Novik og Heggebø vann

Startfeltet 2012
Startfeltet i 2012

Storeslem for Vindafjord i Etne

Maryna Novik, opphaveleg frå Kviterussland, no bondkone i Vikedal i Vindafjord kommune, persa seg med 90 sek. i det 10. "Langs Åkrafjorden".

Publisert Sist oppdatert

Vindafjord og Etne er grannekommunar, men i kvart sitt fylke. Vindafjord i Rogaland og Etne i Hordaland.
I år var det jubileum for det 10. Langs Åkrafjorden. I 24 varmegradar og vekselvis med- og motvind, var det ein tøff batalje for deltakarane. Vinnarane i dameklassen og i herreklassen representerar kvart sitt idrettslag i Vindafjord kommune, Vindafjord Il og Ølen IL.

Maryna Novik i kjempeslag!
Maryna Novik har vore med fleire gonger. Ho vann i fjor også. Men det store for henne denne gongen at ho persa med rundt eitt og eit halvt minutt. Og med det klatra ho opp på 2. plass adelskalendaren for løpet, berre vel eitt minutt bak løyperekorden til Miriam Berg Hovda.

Kristian Heggebø frå Ølen IL i Vindafjord kommune leia løpet frå start til mål. Med tida 39.55 i sitt debutløp langs den vakre Åkrafjorden, kom han inn på Topp 20 lista. Denne lista toppast av to kenyanske løparar og nok ein løpar frå Vindafjord (spring for GTI-Stavanger), Ragnar Stølsmark.

Bergprisen til Maryna og Kristian
Maryna Novik var fyrst opp på høgste punktet av etter 2933 m. Tida hennar var 13.09.
Nr 2 var Tina Barane med tida 14.44 og 3. Elisabeth Totland Lauareid med tida 17.35. Elisabeth måtte seinare bryta.

Kristian Heggebø hadde 12.03, og var då berre 36v sekund føre nr 2 Bjørn-Ketil Sørvik på 12.39. Nr 3 på toppen var Daniel Fiveland på 13.09. Torstein Kjerpeset var her og i mål berre eitt sekund bak.


Arrangøren har fått laga fine skilt og stilte med nyfrisk km-merking.


Fyrstemann på veg mot Bergprisen.

Kristian Heggebø åleine i teten frå start til mål. Her vinn han "Bergprisen" etter 2933 m.


Maryna Novik i veldig god form på veg mot mål. (frå fjorårets løp). Oppdatert artikkel med mange bilete kjem sundag,

Sterk nedgang i deltakartalet
Rundt 150 deltakarar sykla, gjekk eller sprang i den 10. utgåva av jubileumsløpet. Arrangementet vart flott gjennomført, og arrangørane har åre av det som skjedde løpsdagen. Men dei bør ta fatt i årsakene til nedgangen i evalueringsmøtet, slik alle arrangørar bør gjer om ting endrar seg mykje. Mange vil nok synes at 150 deltakarar er bra, men når rekorden er over det dobbelte, bør ein ta ein nøye evaluering. Det mest vanlege når slikt skjer er at ein kjem for seint i gong med PR - arbeidet ogat ein kolliderer med fleire andre arrangement.

Resultat tre beste:
Kvinner:

1. Maryna Novik Vindafjord IL 42.38 (ny pers)
2. Tina Barane Privat 48.30

Menn:
1. Kristian Heggebø, Ølen IL 39.55
2. Bjørn-Ketil Sørvik, 42.35
3. Daniel Fiveland, 44.35

Resultater frå løpsklasse i Langs Åkrafjorden 11. august 2012

Klasse:Nr.StartnrNamnE-namnKlubbFøds.årBERGMÅL
KVINNER:
J 15-161609Elisabeth TotlandLauareidKongsberg IF199717,35Brote
KS1596Maryna NovikVindafjord IL198113,0942,38
KS2598TinaBaraneEtne IL198114,4448,30
MENN:
G 10-121608Tøres RullestadFRI200015,4563,30
G 10-122607VetleLauareid HovdaIFK200219,0978,44
G 10-123606Erik Totland LauareidKongsberg IF200219,1678,51
G 13-141602Kristoffer Melkeraaen HausoGrimo IL199815,0253,24
G 13-142603SondreLauareid HovdaIFK199915,5260,27
MS1601Kristian HeggebøVindafjord IL198812,0339,55
MS2594Daniel FivelandSauda IL199213,0944,35
MS3595Torstein KjerpesetTrio198713:1044,36
MV 35-391592Bjørn KetilSørvikBremnes Seashore197512,3942,35
MV 35-392597Svein ÅgeMikkelsen 197515,4451,55
MV 40-441599VidarMikkelsen 197114,5249,11
MV 40-442591Trygve Bjelland Henriksen IFK196916,5863,27
MV 45-491605Sven KristiansenIFK196315,2453,43
MV 50-541604Per Rune KolåsIFK196117:4059,42
MV 60-641Funksj.SkjalgDuesundIFK194814:5048,27
MV 55-592600HaraldMågeIFK195416,0954,49
MV 60-643Funksj.GisleSellevoldIFK195118,4560,01
MV 65-691593Gunvald GundersenIFK194218,1257,55
.
Powered by Labrador CMS