Pressemelding frå Dag Einar Bøtun i Mensen Ernst Minneløp: 


Mensen Ernst (1795-1843) er ikkje like godt kjent over alt i Noreg, men i bygda Fresvik har han framleis eit stort namn. Mannen frå Fresvik blir rekna som den første toppidrettsutøvaren i Noreg, og han hadde løping som levebrødet sitt i første halvdel av 1800-talet. På Modig Stadion er det reist ein minnestein til ære for Mensen Ernst, og siste helga i juni får han ein dag med hyllest. 

Arrangementet er i all hovudsak tilrettelagt for breidda. Det er lite eller ikkje noko fokus på løyperekordar og klassevinnarar, men det vil vera flotte og unike medaljar til alle som fullfører. Her kan ein velje mellom både rullestolløp, barneløp, stafett og hovudløp. I hovudløpet kan ein vidare velje mellom fire ulike distansar frå 1,5 km til 12 km.

Alle distansane er naturleg nok oppkalla etter Mensen Ernst sine største bragder. Blant stupbratte fjell og djupe fjordar kan du altså følgje i fotspora til Mensen Ernst frå Paris til Moskva (1,5 km), München til Nauplia (3,5 km), Istanbul til Calcutta (6,5 km) eller heile vegen mot Nilen sine kjelder (12 km). Trass i mange ulike distansar og stafett så vil alle saman starte samtidig i ein stor fellesstart, så her blir du ikkje ståande åleine på startstreken!

Dei siste 4 åra har deltakartalet variert mellom 140 og 170 deltakarar, og løpet ligg godt an til deltakarrekord i 2022. Meir info finst på heimesida til Mensen Ernst Minneløp.


Kondis-reportasje frå Mensen Ernst Minneløp 2021

medalje-100-aar.jpgEin Mensen Ernst-medalje vil det vanke til deltakarane. (Foto: arrangøren) 

Starten-2019.jpg
Dei skal ikkje springe like langt som det Mensen Ernst brukte å gjera, men mange let seg likevel inspirere av løparlegenda frå Fresvik. (Foto: arrangøren) 
 

Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957