Thorbjørn Ludvigsen har eit poengforsprang på 25 til Torstein Tengsareid, og til Joel Dyrhovden på tredjeplass er det også 25 poeng skilnad.

Samla poengstilling etter tre løp

May Britt Buer tok andreplassen etter Heidi Weng i Storehesten opp og leiar motbakkecupen med 35 poeng. Heidi Weng vann også første løpet, Ulriken opp, men var ikkje med i det andre løpet. Ho er difor nede på fjerdeplass totalt etter May Britt Buer, Therese Sjursen og Merete Weng.

Dei neste løpa i Salomon Motbakkecup er

16.juli: Kvasshovden Opp, Ulvik (NM i motbakkeløp) www.kvasshovdenopp.no
1. oktober: Oslos Bratteste, Oslo www.oslosbratteste.no

Powered by Labrador CMS