Buer og Ludvigsen vann

IMG_9006-1

NECON motbakkecup 2012:

TV2 Rosendal Nuten Opp 12.august, som også var NM i motbakkeløp, var avslutnings-arrangementet i NECON Motbakkecup 2012. May Britt Buer og Thorbjørn Thorsen Ludvigsen (biletet) vann både NECON Motbakkecup og NM og kan kalle segmotbakkedronninga og motbakkekongen i Norge! NECON motbakkecup 2012 hadde 192 deltakarar fordelt på sju arrangement.

Publisert Sist oppdatert

Pressemelding frå Necon Motbakkecup:

Dette vart sluttstillinga i cupen, der maks seks av sju løp er poenggjevande:

Menn
1.Thorbjørn Thorsen Ludvigsen BFG-Fana 580
2.Torstein TengsareidSkjalg IL495
3.Tomas BereketLarvik Turn440
4.Johan BuggeEidsvåg Il420
5.Stian Hovind-AngermundVaregg405
Damer
1.May Britt BuerGular IL590
2.Merete WengIL i BUL530
3.May Bente WengIL i BUL515
4.Therese SjursenBFG FANA470
5.Merete HelgheimGloppen FIL 435

I dameklassa har Buer vore best gjennom heile sesongen. Ho har kun blitt slått av Heidi Weng som kun deltok i eitt av norgescupløpa. Søster Merete Weng vann løpet Buer ikkje stilte opp i, elles har det blitt mange 2. og 3.plasser. Mamma May Bente Weng sikra 3.plassen i motbakkecupen med ei sterk plassering i Nuten Opp.

style="font-size: 13px; margin: 0px 0px 20px; padding: 0px; border: 0px; outline: 0px; vertical-align: baseline; color: rgb(13, 13, 13); font-family: 'Helvetica Neue', Arial, 'Liberation Sans', FreeSans, sans-serif; line-height: 16px; ">I herreklassa i cupen har Ludvigsen og Tomas Bereket bytta på å vinne løpa gjennom sesongen. Før Nuten Opp hadde Bereket sprunge eitt løp mindre enn Ludvigsen og hadde i realiteten ingen mulighet til å vinne cupen. Bereket deltok i Fanaråken Opp dagen før Nuten Opp, eit løp som han også vann! Ei svært tøff oppkøyring til Nuten Opp, likevel fekk Bereket 11.beste tid i Nuten Opp og nok poeng til å sikre 3.plassen i norgescupen.

Premiane til vinnarane av NECON motbakkecup::
1. premie: 15 000.-
2. premie: 10 000,-
3. premie: 5 000,-

style="font-size: 13px; margin: 0px 0px 20px; padding: 0px; border: 0px; outline: 0px; vertical-align: baseline; color: rgb(13, 13, 13); font-family: 'Helvetica Neue', Arial, 'Liberation Sans', FreeSans, sans-serif; line-height: 16px; ">Prestasjonane i cupen vil danne grunnlag for uttaket til VM i motbakkeløp i Italia i september.


Foto: Oddny Ringheim
May Britt Buer på toppen av Malmangernuten etter at ho sette løyperekord, vart norgesmeister og vann NECON motbakkecup.


NECON motbakkecup har også ei innlagt juniorklasse (U23). Der vart sluttpoenga slik:

Jenter
1.Karoline Holsen KyteFørde IL375
2.Ingvild SangeslandVindbjart IL130
3.Toini TorkildsenVoss IL76
4.Karoline ErdalFørde IL75
5.Bertine Thorsnes Lefdal IL Bjørn68
Gutar
1.Johan BuggeEidsvåg Il420
2.Asbjørn BerlandSamnanger IL 305
3.Robert BergståSvarstad IL224
4.Gaute KvåleRøldal il110
5.Ole Martin ErdalFørde IL85

Karoline Holsen Kyte vart beste junior på jentesida med deltaking i seks av dei sju løpa i cupen. Ho enda på ein god 6.plass blant alle deltakarane på damesida. Johan Bugge vart beste mannlege junior, klart framfor Asbjørn Berland og Robert Bergstå. Bugge fekk også ein sterk 4.plass blant alle deltakarane og han har også slått Torstein Tengsareid i fleire av løpa. .

Premiane til juniorane er:
1. premie: 5 000.-
2. premie: 3 000,-
3. premie: 2 000,-

Fullstendig poengfordeling finn du her (pdf).

Alt om cupen finn du på http://www.motbakkecup.no/ For spørsmål, kontakt

style="font-size: 13px; margin: 0px 0px 20px; padding: 0px; border: 0px; outline: 0px; vertical-align: baseline; color: rgb(13, 13, 13); font-family: 'Helvetica Neue', Arial, 'Liberation Sans', FreeSans, sans-serif; line-height: 16px; ">Jostein Hatteberg, 489 94 213 / rosendal@fjellstreif.no


Foto:Oddny Ringheim
Dei tre beste NECON Norgescup i motbakkeløp: Frå venstre nummer to Torstein Tengsareid, vinnar Thorbjørn Ludvigsen og nummer tre Tomas Bereket.


Sjå også reportasjen frå Nuten opp 2012.

Powered by Labrador CMS